1Men ormen var sløgaste av alle villdyri, som Herren Gud hadde gjort, og han sagde med kona: «Kann det vera råd at Gud hev sagt, at de ikkje må eta av alle trei i hagen?» 2Og kona sagde med ormen: «Me kann eta av frukterne på trei i hagen, 3men frukti på det treet som er midt i hagen - «den,» sagde Gud, «må de ikkje eta av og ikkje røra; for då skal de døy.»» 4Då sagde ormen med kona: «De skal ikkje døy. 5Men Gud veit vel at den dag de et av frukti, skal augo dykkar opnast, og de skal verta liksom Gud og skyna godt og vondt.» 6Og kona såg at treet var godt å eta av, og tykte det var ein hugnad for augo, og eit gildt tre, med di det kunde gjera ein klok. So tok ho av frukti og åt, og gav mannen sin og med seg, og han åt. 7Då fekk dei augo upp båe tvo, og gådde at dei var nakne. Og dei nesta i hop lauv av fiketreet og sveipte kring livet. 8Og dei høyrde Herren Gud som gjekk i hagen, då det leid imot kvelden og tok til å svalna. Og mannen og kona hans løynde seg for Guds augo millom trei i hagen. 9Då ropa Herren Gud på mannen og sagde til honom: «Kvar er du?» 10Og han svara: «Eg høyrde deg i hagen. Då vart eg rædd, av di eg var naken, og so løynde eg meg.» 11Då sagde han: «Kven sagde deg det, at du er naken? Hev du ete av det treet som eg sagde deg at du ikkje måtte eta av?» 12Og mannen sagde: «Kona som du gav meg til å vera saman med, ho gav meg av treet, og eg åt.» 13Då sagde Herren Gud til kona: «Kva er det du hev gjort!» Og kona sagde: «Ormen lokka meg, og eg åt.» 14Då sagde Herren Gud til ormen: «For di du gjorde det, skal du vera forbanna millom alt bufeet og millom alle villdyri. På buken skal du skrida, og mold skal du eta, alle dine livedagar. 15Og hat vil eg setja millom deg og kvinna, og millom di ætt og hennar ætt. Dei skal krasa ditt hovud, og du skal hogga deim i hælen.» 16Og til kona sagde han: «Stor vil eg gjera di møda, so tidt du er umhender. Med verk og vande skal du eiga born, og etter mannen din skal du stunda, og han skal hava velde yver deg.» 17Og til mannen sagde han: «For di du lydde kona di, og åt av det treet som eg forbaud deg å eta av, so skal jordi vera forbanna for di skuld. Med møda skal du næra deg av henne alle dine livedagar. 18Torn og tistel skal ho bera deg, og du skal eta urterne på marki. 19Med sveiten i andlitet skal du eta ditt brød, til dess du fer i jordi att; for av henne er du teken. For mold er du, og til moldi skal du attende.» 20Og mannen kalla kona si Eva; for ho vart mor åt alle dei livande. 21Og Herren Gud gjorde skinnkjolar til mannen og kona hans og klædde deim med. 22Og Herren Gud sagde: «Sjå, mannen hev vorte som ein av oss til å skyna godt og vondt. Berre han no ikkje retter ut handi, og tek av livsens tre og, og et, og liver i all æva!» 23Og Herren Gud viste honom ut or Edens hage, og sette honom til å dyrka jordi, som han var teken utav. 24Og han dreiv mannen burt, og framfyre Edens hage sette han kerubarne med logande sverd, som dei let brå att og fram: dei skulde vakta vegen til livsens tre.