1Då Jakob høyrde at det var korn i Egyptarland, sagde han med sønerne sine: «Kvi sit de og stirer på kvarandre? 2Eg hev fenge spurt,» sagde han, «at dei hev korn i Egyptarland. Far no der ned og kjøp korn åt oss, so me kann halda livet og ikkje døy burt!» 3Og brørne hans Josef tok nedigjenom, ti i talet, og vilde kjøpa korn i Egyptarland. 4Men Benjamin, rettebror åt Josef, sende Jakob ikkje av stad med brørne hans; han var rædd det kunde henda honom ei ulukka. 5So kom då Israels-sønerne og vilde kjøpa korn, millom alle dei andre som kom; for det var uår i Kana’ans-land. 6Men Josef var den som rådde i landet. Han var det som selde korn til all landslyden. Og brørne hans Josef kom og lagde seg å gruve for honom. 7Då Josef såg brørne sine, kjende han deim att, men lest ikkje ved vera; han tala strengt til deim og spurde: «Kvar er de frå?» «Frå Kana’ans-land,» sagde dei. «Me kjem og vil kjøpa grjon.» 8Josef kjende att brørne sine, men dei kjende ikkje honom. 9Og Josef laut minnast det som han hadde drøymt um deim, og sagde med deim: «De er njosnarar, de kjem og vil sjå kvar landet er lettast å taka.» 10«Nei, gode herre,» sagde dei; «tenarane dine vil berre kjøpa grjon. 11Me er alle søner åt ein mann. Me er ærlege folk: tenarane dine hev aldri vore njosnarar.» 12«Jau,» sagde han, «de kjem og vil sjå kvar landet er lettast å taka.» 13Då sagde dei: «Tenarane dine er tolv brør og søner åt ein mann i Kana’ans-landet. Og den yngste av oss er no heime hjå far vår, men ein er ikkje til lenger.» 14Då sagde Josef med deim: «Det er som eg hev sagt: De er njosnarar. 15Men no vil eg røyna dykk: So visst som Farao liver, de slepp ikkje herifrå, fyrr yngste bror dykkar kjem hit. 16Ein av dykk skal fara i vegen og henta bror dykkar, og dei andre vil eg halda fengsla, so det kann røynast um det er sant, det de segjer; og er det ikkje det, so er de njosnarar, so visst som Farao liver!» 17So heldt han deim alle saman fengsla i tri dagar. 18Og tridje dagen sagde Josef med deim: «Gjer no som eg segjer, so skal de få liva! Eg hev age for Gud! 19Er de ærlege folk, so skal ein av dykk brør vera att i fangehuset, men de andre kann fara i vegen og hava med dykk korn til livberging for deim som heime er. 20Og den yngste bror dykkar skal de koma hit til meg med, so ordi dykkar kann sannast, og de ikkje skal missa livet.» Og dei so gjorde. 21Og dei sagde seg imillom: «Å ja, ja, kor vel me er verde dette, for det me gjorde mot bror vår! Me såg kor hjarterædd han var, då han bad so vænt for seg, og endå høyrde me ikkje på honom. Difor er me no komne i slik naud.» 22Då tok Ruben til ords og sagde: «Var det ikkje det eg sagde dykk, at de ikkje skulde fara so stygt med guten? Men de vilde ikkje høyra. Og sjå, no kjem hemnen for blodet hans!» 23Men dei visste ikkje at Josef skyna det; for han bruka tolk, når han tala med deim. 24Og han snudde seg frå deim og gret. So kom han innåt deim att, og tala til deim, og han tok Simeon ifrå deim, og batt honom, so dei såg på det. 25Sidan sagde Josef frå, at dei skulde fylla sekkjerne deira med korn og leggja pengarne åt kvar av deim att i sekken hans, og gjeva deim nista med på vegen. Og so vart gjort. 26So klyvja dei kornet på asni sine, og for sin veg. 27Men då ein av deim løyste upp klyvi si og vilde gjeva asnet for på kvilestaden, fekk han sjå pengarne sine: dei låg ovanpå i sekken hans. 28Og han sagde med brørne sine: «Pengarne mine hev kome att! Sjå, her ligg dei i sekken min.» Då vart dei reint ille ved; dei såg på kvarandre og skalv, og sagde: «Kva er det Gud hev gjort mot oss her?» 29So kom dei heim til Jakob, far sin, i Kana’ans-landet, og dei fortalde honom alt det som hadde hendt deim, og sagde: 30«Mannen som råder der i landet, tala strengt til oss, og tok oss for folk som vilde njosna ut landet. 31Då sagde me med honom: «Me er ærlege folk; me hev aldri vore njosnarar. 32Me er tolv brør, alle sønerne åt far vår. Ein av oss er ikkje til lenger, og den yngste er endå heime hjå far vår i Kana’ans-landet.» 33Og mannen som råder der i landet, sagde med oss: «Dette vil eg hava til merke på at de er ærlege folk: Ein av dykk brør skal vera att hjå meg, og de andre kann taka med dykk det de treng til livberging for deim som heime er, og fara i vegen, 34og so lyt de koma til meg att med yngste bror dykkar, so eg fær sjå at de ikkje er njosnarar, men ærlege folk. Då skal de få att bror dykkar, og de kann fara fritt kringum i landet.»» 35Då dei so tømde sekkjerne sine, då fann kvar sitt pengeknyte i sekken sin; dei såg det både dei og far deira, at det var deira eigne pengeknyte, og vart fælne. 36Og Jakob, far deira, sagde med deim: «De gjer meg reint barnlaus; Josef er burte, og Simeon er burte, og no vil de taka Benjamin og ifrå meg; det kjem yver meg, alt dette.» 37Då sagde Ruben med far sin: «Båe sønerne mine kann du drepa, kjem eg ikkje heim til deg att med honom! Gjev honom berre i mine hender! Eg skal hava honom heim att til deg.» 38Men han svara: «Son min skal ikkje fara med dykk der ned. For bror hans er burte, og han er att åleine, og hender det honom nokor ulukka på den vegen de ferdast etter, so kjem de til å senda dei grå håri mine med sorg ned i nåheimen.» Men svolten var hard i landet.