1Og han sagde med meg: «Menneskjeson! Et det du finn! Et denne bokrullen, og gakk, tala til Israels-lyden!» 2Og eg let upp min munn, og han gav meg denne bokrullen å eta. 3Og han sagde med meg: «Menneskjeson! Din buk skal du metta, og dine innvolar skal du fylla med denne bokrullen som eg gjev deg.» Og eg åt, og han var i munnen min søt som honning. 4Og han sagde med meg: «Menneskjeson! Gakk av stad til Israels hus og tala til deim med mine ord! 5For du vert ikkje send til eit folk med ugreidt mål og tungmælt tunga, men til Israels-lyden. 6Ikkje til mange folkeslag med ugreidt mål og tungmælt tunga, so du ikkje skynar ordi deira, i sanning, um eg sende deg til deim, so skulde dei høyra på deg. 7Men Israels-lyden skal ikkje vilja lyda på deg, for dei vil ikkje lyda på meg. For all Israels-lyden - harde skallar og stinne hjarto hev dei. 8Sjå, eg gjer di åsyn hard mot deira åsyn og di panna hard mot deira pannor. 9Som demant, hardare enn stein, gjer eg di panna. Du skal ikkje ottast deim og ikkje vera forfærd framfor deira åsyn, for ei tråssug ætt er dei.» 10Og han sagde med meg: «Menneskjeson! Alle mine ord som eg talar til deg, tak deim inn i ditt hjarta og høyr deim med dine øyro! 11Og gakk av stad til dei burtførde, til ditt folks born, og tala til deim og seg med deim: So segjer Herren, Herren - anten dei vil lyda på eller ei.» 12Då lyfte åndi meg upp, og eg høyrde attanfor meg ein dynjande sterk ljom: «Lova vere Herrens herlegdom frå den staden der han er!» 13likeins ljomen av dei fire livende, når vengjerne deira møttest, og ljomen av hjuli attmed deim, ein dynjande sterk ljom. 14Åndi lyfte meg då upp og tok meg med, og eg for av stad, hugsår og uppøst i mi ånd, og Herrens hand var sterk yver meg. 15Og eg kom til dei burtførde i Tel-Abib som budde attmed Kebarelvi, til den staden der dei budde, og der sat eg hjå deim i tri dagar, hugstolen og reint ifrå meg. 16So hende det etter sju dagar at Herrens ord kom til meg; han sagde: 17«Menneskjeson! Til vaktar hev eg sett deg for Israels-lyden; når du då høyrer eit ord frå min munn, skal du vara deim åt frå meg. 18Når eg segjer til den ugudlege: «Du skal døy,» og du ikkje varar honom åt, og ikkje talar og varar den ugudlege åt for hans ugudlege veg, til frelsa for hans liv, då skal han, den ugudlege, døy for si misgjerning, men hans blod vil eg krevja av di hand. 19Og når du varar den ugudlege, men han vender ikkje um frå si gudløysa og frå sin ugudlege veg, då skal han døy for si misgjerning, men du hev berga di sjæl. 20Og når ein rettferdig vender seg frå si rettferd og gjer urett, so vil eg leggja støyt framfor hans åsyn; - han skal døy. Um du ikkje hev vara honom åt, skal han døy i si synd, og den rettferdi som han gjorde, skal ikkje verta ansa, men hans blod vil eg krevja av di hand. 21Men um du hev vara den rettferdige, at rettferdig mann skal ikkje synda, og han då ikkje syndar, då skal han liva, sidan han let seg vara, og du hev berga di sjæl.» 22Og Herrens hand kom der yver meg, og han sagde med meg: «Statt upp og gakk ut i dalen, der vil eg tala med deg.» 23Og eg stod upp og gjekk ut i dalen. Og sjå, der stod Herrens herlegdom lik den herlegdomen eg såg attmed elvi Kebar. Og eg fall ned på mitt andlit. 24Men åndi kom i meg og reiste meg upp på føterne. Og han tala med meg og sagde til meg: «Gakk og steng deg inne i huset ditt! 25Og du, menneskjeson. Sjå, dei skal binda deg med tog og setja deg fast med deim, so du ikkje kjem deg ut til å vera i lag med deim. 26Og tunga di let eg hanga fast ved gomerne dine, so du vert mållaus og ikkje vert deim ein refsingsmann. For ei tråssug ætt er dei. 27Men når eg talar med deg, vil eg opna munnen din; då skal du segja til deim: So segjer Herren, Herren: Den som vil lyda på, han lyde, og den som ikkje vil gjeva gaum, han late vera! For ei tråssug ætt er dei.»