1Til fridom hev Kristus frigjort oss; statt difor faste og lat deim ikkje få dykk inn att under trældoms ok! 2Sjå, eg, Paulus, segjer dykk, at um de let dykk umskjera, so vil Kristus inkje gagna dykk. 3Atter vitnar eg for kvart menneskje som let seg umskjera, at han er skuldig til å halda heile lovi. 4De som vil verta rettferdiggjorde ved lovi, de er skilde frå Kristus, de er falne ut or nåden. 5For i trui ventar me i Anden på det som rettferdi gjev oss von um; 6for i Kristus Jesus gjeld korkje umskjering eller fyrehud noko, men berre tru som er verksam i kjærleik. 7De heldt godt fram; kven hindra dykk frå å lyda sanningi? 8Denne yverteljingi er ikkje frå honom som kalla dykk. 9Ein liten surdeig syrer heile deigen. 10Eg hev den tiltru til dykk i Herren, at de inkje anna vil tenkja. Men den som forviller dykk, han skal få sin dom, kven han so er. 11Men eg, brør, um eg enno forkynner umskjering, kvi vert eg endå forfylgd? då er vel krossens støytestein burtteken. 12Gjev dei måtte skjera seg sjølve sund, dei som eggjar dykk upp! 13For de, brør, er kalla til fridom. Bruk berre ikkje fridomen til høve for kjøtet; men ten kvarandre i kjærleik! 14for heile lovi er uppfyllt i eitt bod, i dette: «Du skal elska næsten din som deg sjølv!» 15Men dersom de bit og et kvarandre, so sjå til at de ikkje et kvarandre upp! 16Men eg segjer: Ferdast i Anden, so skal de ikkje fullføra kjøtsens lyst! 17For kjøtet er huga tvert imot Anden, men Anden imot kjøtet; for desse stend imot kvarandre, so de ikkje skal gjera det som de vil. 18Men dersom de vert drivne av Anden, då er de ikkje under lovi. 19Men kjøtsens gjerningar er openberre, slike som: Utukt, ureinskap, lauslivnad, 20avgudsdyrking, trolldom, fiendskap, kiv, ovund, vreide, stridssykja, tvidrag, sundringar, 21misunning, mord, drykk, svir og meir slikt; um dette segjer eg dykk fyreåt, likesom eg fyrr hev sagt, at dei som fer med slikt, skal ikkje erva Guds rike. 22Men Andens frukt er kjærleik, gleda, fred, langmod, mildskap, godleik, truskap, 23[Stu21: 22] spaklynde, fråhald. [Stu21: 23] Mot slike er ikkje lovi. 24Men dei som høyrer Kristus Jesus til, dei hev krossfest kjøtet med fysnorne og lysterne. 25Liver me i Anden, so lat oss og ferdast i Anden! 26Lat oss ikkje søkja fåfengd æra, so me eggjar kvarandre og ovundar kvarandre!