1Då svara Moses og tok so til ords: «Dei vil visst ikkje tru meg og ikkje lyda på meg, men berre segja at Herren ikkje hev synt seg for meg.» 2«Kva er det du hev i handi?» spurde Herren. «Ein stav», svara han. 3«Kasta honom på jordi!» sagde Herren. So kasta Moses staven på jordi; då vart han til ein orm, og Moses rømde for honom. 4«Rett ut handi og grip han i sporden!» sagde Herren. So rette han ut handi, og treiv ormen, og då vart han til ein stav att i handi hans. 5«No lyt dei vel tru, at Herren, fedreguden deira, hev synt seg for deg, Abrahams Gud og Isaks Gud og Jakobs Gud!» 6Og endå sagde Herren til honom: «Stikk handi di i barmen!» So stakk han handi i barmen, og drog henne ut att, og då han skulde sjå til, so var handi hans spilt og kvit som snø. 7Då sagde Herren: «Stikk handi di i barmen endå ein gong!» So stakk han handi i barmen, og då han drog henne ut or barmen, då var ho like god att, og hadde same liten som fyrr. 8«Um dei no ikkje trur deg, og ikkje agtar på det fyrste teiknet, so trur dei då visst på det andre teiknet,» sagde Herren; 9«men trur dei ikkje på noko av desse tvo teikni, og vil dei ikkje lyda på deg, so skal du taka vatn or elvi og ausa upp på turre marki; og vatnet som du tek or elvi, det skal verta til blod, med det same det kjem på marki.» 10Men Moses sagde til Herren: «Orsaka meg, Herre! Eg hev aldri vore nokon munnfør mann, korkje fyrr, eller sidan du tok til å tala med tenaren din; eg er både tungmælt, og eg er taugmælt.» 11Då sagde Herren til honom: «Kven er det som gjev menneskja munnen? Og kven er det som gjer mållaus eller dauv eller klårsynt eller blind? Er ikkje det eg, Herren? 12Gakk no berre, og eg skal vera med munnen din og lære deg kva du skal tala.» 13«Å Herre, eg bed for meg!» svara Moses, «send heller ein annan med det bodet!» 14Då vart Herren harm på Moses, og sagde: «Er ikkje Aron av Levi-ætti, bror din? Han, veit eg, kann tala. Og rett no kjem han og møter deg, og når han ser deg, so vert han hjarteleg glad. 15Honom skal du tala til og leggja ordet i munnen hans, og eg skal signa både din munn og hans munn, og læra dykk kva de skal gjera. 16Han skal tala til folket for deg, og vera liksom munnen din, og du skal vera som ein Gud for honom. 17Og denne staven skal du hava i handi; den er det du skal gjera underi med.» 18So gjekk Moses, og då han kom heim att til Jetro, verfar sin, sagde han med honom: «Kjære deg, lat meg fara attende til skyldfolket mitt i Egyptarland, og sjå um dei liver endå.» Og Jetro svara: «Far i fred!» 19I Midjan sagde Herren til Moses: «Tak no i veg, og far attende til Egyptarland! For no er dei burte alle dei som leita etter deg og vilde taka livet ditt.» 20So tok Moses kona si og sønerne sine og sette deim på asnet, og for attende til Egyptarlandet; og gudsstaven hadde han i handi. 21Og Herren sagde til Moses: «Når du kjem attende til Egyptarland, so kom i hug at du gjer alle dei underi som eg hev lagt i henderne dine, so Farao ser på det. Men eg vil gjera honom strid i hugen, so han ikkje let folket fara. 22Då skal du segja med Farao: «So segjer Herren: «Israel er son min, den eldste av sønerne mine. 23Og eg sagde til deg: «Lat son min fara, so han kann tena meg!» Men du vilde ikkje lata honom fara. Sjå difor vil eg no slå i hel din son, den eldste av sønerne dine.»»» 24Då dei var no på vegen komne, og hadde roa seg til natti, kom Herren yver honom og lest vilde drepa honom. 25Då tok Sippora ein kvass stein, og skar av huveholdet på son sin, og kasta det framfor føterne hans Moses, og sagde: «Du er meg ein blodbrudgom, du!» 26So let han honom vera. Det var umskjeringi ho tenkte på, då ho sagde «blodbrudgom». 27Og Herren sagde til Aron: «Gakk ut i øydemarki, so møter du Moses!» So gjekk han, og råka Moses innmed Gudsfjellet, og kysste honom. 28Og Moses sagde med Aron kva ærend og ord Herren hadde sendt honom med, og kva teikn han hadde sett honom til å gjera. 29So gjekk Moses og Aron, og samla i hop alle dei øvste av Israels-folket. 30Og Aron bar fram alle dei ordi som Herren hadde tala til Moses, og gjorde teikni, so folket såg på det. 31Og folket trudde; og då dei høyrde at Herren var komen og vilde lydast til Israels-borni, og at han hadde set kva vande dei var i, so lagde dei seg på kne og bad.