1Herrens hand kom yver meg, og han førde meg i Herrens ande og sette meg ned midt i dalen, som no var full av bein. 2Og han let meg ganga framum deim rundt ikring, og sjå, det var ei ovmengd av deim utyver dalen, og sjå, dei var ovleg turre. 3Og han sagde med meg: «Menneskjeson! Skal tru dei vil livna upp att, desse beini?» Og eg sagde: «Herre, Herre, du veit det.» 4Og han sagde med meg: «Spå yver desse beini! Og seg med deim: De turre bein, høyr Herrens ord! 5So segjer Herren, Herren, med desse beini: Sjå, eg let ånd koma i dykk, og de skal livna upp att. 6Og eg vil setja senar på dykk og lata det koma kjøt på dykk og draga hud yver utanpå dykk og gjeva ånd i dykk, og de skal livna upp att. Og de skal sanna at eg er Herren.» 7Og eg spådde so som eg var fyresagd. Då vart det ei skråving medan eg spådde, og sjå, det tok til å braka, og beini drog seg imot kvarandre, bein til bein. 8Og eg såg, og sjå, det kom senar og kjøt på deim, og det drog seg hud utanpå deim. Men ånd var det ikkje i deim. 9Og han sagde med meg: «Spå til anden! Spå, menneskjeson, og seg med anden: So segjer Herren, Herren: Kom, du ande, frå dei fire vindar og anda på desse drepne menner, so dei kann livna upp att!» 10Og eg spådde so som han sette meg til. Og anden kom i deim, og dei livna, og dei stod på føterne sine, ein ovleg, ovleg stor her. 11Og han sagde med meg: «Menneskjeson! Desse beini, dei er heile Israels-lyden. Sjå, dei segjer: «Turre er våre bein; vår von vart um inkje, det er ute med oss.» 12Spå difor og seg med deim: So segjer Herren, Herren: Sjå, eg opnar graverne dykkar og let dykk, lyden min, risa upp or graverne dykkar, og eg vil føra dykk til Israels land. 13Og de skal sanna at eg er Herren når eg opnar graverne dykkar og let dykk, folket mitt, risa upp or graverne dykkar. 14Og eg vil senda min ande i dykk, og de skal livna upp att, og eg vil lata dykk få bu i landet dykkar. Og de skal sanna at eg er Herren; eg hev tala og vil setja det i verk, segjer Herren.» 15Herrens ord kom til meg; han sagde: 16Og du, Menneskjeson! Tak deg ein trestav og skriv på honom: «For Juda og dei Israels-born som er med honom.» Og tak deg ein annan stav og skriv på honom: «For Josef, ein stav for Efraim og all Israels-lyden som er med honom!» 17Legg deim so i hop, ein attåt hin, so du fær deim til ein stav, og dei vert til eitt i handi di. 18Og når landsmennerne dine segjer til deg: «Vil du ikkje lata oss få vita kva du meiner med dette?» 19tala då til deim: «So segjer Herren, Herren: Sjå, eg tek Josefs stav, som er i Efraims hand, og Israels ætter som er med honom, og eg legg deim attåt Judas stav og gjer deim til ein stav, so dei vert til eitt i handi mi.» 20Og stavarne som du skriv på, skal du halda i handi di framfor augo på deim. 21Og du skal tala til deim: «So segjer Herren, Herren: Sjå, eg tek Israels-borni burt frå dei folki som dei for til, og eg vil samla deim frå alle stader og føra deim inn i landet sitt. 22Og eg vil gjera deim til eitt folk i landet, på Israelsfjelli, og ein konge skal vera konge yver deim alle, og dei skal aldri meir vera tvo folk, og aldri meir vera sundbytte i tvo rike. 23Og dei skal aldri meir sulka seg med dei ufysne avgudarne sine og med styggjorne sine eller med nokor av alle misgjerningarne sine. Og eg vil fri deim ut frå alle sine bustader, der dei hev synda, og eg vil reinsa deim, og dei skal vera mitt folk, og eg vil vera deira Gud. 24Og min tenar David skal vera konge yver deim, og ein hyrding skal vera åt deim alle. Og i mine lover skal dei ferdast, og mine bod skal dei halda og gjera etter deim. 25Og dei skal bu i det landet som eg gav min tenar Jakob, der som federne dykkar budde. Dei skal bu i det, dei sjølve og borni deira og barneborni deira, æveleg, og David, min tenar, skal vera deira fyrste, æveleg. 26Og eg vil gjera ei fredspakt med deim, ei ævepakt med deim skal det vera. Og eg vil busetja deim og lata deim aukast og setja min heilagdom midt ibland deim æveleg. 27Og min bustad skal vera yver deim, og eg skal vera deira Gud, og dei skal vera mitt folk. 28Og folki skal sanna at eg er Herren som helgar Israel, når min heilagdom vert verande millom deim æveleg.»