1So vart himmelen og jordi fullferda, med heile sin her. 2Og den sjuande dagen fullferda Gud det verket han gjorde, og kvilde, den sjuande dagen, etter alt verket han hadde gjort. 3Og Gud velsigna den sjuande dagen, og gjorde honom heilag; for den dagen kvilde han etter alt sitt verk, det som Gud gjorde då han skapte. 4Dette er soga um himmelen og jordi, då dei vart skapte. Den tid Herren Gud gjorde jord og himmel, 5då fanst det endå ikkje ei grøn buska på jordi, og endå hadde ikkje eit grasstrå runne. For Herren Gud hadde ikkje late det regna på jordi, og der var ingen mann til å dyrka marki. 6Då steig det upp eim or jordi, og dogga all marki. 7Og Herren Gud skapte mannen av mold or marki, og bles livsens ande i nosi hans, og mannen fekk ånd og liv. 8Og Herren Gud gjorde ein hage i Eden, langt aust, og der sette han mannen som han hadde skapt. 9Og Herren Gud let alle slag tre veksa upp av jordi, gilde å sjå til og gode å eta av, og midt i hagen livsens tre og det treet som gjev vit på godt og vondt. 10Og det gjeng ei elv ut ifrå Eden. Ho vatnar hagen, og sidan kløyver ho seg i fire greiner. 11Den fyrste heiter Pison. Det er den som renn kringum heile Havilalandet, der som det er gull. 12Og gullet i det landet er godt. Der er det dei finn bedolahkvåda og sjohamsteinen. 13Og den andre elvi heitte Gihon; det er den som renn kringum heile Kusjland. 14Og den tridje elvi heiter Hiddekel; det er den som gjeng framanfor Assur. Og den fjorde elvi, det er Frat. 15Og Herren Gud tok mannen og sette honom i Eden til å dyrka og varna hagen. 16Og Herren Gud sagde mannen fyre og baud: «Du må gjerne eta av alle trei i hagen. 17Men det treet som gjev vit på godt og vondt, det må du ikkje eta av; for den dag du et av det, skal du døy.» 18Og Herren Gud sagde: «Det er ikkje godt at mannen er einsleg. Eg vil gjeva honom ei hjelp som høver for honom.» 19Og Herren Gud tok av jordi og skapte alle dyri på marki og alle fuglarne i lufti, og han leidde deim fram til mannen og vilde sjå kva han kalla deim; og som mannen kalla kvart kvikjende, so skulde det heita. 20Og mannen gav alt bufeet namn, og fuglarne i lufti og alle villdyri, men for ein mann fann han ingi hjelp som var høveleg. 21Då let Herren Gud ein tung svevn koma på mannen, og medan han sov, tok han eit av sidebeini hans, og fyllte atter med kjøt. 22Og Herren Gud bygde ei kvinna av det sidebeinet han tok av mannen, og leidde henne fram til honom. 23Då sagde mannen: «Dette er då bein av mine bein og kjøt av mitt kjøt. Ho skal kallast kjerring; for ho er teki av ein kar.» 24Difor skal mannen skiljast med far sin og mor si og halda seg hjå kona si, og dei skal verta eitt kjøt. 25Og dei var nakne, både mannen og kona hans, og blygdest ikkje.