1Og du menneskjeson! Spå um Israelsfjelli! Og du skal segja: Det Israelsfjell, høyr Herrens ord! 2So segjer Herren, Herren: For di fienden sagde: «Hå, hå!» yver dykk, og: «Dei ævelege haugar hev vorte vår eiga,» 3difor spå og seg: So segjer Herren, Herren: Etter di, ja, etter di dei avøyder dykk og glefser etter dykk frå alle leider, so hine folki kann eigna dykk til seg, og etter di de er komne på folketunga og hev fenge eit låkt ord på dykk ibland folk, 4difor, de Israelsfjell, høyr Herrens, Herrens ord! So segjer Herren, Herren, med fjelli og med haugarne, med gili og dalarne og med røysarne på dei aude tufterne og med øydebyarne som hev vorte til ran og spott for hine folki som er der ikring, 5difor, so segjer Herren, Herren: Sanneleg, i min brennande harm hev eg tala mot hine folki og mot Edom, som hev etla seg landet mitt til eiga - med heile si hjartans gleda, med vanvyrdnad i si sjæl - so dei kunde driva ut deim som budde der og so rana det. 6Difor, spå um Israels land og seg med fjelli og med haugarne, med gili og med dalarne: So segjer Herren, Herren: Sjå, i mitt åbry og i min harm hev eg tala, etter di de hev lote tolt skjemsla frå folki. 7Difor, so segjer Herren, Herren: Eg rette handi mi i veret på det: Sanneleg, folki som bur kringum dykk, skal sjølv ljota bera si skjemsla! 8Men de, Israelsfjell, skal skjota dykkar greiner og bera dykkar frukt åt mitt folk Israel; for snart skal dei koma heim att. 9For sjå, eg vil finna dykk, eg vil snu meg åt dykk, og de skal verta dyrka og sådde. 10Og eg vil føra ei mengd med menneskje upp på dykk, all Israels-lyden, og byarne skal atter få folk, og øydestaderne verta bygde å nyo. 11Og eg vil gjera dykk rike på folk og fe, og dei skal aukast og verta rike på avkjøme. Og eg vil gjeva dykk folkerike bygder som fyrr i tidi, og eg vil gjera dykk endå meir godt enn i dykkar fyrste tider, og de skal sanna at eg er Herren. 12Og eg vil lata menneskje, mitt folk Israel, ferdast på dykk, dei skal taka deg til eiga, og du skal vera deira odel. Og du skal aldri meir gjera deim barnlause. 13So segjer Herren, Herren: Etter di dei segjer um deg: «Ein mann-etar er du, og barnlaus hev du gjort dine folk,» 14difor skal du aldri meir eta menneskje og aldri meir gjera folki dine barnlause, segjer Herren, Herren. 15Og aldri meir let eg deg høyra skjemsla frå folki, og vanvyrdnad frå folkeslagi skal du aldri meir turva tola, og folki dine skal du aldri meir få til å snåva, segjer Herren, Herren. 16Og Herrens ord kom til meg; han sagde: 17Menneskjeson! Israels-lyden budde i landet sitt, og dei sulka det med si åtferd og sine verk; som ureinskapen hjå kvinna når ho hev sine tider, so var deira åtferd for mi åsyn. 18Då rende eg ut min harm yver deim for det blod som dei hadde rent ut yver landet, og for di dei hadde sulka det med dei ufysne avgudarne sine. 19Og eg spreidde deim millom folki, og dei vart strådde i landi; etter deira åtferd og verk dømde eg dei. 20Då dei kom til dei folki som dei for til, då vanhelga dei mitt heilage namn, med di det vart sagt um deim: «Dette er Herrens folk, men ut or landet hans laut dei fara.» 21Då gjorde det meg ilt for mitt heilage namn som Israels-lyden hadde vanhelga millom dei folki som dei var komne til. 22Seg difor med Israels-lyden: so segjer Herren, Herren: Ikkje for dykkar skuld, du Israels-lyd, gjer eg det, men for mitt heilage namn skuld, som de hev vanhelga millom dei folki som de er komne til. 23Og eg vil helga mitt store namn som vart vanhelga millom folki med di de vanhelga det ibland deim. Og folki skal sanna at eg er Herren, segjer Herren, Herren, når eg helgar meg på dykk for augo deira. 24Og eg vil henta dykk frå folki og sanka dykk ut or alle landi og flytja dykk til dykkar eige land. 25Og eg vil skvetta reint vatn på dykk, so de vert reine; frå all dykkar ureinska og frå alle dykkar ufysne avgudar vil eg reinsa dykk. 26Og eg vil gjeva dykk eit nytt hjarta, og ei ny ånd vil eg gjeva inni dykk, og eg vil taka burt steinhjarta or dykkar kjøt og gjeva dykk eit kjøthjarta. 27Og min ande vil eg gjeva inni dykk, og eg vil få dykk til å ferdast i mine bod og til å halda loverne mine og gjera etter deim. 28Og de skal bu i det landet som eg gav federne dykkar. Og de skal vera mitt folk, og eg skal vera dykkar Gud. 29Og eg vil fria dykk frå all dykkar ureinska. Og eg vil kalla på kornet og gjera det follrikt og ikkje senda svolt på dykk. 30Og eg vil mangfalda frukti på trei og grøda på marki, so de ikkje lenger skal taka mot skjemsla frå folki for svolt. 31Då skal de minnast dykkar vonde åtferd og dykkar verk, som ikkje var gode. Og de skal styggjast ved dykk sjølve for dykkar misgjerningar og styggjor. 32Ikkje for dykkar skuld gjer eg det, segjer Herren, Herren, det vere dykk kunnigt! De må blygjast og skjemmast av åtferdi dykkar, du Israels-lyd. 33So segjer Herren, Herren: Den dagen eg reinsar dykk frå alle dykkar misgjerningar, vil eg gjeva byarne folk, og husi som ligg i røysar, skal verta uppatt-bygde. 34Og øydeland skal verta dyrka, i staden for at det var ei audn for augo på kvar mann som gjekk framum. 35Då skal dei segja: «Dette land som var i øyde lagt, er vorte som Eden-hagen, og byarne som låg i røyser og var øydelagde og nedrivne, er no kringmura og hev sine ibuarar.» 36Og dei skal sanna, dei folki som vert att rundt ikring dykk, at eg, Herren, hev bygt upp att det nedrivne, hev planta i det aude landet. Eg, Herren, hev tala, og eg set det i verk. 37So segjer Herren, Herren: I dette og vil eg lata Israels born finna meg, so eg gjer det for deim: Eg let menneskje aukast som ein saueflokk. 38Som ein heilag saueflokk, som Jerusalems-sauer i høgtiderne, soleis skal dei aude byarne verta: fulle med manneflokkar. Og dei skal sanna at eg er Herren.