1Sidan synte Herren seg for honom i Mamrelunden, medan han sat i døri til tjeldbudi si, midt på heitaste dagen: 2Som han såg upp og skoda utyver, fekk han sjå tri menner som stod framfyre honom. Med same han vart var deim, sprang han imot deim frå buddøri, og bøygde seg nedåt jordi, 3og sagde: «Herre, hev du noko godvilje for meg, so gjer vel og sjå innum åt tenaren din. 4Lat oss få henta noko vatn, so de kann två føterne og kvila dykk her under treet. 5So skal eg finna ein bite mat, som de kann styrkja dykk med, fyrr de fer lenger, sidan det høver seg so at de legg vegen um tenaren dykkar.» Og dei sagde: «Ja, gjer som du segjer!» 6Då skunda Abraham seg inn i budi til Sara og sagde: «Nøyt deg og tak tri settung fint mjøl, og knoda det, og baka kakor!» 7Og burt til buskapen sprang han, og tok ut ein uksekalv som var fin og god; den let han drengen få, og han nøytte seg og laga honom til. 8So tok han rjome og mjølk og kalven som drengen hadde laga til, og sette det fram åt deim, og sjølv stod han hjå deim under treet, medan dei åt. 9Då sagde dei til honom: «Kvar er Sara, kona di?» «Sjå der inni tjeldbudi er ho,» sagde Abraham. 10Då sagde han: «Når det lid ut i årsmotet, kjem eg hit til deg att, og då hev Sara, kona di, fenge ein son.» Og Sara høyrde det i buddøri; for den var attanfor honom. 11Men Abraham og Sara var gamle og ut i åri komne; Sara hadde det ikkje lenger so som kvendi plar hava det. 12Difor log Sara med seg sjølv, og tenkte: «Skulde eg få hug, endå so gamall og skrukkut som eg er? Og mannen min er og til års!» 13Då sagde Herren til Abraham: «Kvi log Sara og tenkte: «Kann dette vera sant, at eg skal eiga barn, eg som er so gamall?» 14Er det noko som er umogelegt for Herren? Til års dette bil kjem eg hit til deg att, og då hev Sara ein son.» 15Men Sara neitta og sagde: «Eg log ikkje.» For ho var rædd. Då sagde han: «Jau, du log.» 16So gjorde mennerne seg ferdige og gjekk, og dei tok leidi burtimot Sodoma; og Abraham gjekk med deim; han vilde fylgja deim på vegen. 17Då sagde Herren: «Kvi skulde eg dylja for Abraham det som eg tenkjer å gjera, 18Abraham som skal verta far til eit stort og sterkt folk? Alle folkeslag på jordi skal velsignast i honom. 19For eg kjenner honom for den mann, at han vil segja til borni sine og til huset sitt etter seg, at dei skal halda seg etter Herrens veg og gjera rett og skil, so Herren kann lata det ganga fram som han hev lova Abraham.» 20Og Herren sagde: «Klageropet yver Sodoma og Gomorra det er øgjelegt, og synderne deira dei er ovleg svære. 21No vil eg ned og sjå um dei hev fare so ille åt som det lydest av det ropet som hev stige upp til meg; og hev dei ikkje det, so fær eg vita det!» 22So snudde mennerne seg og gjekk, og dei tok vegen til Sodoma. Men Abraham stod endå framfor Herren. 23Og Abraham gjekk innåt og sagde: «Vil du då riva burt dei rettvise saman med dei gudlause? 24Um det no var femti rettvise menner i byen? Vil du då riva deim burt, og ikkje spara byen for deira skuld? 25Det er ikkje di vis å fara so åt, drepa den som rettvis er, saman med den som er gudlause, so det gjeng dei rettvise like eins som dei gudlause. So er ikkje di vis! Den som byter rett all jordi yver, skulde ikkje han gjera rett!» 26Då sagde Herren: «Finn eg i Sodoma by femti rettvise menner, so skal eg spara heile byen for deira skuld.» 27Og Abraham tok til ords att og sagde: «Sjå, eg hev våga meg til å tala til Herren min, endå eg er mold og oska! 28Um det no skulde vanta fem på dei femti rettvise mennerne? Vil du då leggja heile byen i øyde for desse fem skuld?» og han svara: «Finn eg fem og fyrti, so skal eg ikkje øydeleggja honom.» 29Og Abraham heldt på og tala til honom, og sagde: «Um det no finst fyrti -?» og han svara: «Eg skal ikkje gjera det, for dei fyrti skuld.» 30Då sagde Abraham: «Herren må ikkje verta vreid, um eg talar! Um det no finst tretti -?» Og han svara: «Eg skal ikkje gjera det, so sant eg finn tretti.» 31Då sagde Abraham: «Sjå, eg hev våga meg til å tala til Herren min! Um det finst no tjuge -?» Og han svara: «Eg skal ikkje øydeleggja byen, for dei tjuge skuld.» 32Då sagde Abraham: «Herren må ikkje verta vreid, um eg talar berre denne eine gongen til! Um det finst no ti -?» Og han svara: «Eg skal ikkje øydeleggja honom, for dei ti skuld.» 33So gjekk Herren burt, då han hadde tala til endes med Abraham. Og Abraham gjekk heim att til seg.