1Då den sjuande månaden kom, og Israels-sønerne budde i sine byar, samla dei seg i Jerusalem alle som ein mann. 2Og Jesua Josadaksson og prestarne, brørne hans, og Zerubbabel Sealtielsson og hans brør tok til å byggja altaret åt Israels Gud, so dei kunde få ofra brennoffer på det, soleis som det er fyreskrive i lovi åt gudsmannen Moses. 3Dei sette altaret på den staden det fyrr hadde vore; for dei hadde fenge rædsla i seg for folki som budde i landet. Og dei ofra brennoffer til Herren på alteret, brennoffer morgon og kveld. 4So heldt dei lauvhyttehelg etter som det er fyreskrive, og bar fram brennoffer dag for dag etter sitt tal, so mange som det var fastsett for kvar dag. 5Sidan ofra dei det dagvisse brennofferet og dei offer som høyrde til nymånaderne og alle Herrens heilage høgtider; sameleis kvar gong nokon kom godviljugt og bar fram offer til Herren. 6Frå fyrste dagen i sjuande månaden tok dei til å ofra brennoffer til Herren; fyrr dei endå hadde lagt grunnen til Herrens tempel. 7Sidan gav dei steinhoggarane og timbremennerne pengar, og til Sidons-sønerne og Tyrus-mennerne gav dei matvaror og drikkevaror og olje, for dei skulde føra cedertre frå Libanon sjøvegen til Jafo, etter ei fullmagt som dei hadde fenge hjå Kyrus, persarkongen. 8I andre månaden i Året etter dei var komne heim til Guds hus i Jerusalem, tok dei til med verket. Zerubbabel Sealtielsson og Jesua Josadaksson og dei andre prestarne og levitarne, brørne deira, og elles alle dei som var komne til Jerusalem frå utlægdi, sette levitar som var tjuge år gamle og deryver, til å hava tilsyn med arbeidet på Guds hus. 9Og Jesua med sønerne og brørne sine, og Kadmiel med sine søner, Juda-sønerne, alle som var sette til å hava uppsyn med deim som bygde på Guds hus, sameleis Henadads-sønerne med sine søner og brør, levitarne. 10Bygningsmennerne lagde grunnvollen til Herrens hus, og imedan stod prestarne uppyver med lurar og fullt skrud, og levitarne, Asafs-sønerne, stod med cymblar; dei vilde prisa Herren soleis som David, Israels-kongen, hadde lært deim. 11Dei song lov og takk til Herren, av di han er god og hans miskunn mot Israel varer æveleg. Og alt folket sette i med høge fagnadrop, og prisa Herren av di grunnvollen var lagd til Herrens hus. 12Men mange av prestarne og levitarne og ættarhovdingarne, dei gamle som hadde set det fyrre huset, gret høgt då dei såg på at grunnvollen til dette huset vart lagd; men mange var so glade at dei ropa høgt av fagnad. 13Det var rådlaust for folket å skilja frå kvartanna fagnadropi og folkegråten; for folket sette i med velduge fagnadrop, og omen av dette lyddest langan leid.