1Og Herrens ord kom til meg; han sagde: 2Menneskjeson! Spå mot profetarne i Israel, som spår, og seg med deim som spår utav eige hjarta: Høyr Herrens ord! 3So segjer Herren, Herren: Usæla yver profetarne, dei dårar, som gjeng etter si eiga ånd og etter det dei ikkje hev set! 4Som revar i røysar er dine profetar, Israel. 5De er ikkje stigne upp i murrivorne og hev ikkje mura upp verjemur kring Israels-lyden, so han kunde standa seg i striden på Herrens dag. 6Deira syner var fåfengd og deira spådomar lygn, dei som segjer: So segjer Herren, endå Herren ikkje hev sendt deim. Like vel vonar dei å vera sannspådde. 7Er det ikkje fåfengd syn de hev set, og ljugar-spåing de hev fare med, når de segjer: «So segjer Herren,» enda eg ikkje hadde tala? 8Difor, so segjer Herren, Herren: Med di at de talar fåfengd og ser lygn, difor, sjå, so vil eg finna dykk, segjer Herren, Herren. 9Og mi hand skal vera mot dei profetarne som ser fåfengd og fer med ljugar-spåing; i mitt folks råd skal dei ikkje vera, og i boki åt Israels-lyden skal dei ikkje verta skrivne, og til Israels land skal dei ikkje koma; og de skal sanna at eg er Herren, Herren, 10for di, ja, for di de hev villa mitt folk og sagt: «Fred,» og der er ikkje fred - og når det byggjer ein murvegg, sjå, so stryk dei berre kalkrøra på. 11Seg til kalk-strjukarane, at han vil ramla ned, det kjem eit skvalande støyteregn, og de, haglsteinar, skal falla, og ei stormflaga skal koma kastande. 12Og sjå, når veggen er nedramla, vil det då ikkje verta sagt med dykk: «Kvar vart det av kalken som de strauk på?» 13Difor, so segjer Herren, Herren: I min harm let eg ei stormflaga koma kastande, og i min vreide let eg eit skvalande støytregn koma, og i min harm haglsteinar til å øydeleggja alt i hop. 14Og eg vil riva ned veggen som de strauk med kalk, og velta honom til jordi, og hans grunnvollar skal verta berrlagde. Når det då ramlar i røys, skal de verta tynte i fallet, og de skal sanna at eg er Herren. 15Og eg vil tøma ut all mi vreide yver veggen, og yver deim som strauk honom med kalk. Då vil eg segja med dykk: Burte er både veggen og dei som strauk på honom, 16profetarne i Israel som spådde um Jerusalem og såg fredssyner åt det, endå det ikkje var fred, segjer Herren, Herren. 17Og du, menneskjeson! Vend di åsyn mot ditt folks døtter, som spår ut av sitt eige hjarta, og spå imot deim! 18Og du skal segja: So segjer Herren, Herren: Usæla yver dei kvende som saumar bindsl åt alle handleder og lagar hovudsveip åt alle, både store og små, so dei kann fanga sjæler! De fangar sjæler for folket mitt, og andre sjæler held de i live, dykk til vinning. 19Og de vanhelgar meg for mitt folk for nokre korn-nevar og brødmolar - til å drepa sjæler som ikkje skulde døy, og til å halda liv i sjæler som ikkje skulde liva, med di de lyg for lyden min som lyder på lygn. 20Difor, so segjer Herren, Herren: Sjå, eg vil få tak i bindsli dykkar, som de fangar sjælerne med likeins som fuglar, og vil riva deim av armarne dykkar. Og eg vil fria sjælerne som de hev fanga, sjæler likeins som fuglar. 21Og eg vil riva sund dykkar hovudsveip og berga mitt folk utor dykkar hender, so dei aldri meir skal vera veidefang i dykkar hender, og de skal sanna at eg er Herren. 22For di de ved lygn fær rettferdig manns hjarta til å vanmodast, endå eg ikkje hev gjort honom vanmoda, og de hev gjort gudlaus manns hender sterke, for at han ikkje skulde venda um frå sin vonde veg so eg kunde få halda honom i live, 23difor skal de ikkje hava fåfengde syner, og rune-kunster fær det ikkje fara med lenger; og eg vil berga mitt folk ut or dykkar hender, og de skal sanna at eg er Herren.