1Og Isak kalla Jakob inn til seg og velsigna honom, og talde for honom og sagde med honom: «Du skal ikkje taka noko Kana’ans-kvende til kona. 2Gjer deg reidug og far til Mesopotamia, til huset åt Betuel, morfar din: få deg der ei kona, ei av døtterne hans Laban, morbror din. 3Og Gud den Allvelduge velsigne deg, og late ætti di veksa og aukast, so du vert til ein heil flokk med tjoder. 4Han gjeve deg velsigningi åt Abraham, både deg og ætti di med deg, so du kjem til å eiga det landet du no held til i, det som Gud gav Abraham!» 5So bad Isak farvel med Jakob, og han for til Mesopotamia, til Laban Betuelsson, aramæaren, som var bror hennar Rebekka, mor åt Jakob og Esau. 6Då Esau såg at Isak hadde velsigna Jakob og sendt honom til Mesopotamia, av di han vilde at han skulde få seg ei kona derifrå, at han hadde velsigna honom, og talt for honom og sagt: «Du skal ikkje taka noko Kana’ans-kvende til kona!» 7og at Jakob hadde lydt foreldri sine, og fare til Mesopotamia, 8og då Esau såg at Isak, far hans, mislika Kana’ans-kvendi, 9so gjekk han til Ismael, og tok Mahalat, dotter åt Ismael, son hans Abraham, syster åt Nebajot, til kona, attåt dei andre konorne sine. 10Og Jakob tok ut frå Be’erseba, og gav seg på vegen til Kharan. 11So kom han til ein stad som han laut gjeva seg til um natti; for soli var gladd. Og han tok ein av steinarne som låg der, og hadde til hovudgjerd, og lagde seg so til å sova på den staden. 12Då drøymde han, og såg ein stige, som stod på jordi og rakk med øvste enden upp i himmelen, og han såg at Guds englar kleiv upp og ned etter stigen. 13Og sjå: Herren stod uppyver honom og sagde: «Eg er Herren, Gud åt Abraham, godfar din, og Gud åt Isak. Dette landet som du no ligg i, det vil eg gjeva deg og ætti di. 14Og ætti di skal verta som dusti på jordi, og du skal greina deg ut i vest og i aust og i nord og i sud, og i deg og di ætt skal alle folk på jordi velsignast. 15Og sjå, eg skal vera med deg og vara deg kvar du so fer, og leida deg attende til dette landet: eg skal ikkje sleppa deg utor augo, fyrr eg hev gjort det eg hev lova deg!» 16Då Jakob vakna or svevnen, sagde han: «Ja sanneleg er Herren på denne staden, og eg som ikkje visste det!» 17So kom det ein otte yver honom, og han sagde: «Kor ageleg han er, denne staden! Dette må vera Guds hus, og her er porten til himmelen.» 18Um morgonen tidleg reis Jakob upp, og tok den steinen han hadde havt til hovudgjerd, og reiste honom upp til eit merke, og slo olje uppå honom. 19Og han kalla den staden Betel. Men fyrr heitte byen Luz. 20Og Jakob gjorde ein lovnad og sagde: «Er Gud med meg og varar meg på den vegen eg ferdast etter, og gjev meg mat å eta og klæde å klæda meg med, 21og eg kjem vel heim att til huset åt far min, so skal Herren vera min Gud, 22og denne steinen, som eg hev reist upp til eit merke, han skal verta eit gudshus, og av alt du gjev meg, skal eg svara deg tiend.»