1Brør! um og eit menneskje vert fanga av nokor synd, so må de som er åndelege, retta på honom med spaklyndes ånd; men sjå deg sjølv fyre, at ikkje du og skal vert freista! 2Ber byrderne for kvarandre, og uppfyll soleis Kristi lov! 3For dersom nokon tykkjest vera noko og er då ingen ting, so dårar han seg sjølv. 4Men kvar skal prøva si eigi gjerning, og so skal han hava ros etter det han sjølv er, og ikkje etter likning med den andre; 5for kvar skal bera si eigi byrd. 6Den som vert upplærd i ordet, skal gjeva den som lærer honom alt godt saman med seg! 7Far ikkje vilt! Gud let seg ikkje spotta; for det som eit menneskje sår; det skal han og hausta. 8For den som sår i sitt kjød, skal hausta tjon av kjøtet; men den som sår i Anden, han skal hausta ævelegt liv av Anden. 9Men lat oss ikkje verta trøytte av å gjera det gode! for i si tid skal me hausta, berre me ikkje trøytnar. 10Lat oss då, medan me hev høve til det, gjera det gode mot alle, men mest mot brørne i trui! 11Sjå kor store bokstavar eg skriv med til dykk med mi eigi hand! 12So mange som vil synast gode etter kjøtet, dei nøyder dykk til å verta umskorne, berre for di at dei ikkje skal verta forfylgde for Kristi kross. 13For ikkje ein gong dei som vert umskorne, held lovi sjølve; men dei vil at de skal verta umskorne, so dei kann rosa seg av dykkar kjøt. 14Men det vere langt ifrå meg å rosa meg av anna enn av vår Herre Jesu Kristi kross; for honom er verdi krossfest for meg, og eg for verdi. 15For korkje umskjering eller fyrehud er noko, men berre ein ny skapning. 16Og so mange som gjeng fram etter denne rettesnor, fred og miskunn vere yver deim og yver Guds Israel! 17Heretter må ingen gjera meg bry! for eg ber Jesu merke på min likam. 18Vår Herre Jesu Kristi nåde vere med dykkar ånd, brør! Amen.