1Dina, dotter åt Jakob og Lea, gjekk ein gong ut og vilde sjå på droserne i landet. 2Og Sikem, son åt Hemor, heviten, som var hovding i landet, såg henne, og han tok henne, og låg med henne, og tok æra hennar. 3Og hugen hans stod til Dina, dotter åt Jakob; for han hadde fenge henne kjær. Og han tala blidt til gjenta og hugga henne. 4Sidan tala Sikem til Hemor, far sin, og sagde: «Lat meg få den møyi til kona!» 5Og Jakob fekk høyra at han hadde skjemt ut Dina, dotter hans. Men sønerne hans var med buskapen utpå marki, og Jakob tagde med det, til dei kom heim att. 6Men Hemor, far hans Sikem, gjekk ut til Jakob og vilde tala med honom. 7Sønerne hans Jakob kom heim frå marki, då dei fekk høyra dette. Og det gjorde kararne ilt, og dei var ovleg harme. For han hadde fare skamleg åt mot Israel, med di han hadde lege hjå dotter hans Jakob; slikt skulde aldri henda! 8Då tala Hemor med deim og sagde: «Sikem, son min, hev huglagt dotter dykkar; kjære væne, lat honom få henne til kona! 9Lat oss gifta borni våre i hop: gjev oss døtterne dykkar, og tak de våre døtter. 10Og gjev dykk so til hjå oss. De hev heile landet fyre dykk. De kann få bu her, og fara fritt kring i landet og få dykk eigedomar her.» 11Og Sikem sagde med far hennar og brørne hennar: «Kunde eg berre få gjort dykk blide på meg! Det de krev av meg, skal de få. 12Krev so mykje de vil av meg i festarfe og i benkjargåva! Eg skal gjeva det de vil hava, berre eg fær møyi til kona!» 13Men sønerne hans Jakob svara Sikem og Hemor, far hans, med svikfulle ord, for di han hadde skjemt ut Dina, syster deira. 14«Me kann ikkje gjera det,» sagde dei, «og gjeva syster vår til ein mann som hev huvehold; det vilde vera ei vanæra for oss. 15Berre på det vilkåret kann me laga oss etter dykk, at de vert liksom me, og alle karar hjå dykk vert umskorne. 16Då skal me gjeva dykk døtterne våre, og taka dykkar døtter til konor, og bu hjå dykk, so me vert eitt folk. 17Men vil de ikkje lyda oss og lata dykk umskjera, so tek me syster vår, og fer burt.» 18Og dei tykte vel um ordi deira, både Hemor og Sikem, son hans Hemor. 19Og sveinen drygde ikkje, men gjorde dette. For han heldt av dotter hans Jakob, og han var den gjævaste i heile ætti si. 20So møtte Hemor og Sikem, son hans, til tings i byen sin, og dei tala til bymennerne og sagde: 21«Desse mennerne vil gjerne vera vener med oss. Dei vil gjeva seg til her og fara kring i landet, og de veit at landet er vidt nok åt deim til alle kantar. Me skal taka døtterne deira til konor, og gjeva deim våre døtter. 22Men berre på eitt vilkår vil dei laga seg etter oss og bu hjå oss, so me vert eitt folk, og det er at alle karar hjå oss vert umskorne, som dei er sjølve. 23Buskapen deira og godset deira og klyvdyri deira, vert ikkje alt det vårt, når me berre lagar oss etter deim, so dei gjev seg til hjå oss?» 24Og dei lydde Hemor og Sikem, son hans, alle som åtte heime der i byen; og alle karar, dei som åtte heime der i byen, vart umskorne. 25So hende det den tridje dagen, då dei var sjuke av verken, at tvo av sønerne hans Jakob, Simeon og Levi, sambrørne hennar Dina, tok sverdi sine, og storma inn i byen, medan folki var trygge, og drap alle karar. 26Og dei hogg ned Hemor og Sikem, son hans, med kvasse sverd, og tok Dina ut or huset hans Sikem, og drog burt. 27Sønerne hans Jakob kom yver deim som falne var, og herja byen, for di dei hadde skjemt ut syster deira. 28Dei tok sauerne og nauti deira og asni deira, både det som var i byen og det som var på marki. 29Og alt godset deira og alle borni og kvendi deira rana dei og drog av med, og alt som i husi var. 30Då sagde Jakob med Simeon og Levi: «De hev gjort meg ei stor sorg! De veld at eg fær eit uord på meg hjå landslyden, kananitarne og perizitarne. Me er då berre ein liten flokk, og samlar dei seg imot meg, so kjem dei til å slå meg i hel, og tyna både meg og mitt hus.» 31«Skulde han fara åt med syster vår som med ei skjøkja?» sagde dei.