1Og dette er namni på ætterne: Frå nordenden - vest ved Storhavet - langs med Hetlonvegen til dit som ein gjeng til Hamat, Hasar-Enan attmed Damaskus-skilet, der skal dei eiga frå austsida til havet: Dan, ein lut. 2Frammed Dan-skilet, frå austsida til vestsida: Asser, ein lut. 3Frammed Asser-skilet, frå austsida til vestsida: Naftali, ein lut. 4Frammed Naftali-skilet, frå austsida til vestsida: Manasse, ein lut. 5Frammed Manasse-skilet, frå austsida til vestsida: Efraim, ein lut. 6Frammed Efraim-skilet, frå austsida til vestsida: Ruben, ein lut. 7Frammed Ruben-skilet, frå austsida til vestsida: Juda, ein lut. 8Frammed Juda-skilet, frå austsida til vestsida, skal vera den gåva som de skal gjeva, fem og tjuge tusund breid og so langt som ein av luterne åt ætterne frå austsida til vestsida, og midt der inni skal heilagdomen vera. 9Den gåva som de skal gjeva Herren, skal vera fem og tjuge tusund lang og ti tusund breid. 10Og åt desse skal den heilage gåva vera: Åt prestarne: i nord fem og tjuge tusund og i vest ti tusund på breiddi, og i aust ti tusund på breiddi, og i sud fem og tjuge tusund på lengdi. Og midt der inni skal Herrens heilagdom vera. 11Åt prestarne som er helga utav Sadoks-sønerne, dei som tok vare på tenesta mi og ikkje for vilt då Israels-borni villa seg burt, soleis som levitarne villa seg burt, 12åt deim skal gåva vera utav jordgåva, eit høgheilagt stykke frammed skilet mot levitarne. 13Og levitarne skal hava, frammed skilet mot prestarne, fem og tjuge tusund på lengdi og ti tusund på breiddi; all lengdi skal vera fem og tjuge tusund og breiddi ti tusund. 14Og dei skal ikkje selja noko av det, og ikkje skal noko bytast burt, og landsens fyrstegrøda må ikkje ganga yver i annan manns eiga, for ho er vigd Herren. 15Og dei fem tusund som er att av breiddi, frammed dei fem og tjuge tusund, skal vera uvigd, åt byen, til bustader og til utmark, og byen skal liggja der i midten. 16Dette er då målet på honom, nordsida fire tusund og fem hundrad og sudsida fire tusund og fem hundrad, austsida fire tusund og fem hundrad, og vestsida fire tusund og fem hundrad. 17Og det skal vera utmark åt byen: nordetter tvo hundrad og femti, og sudetter tvo hundrad og femti, og austetter tvo hundrad og femti, og vestetter tvo hundrad og femti. 18Og det som vert att på lengdi frammed den heilage gåva: ti tusund austetter og ti tusund vestetter - for det skal vera frammed den heilage gåva - grøda av det skal vera til brød åt arbeidsfolket i byen. 19Og arbeidsfolket i byen, av alle ætterne i Israel, dei skal bruka det. 20Heile gåva skal vera fem og tjuge tusund på lengdi og fem og tjuge tusund på breiddi; som ein firkant skal de gjeva den heilage gåva med by-eiga. 21Og det som vert att, skal vera åt fyrsten, på båe sidorne av den heilage gåva og by-eiga, frammed luten på fem og tjuge tusund, alt burtåt austskilet og vestetter frammed dei fem og tjuge tusund, alt burtåt vestskilet jamsides med luterne åt ætterne; det skal vera åt fyrsten. Og den heilage gåva og husens heilagdom skal liggja midt imillom. 22Det som då ligg millom Juda-skilet og Benjamin-skilet - med levit-eiga og by-eiga i midten - det skal vera åt fyrsten. 23So kjem hine ætterne: Frå austsida til vestsida: Benjamin, ein lut. 24Og frammed Benjamin-skilet, frå austsida til vestsida: Simeon, ein lut. 25Og frammed Simeon-skilet, frå austsida til vestsida: Issakar, ein lut. 26Frammed Issakar-skilet, frå austsida til vestsida: Sebulon, ein lut. 27Frammed Sebulon-skilet, frå austsida til vestsida: Gad, ein lut. 28Frammed Gad-skilet, på sudsida, i sud: der skal skilet ganga frå Tamar, yver Meribavatni attmed Kades, til bekken, alt burtåt Storhavet. 29Dette er det landet som de skal skifta ut av odelen åt ætterne i Israel, og dette er luterne deira, segjer Herren, Herren.» 30Og dette er utgrensa åt byen: På nordsida fire tusund og fem hundrad på mål. 31Og byportarne, uppkalla etter ætterne i Israel: Tri portar i nord: Ruben-porten, ein; Juda-porten, ein; Levi-porten, ein. 32Og på austsida: fire tusund og fem hundrad, og tri portar: Josef-porten, ein; Benjamin-porten, ein; Dan-porten, ein. 33Og sudsida: fire tusund og fem hundrad på mål, og tri portar: Simeon-porten, ein; Issakar-porten ein; Sebulon-porten, ein. 34Vestsida: fire tusund og fem hundrad; dei tri portarne der: Gad-porten, ein; Asser-porten, ein; Naftali-porten, ein. 35Rundt ikring: attan tusund. Og namnet på byen skal vera frå den dagen: «Herren er der».