1So gjorde han brennofferaltaret av akazietre, fem alner langt og fem alner breidt, firkanta, og tri alner høgt. 2På kvart av dei fire hyrno gjorde han eit horn, og horni var i eitt med altaret. Heile altaret klædde det med kopar. 3Sidan gjorde han alle gognerne som høyrde til altaret: fati og eldskuflerne og blodbollarne og steikjespiti og glodpannorne; alle desse gognerne gjorde han av kopar. 4So laga han ei kopargrind til altaret på gjerd som eit net; den sette han under altarskori, nedantil, so ho rakk midt uppå altaret. 5Og han støypte fire ringar og sette i dei fire hyrno på kopargrindi, til å smøygja stenger inn i. 6Stengerne gjorde han av akazietre, og klædde deim med kopar, 7og so smøygde han deim inn i ringarne på sidorne av altaret, so det kunde berast etter deim. Altaret gjorde han av bord, so det var holt. 8So gjorde balja med foten under av kopar. Til det bruka han speglarne åt dei kvendi som gjorde tenesta i døri til møtetjeldet. 9So emna han til gjerde kring tunet: Til solsida, den sida som snudde mot sud, gjorde han ein gard av kvitt linlereft, hundrad alner lang, 10og til den tjuge stolpar, med tjuge koparstabbar og hakar og teinar av sylv. 11Til nordsida gjorde han og ein lereftsgard som var hundrad alner lang, og tjuge stolpar med kvar sin koparstabbe og hakar og teinar av sylv. 12Til vestsida gjorde han ein lereftsgard på femti alner med ti stolpar, og til deim ti stabbar og sylvhakar og sylvteinar. 13Til framsida, austsida, som og var femti alner, 14gjorde han femtan alner lereftsgard til den eine leidi, med tri stolpar og stabbarne som høyrde til, 15og til den andre leidi, både til den eine og den andre sida åt tunporten, femtan alner lereftsgard og tri stolpar med kvar sin stabbe. 16Heile garden rundt ikring tunet var av kvitt linlereft. 17Stabbarne som stolparne skulde standa på, var av kopar, men hakarne og teinarne var av sylv, og like eins ålaget på stolpehovudi. Dei var bundne i hop med sylvteinar, alle gardstolparne. 18Tæpet til tunporten var utsauma med rosor av purpur og skarlak og karmesin og kvitt tvinna lingarn. Det var tjuge alner langt, og fem alner høgt, etter vevbreiddi, liksom tungarden. 19Stolparne det skulde hanga på, var fire i talet, og sameleis stabbarne som høyrde til. Stabbarne var av kopar. Hakarne var av sylv. Ålaget på stolpehovudi og teinarne var og av sylv. 20Alle pålarne til huset og til garden rundt ikring var av kopar. 21No skal de høyra kor mykje det gjekk med til huset, til det huset som gøymde Guds lov; for Moses sette Levi-sønerne til å rekna det yver, og Itamar, son åt Aron, presten, stod fyre rekningi. 22Men Besalel, son åt Uri Hursson, av Juda-ætti, var den som gjorde alt det som Herren hadde tala til Moses um, 23og i lag med honom Åhåliab, son åt Akhisamak, av Dans-ætti, ein meister til å smida og snikra og veva åklæde med bilæte og rosor av purpur og skarlak og karmesin og kvitt lingarn -: 24Alt gullet som vart bruka til det som skulde arbeidast åt heilagdomen, heile gullmengdi som vart gjevi i offergåva, var ni og tjuge talentar og fem og fyrti merker og ti lodd, etter heilag vegt. 25Og sylvet som kom inn då dei heldt manntal yver lyden, det var hundrad talent og hundrad og ti merker og femtan lodd etter heilag vegt: 26ein beka eller eit halvt lodd etter heilag vegt for kvar mann som kom med i manntalet, frå tjugeårsalderen og uppetter, og det var seks hundrad og tri tusund og fem hundrad og femti mann. 27Dei hundrad talenti med sylv vart bruka til å støypa stabbarne til heilagdomen og forhenget, hundrad stabbar av dei hundrad talenti; det gjekk med eitt talent til kvar stabbe. 28Og dei hundrad og ti merkerne og femtan loddi bruka dei til hakar på stolparne og ålag yver deim og til teinar som skulde binda deim i hop. 29Koparen som vart gjeven i offergåva, var sytti talent og hundrad og femti merker. 30Av den gjorde dei stabbarne til møtetjelddøri, og koparaltaret med kopargrindi som høyrer til, og alle altargognerne, 31og stabbarne til garden rundt ikring tunet, og stolparne til tunporten, og alle pålarne til huset og garden rundt ikring.