1Og Israel tok ut med alt det han hadde, og då han kom til Be’erseba, ofra han slagtoffer til honom som var Gud åt Isak, far hans. 2Då tala Gud til Israel i syner um natti, og sagde: «Jakob, Jakob!» Og han svara: «Ja, her er eg.» 3Då sagde han: «Eg er Gud, Gud åt far din. Ver ikkje rædd å fara ned til Egyptarland; for der vil eg gjera deg til eit stort folk. 4Eg skal fara med deg ned til Egyptarland, og eg skal fylgja deg upp att og; det kann du lita på! Og Josef skal leggja att augo dine.» 5So tok Jakob ut frå Be’erseba, og Israels-sønerne køyrde Jakob, far sin, og borni og konorne sine i dei vognerne som Farao hadde sendt til å henta honom i. 6Og dei tok med seg bufeet sitt og godset sitt, som dei hadde lagt seg til i Kana’ans-land. So kom dei til Egyptarland, Jakob og all hans ætt med honom: 7Sønerne og sonesønerne sine, døtterne og sonedøtterne sine, heile si ætt, hadde han med seg til Egyptarland. 8Og dette er namni på Israels-sønerne som kom til Egyptarland, Jakob og sønerne hans: Ruben, eldste son åt Jakob, 9og sønerne åt Ruben: Hanok og Pallu og Hesron og Karmi; 10og sønerne åt Simeon: Jemuel og Jamin og Ohad og Jakin og Sohar og Saul, son åt kananitarkvinna; 11og sønerne åt Levi: Gerson og Kahat og Merari; 12og sønerne åt Juda: Er og Onan og Sela og Peres og Zerah; men Er og Onan døydde i Kana’ans-land - og sønerne åt Peres: Hesron og Hamul; 13og sønerne åt Issakar: Tola og Puva og Job og Simron; 14og sønerne åt Sebulon: Sered og Elon og Jahle’el. 15Dette var sønerne åt Lea; ho fekk deim med Jakob i Mesopotamia, og so Dina, dotter hans. Alle desse sønerne og døtterne hans var tri og tretti i tallet. 16Og sønerne åt Gad: Sifjon og Haggi, Suni og Esbon, Eri og Arodi og Areli; 17Og sønerne åt Asser: Jimna og Jisva og Jisvi og Bria, og so Serah, syster deira; og sønerne åt Bria: Heber og Malkiel. 18Dette var sønerne åt Zilpa, som Laban gav Lea, dotter si; ho fekk deim med Jakob, dei var sekstan i talet. 19Og sønerne åt Rakel, kona hans Jakob: Josef og Benjamin. 20Og Josef fekk born i Egyptarland; han fekk deim med Asnat, dotter åt Potifera, presten i On: dei heitte Manasse og Efraim. 21Og sønerne åt Benjamin: Bela og Beker og Asbel, Gera og Na’aman, Ehi og Ros, Muppim og Huppim og Ard. 22Dette var dei borni som Jakob fekk med Rakel; dei var i alt fjortan. 23Og sønerne åt Dan: Husim; 24og sønerne åt Naftali: Jahse’el og Guni og Jeser og Sillem. 25Dette var sønerne åt Bilha, som Laban gav Rakel, dotter si; ho fekk deim med Jakob, dei var i alt sju. 26Alle dei som kom med Jakob til Egyptarland, og som var ætta ifrå honom, umfram konorne åt sønerne hans, var alt i alt seks og seksti mann. 27Og sønerne åt Josef, som han fekk i Egyptarland, var tvo. Alle som kom til Egyptarland av Jakobs-ætti, var sytti i talet. 28Og han sende Juda fyre seg til Josef, og bad at han vilde syna deim vegen til Gosen. Og so kom dei til Gosenlandet. 29Og Josef let setja fyre vogni si, og for upp til Gosen, til møtes med Israel, far sin; og med same han fekk sjå honom, kasta han seg um halsen på honom, og gret lenge, med armarne um halsen hans. 30Då sagde Israel med Josef: «No vil eg gjerne døy, sidan eg hev set deg i andlitet, og veit at du endå er i live.» 31Og Josef sagde med brørne sine og med farsfolket sitt: «No vil eg upp til Farao og bera fram bod um dette og segja: «Brørne mine og farsfolket mitt, som var i Kana’ans-land, hev kome hit til meg. 32Og desse mennerne er sauehyrdingar; dei hev stødt drive med å ala fe, og sauerne og nauti sine og alt det dei eig, hev dei havt med seg hit.» 33Når so Farao kallar dykk til seg og spør: «Kva hev de til liveveg?» 34so skal de svara: «Fehyrdingar hev tenarane dine vore alt ifrå ungdomen og til no, både me og federne våre» - so de kann få bu i Gosenlandet; for egyptarane hev ein stygg til alle sauehyrdingar.»