1So hende det i det ellevte året, den fyrste dagen i månaden, at Herrens ord kom til meg; han sagde: 2Menneskjeson! Av di Tyrus segjer um Jerusalem: «Hå, hå! I sund er folkeporten broten, til meg er han no flutt; eg vert fyllt sidan han er øydelagd,» 3difor, so segjer Herren, Herren: Sjå, eg skal finna deg, Tyrus, og let mange folkeslag koma veltande upp yver deg, likeins som havet kjem veltande med bårorne sine. 4Og dei skal brjota ned murarne kring Tyrus og riva ned tårni, og eg vil sopa dusti av tufterne, og gjera byen til eit snaudt svadberg. 5Ein stad til å greida garn på skal det verta der uti havet, for eg hev tala, segjer Herren, Herren. Og det skal verta til herfang åt folki. 6Og døtterne som er på innlandet, skal verta drepne med sverd. Og dei skal sanna at eg er Herren. 7For so segjer Herren, Herren: Sjå, eg sender mot Tyrus Nebukadressar, Babel-kongen, frå Norderlandi, kongen yver kongarne, med hestar og med vogner og med hestfolk og med ein her og mykje folk. 8Døtterne dine på innlandet skal han drepa med sverd. Og han skal gjera ein åtaksmur deg og kasta upp ein voll imot deg og reisa upp eit skjoldtak imot deg. 9Og murstangaren sin skal han setja mot murarne dine, og tårni dine skal han brotja ned med jarni sine. 10Hans hestar i mengd skal hylja deg i dumba. Gnyen av hestfolk og hjul og vogner fær murarne dine til å dirra, når han fer inn gjenom portarne dine, sameleis som når ein fer inn i herteken by. 11Med hovarne sine skal hestarne hans trakka ned alle gatorne dine. Lyden din skal han slå i hel med sverd, og dei sterke stolparne dine skal stupa til jordi. 12Og dei skal rana din rikdom og gjera dine varor til herfang og brjota ned dine murar, og dine hugnadlege hus skal dei riva ned. Og steinarne dine og treverket ditt og dusti etter deg skal dei kasta beint på sjøen. 13Og ljoden av songarane dine let eg tagna, og ljomen av cithrarne dine skal ein aldri meir høyra. 14Og eg vil gjera deg til ei bert svadberg, ein stad til å greida garni på skal du verta; du skal aldri verta uppatt-bygd. For eg, Herren, hev tala, segjer Herren, Herren. 15So segjer Herren, Herren med Tyrus: Skal ikkje havstrenderne bivra for omen av ditt fall, når gjenomstungne styn, når dei drep og myrder midt inni deg? 16Då skal dei stiga ned av sine høgsæte alle fyrstarne på havet, og dei skal leggja av seg kåporne sine og taka av seg sine rosesauma klæde. I skjelte skal dei klæda seg, på jordi skal dei sitja og skjelva kvar augneblink og ræddast yver lagnaden deg. 17Og dei skal setja i med ein syrgjesong og segja til deg: «Korleis er du lagd i øyde, du som sjømanna bustad, byen den fræge, som hadde magti på havet, både du og dine ibuarar, som skaut skjelk i bringa på alle som budde der? 18No skjelv dei, øyarne, den dagen du fell, og utøyarne i havet tek fæla av di endelykt.» 19For so segjer Herren, Herren: Når eg gjer deg til ein øydestad, lik byar der ingen bur, når eg sender dragsudi uppetter deg og let storhavet gøyma deg, 20då støyper eg deg ned med deim som i gravi fer ned, til folket frå fordom, og let deg bu i nedheimen, i audner frå æva, med deim som fer ned i gravi, so ingen skal bu i deg; men eg vil gjeva pryda i landet åt dei livande. 21Til ei skræma vil eg gjera deg, og so er du upp i inkje, og ein skal leita etter deg, men ikkje finna deg i all æva, segjer Herren, Herren.