1Og Herren såg til Sara, som han hadde sagt, og Herren gjorde for Sara det som han hadde lova. 2Og Sara vart med barn, og fekk ein son med Abraham på hans gamle dagar, den tid som Gud hadde nemnt. 3Og Abraham kalla son sin, den som Sara hadde fenge, Isak. 4Og Abraham umskar Isak, son sin, då han var åtte dagar gamall, som Gud hadde sagt honom fyre. 5Abraham var hundrad år gamall, då Isak, son hans, kom til verdi. 6Og Sara sagde: «Gud hev laga det, so eg lyt læ; og alle som høyrer det, kjem til å læ åt meg. 7Kven skulde vel tenkt seg og sagt det med Abraham, at Sara skulde leggja eit barn til brjostet?» sagde ho, «og no på hans gamle dagar hev eg fenge ein son!» 8Og sveinen voks upp, og ho vande honom av, og Abraham gjorde eit stort gjestebod den dagen Isak vart avvand. 9Og Sara såg at son åt Hagar frå Egyptarland, han som ho hadde fenge med Abraham, ståka og log. 10Då sagde ho med Abraham: «Du skal jaga den terna der og son hennar! For ikkje skal son åt denne terna erva i hop med min son, med Isak.» 11Dei ordi gjorde Abraham hjarteleg ilt for sonen skuld. 12Men Gud sagde til Abraham: «Du skal ikkje hava hugilt for sveinen skuld eller terna skuld! Lyd du Sara i alt ho segjer til deg. For etter Isak skal ætti di heita. 13Og sonen åt terna vil eg og gjera til eit heilt folk, etter di han er ditt barn.» 14Morgonen etter reis Abraham tidleg upp, og tok fram brød og ei hit med vatn; det gav han Hagar, og lagde det på herdarne hennar; og han let henne få sveinen, og bad henne fara. So gjekk ho sin veg, og vingla umkring i Be’erseba-heidi. 15Og vatnet traut i hiti. Då lagde ho sveinen ned under ein runne, 16og sjølv gjekk ho eit stykke burt, som eit bogeskot på lag, og sette seg der. «Eg vil ikkje sjå på at sveinen døyr,» tenkte ho; difor sette ho seg eit stykke ifrå, og ho brast i og gret. 17Men Gud høyrde sveinen øya seg, og Guds engel ropa frå himmelen til Hagar og sagde til henne: «Kva vantar deg, Hagar? Du tarv ikkje ottast! For Gud høyrde sveinen øya seg der han er. 18Reis deg, lyft sveinen upp, og haldt honom fast i handi; eg vil gjera honom til eit stort folk.» 19Og Gud opna augo hennar, so ho såg ein brunn; so gjekk ho dit, og fyllte hiti med vatn, og gav sveinen drikka. 20Og Gud var med sveinen, og han voks upp, og budde i øydemarki, og då han tok til å mannast, vart han bogeskyttar. 21Han slo seg ned i Paranheidi, og mor hans fann ei kona åt honom frå Egyptarland. 22I same tidi hende det at Abimelek og Pikol, som var hovding yver heren hans, kom og sagde med Abraham: «Gud er med deg i alt det du gjer. 23So sver meg no her ved Gud, at du ikkje vil fara med svik mot meg eller mot borni og barneborni mine: liksom eg hev gjort vel imot deg, so skal du gjera vel imot meg og mot det landet du hev fenge tilhald i.» 24Og Abraham sagde: «Ja, det skal eg sverja på!» 25Og Abraham kjærde seg for Abimelek yver den brunnen som drengjerne hans Abimelek hadde rana til seg. 26Då sagde Abimelek: «Eg veit ikkje kven som hev gjort dette. Ikkje hev du sagt meg det, og ikkje hev eg høyrt det heller fyrr no i dag.» 27So tok Abraham både sauer og naut og gav Abimelek, og dei gjorde ei semja seg imillom. 28Og Abraham sette sju gimberlamb av fenaden for seg sjølve. 29Då sagde Abimelek med Abraham: «Kva tyder det at du hev sett desse sju lambi for seg sjølve?» 30«Desse sju lambi skal du hava av meg,» svara han; «det skal vera til vitnemål for meg, at eg hev grave denne brunnen.» 31Difor kalla dei den staden Be’erseba. For der gjorde dei båe eiden. 32So gjorde dei då ei semja i Be’erseba. Og Abimelek og Pikol, hovdingen yver heren hans, tok ut og for heim att til Filistarlandet. 33Og Abraham sette ei tamariska i Be’erseba, og der kalla han på Herren, ævordoms Gud. 34Og Abraham heldt lenge til i Filistarlandet.