1Og Adam budde saman med Eva, kona si, og ho vart med barn, og åtte Kain. Då sagde ho: «Ein son hev eg fenge av Herren!» 2Sidan åtte ho Abel, bror hans. Og Abel vart sauehyrding, og Kain var jorddyrkar. 3Og det hende, då det leid av ei tid, at Kain bar fram åt Herren ei gåva av grøda på marki. 4Og Abel bar og fram ei gåva, og han gav av frumselambi or fenaden sin og feittet deira. Og Herren såg blidt til Abel og gåva hans, 5men ansa ikkje Kain og hans gåva. Då vart Kain brennande harm, og stirde nedfyre seg. 6Og Herren sagde til Kain: «Kvi er du harm, og kvi stend du og stirer nedfyre deg? 7Hev du godt i tankar, kann du ikkje då lyfta upp augo? Og hev du ikkje godt i tankar, so ligg syndi framfyre døri og lurer. Ho trår etter deg, men du lyt halda henne i age.» 8Og Kain sagde det med Abel, bror sin. Og det gjekk so til, medan dei var utpå marki, at Kain rauk på Abel, bror sin, og slo honom i hel. 9Då sagde Herren til Kain: «Kvar er Abel, bror din?» Og han svara: «Eg veit ikkje. Skal eg gjæta bror min?» 10Då sagde han: «Kva hev du gjort! Høyr, blodet åt bror din ropar til meg frå jordi! 11Og no skal du vera bannlyst frå den jordi som let upp munnen og tok imot blodet åt bror din av di hand. 12Når du dyrkar marki, skal ho ikkje meir gjeva deg sin avle. Heimlaus og fredlaus skal du vera på jordi.» 13Då sagde Kain til Herren: «Skuldi mi er større enn eg kann bera. 14Sjå, du driv meg i dag ut or landet, og eg lyt løyna meg for dine augo og vera heimlaus og fredlaus på jordi, og kven som finn meg, kjem til å slå meg i hel.» 15Då sagde Herren til honom: «Nei! for drep nokon Kain, so skal det hemnast sju gonger.» Og Herren gav Kain eit merke, so dei ikkje skulde slå honom i hel, kven som fann honom. 16So hadde Kain seg utor Herrens augo, og busette seg i eit land som heiter Nod, austanfor Eden. 17Og Kain budde saman med kona si, og ho vart med barn, og åtte Hanok. Sidan tok han seg til å byggja ein by, og kalla byen Hanok, etter son sin. 18Og Hanok vart far til Irad; og Irad fekk sonen Mehujael, og Mehujael fekk sonen Metusael, og Metusael fekk sonen Lamek. 19Og Lamek tok seg tvo konor. Den eine heitte Ada, og den andre heitte Silla. 20Og Ada åtte sonen Jabal. Frå honom er dei ætta dei som bur i tjeldbuder og held buskap. 21Og bror hans heitte Jubal. Frå honom er dei ætta all dei som spelar på harpa og fløyta. 22Og Silla åtte og ein son. Han vart kalla Tubalkain; og han smidde alle slag bitjarn, både av jarn og av kopar. Og syster åt Tubalkain heitte Na’ama. 23Og Lamek kvad til konorne sine: «Ada og Silla, høyr mine ord, Lameks konor, lyd på mi røyst! Ein mann drep eg for kvart sår, og ein svein for kvar skråma eg fær. 24For Kain skal sju gonger hemnast, men Lamek sju-ti og sju.» 25Og Adam budde med kona si som han fyrr hadde gjort, og ho åtte ein son, og kalla honom Set. «For Gud hev sett meg ein annan son i staden hans Abel,» sagde ho, «for di Kain slo honom i hel.» 26Og Set fekk og ein son, og kalla honom Enos. Då tok dei til å kalla på Herren.