1Og Besalel og Åhåliab og alle dei andre kunstnarane, som Herren hadde gjeve vit og kunnskap, so dei veit korleis kvar ting skal gjerast, dei skal då laga til alt som skal arbeidast åt heilagdomen, etter det som Herren hev sagt.» 2So kalla Moses til seg Besalel og Åhåliab og alle hage menner som hadde fenge kunstnargåva frå Herren, alle som hugen dreiv til å taka fat på verket og fullføra det. 3Og dei fekk hjå Moses alt tilfanget til det som skulde arbeidast åt heilagdomen, alle dei gåvorne som Israels-borni var kome med. Men folket bar av seg sjølve nye gåvor til honom kvar morgon. 4Og alle dei meistrarne som stod fyre alt arbeidet på heilagdomen, kom ein for ein til Moses frå arbeidet sitt, 5og sagde: «Folket kjem med mykje meir enn me treng til det verket som Herren vil ha gjort.» 6Då let Moses ropa ut yver heile lægret: «Anten det er mann eller kvende, so tarv ingen syta for fleire gåvor til heilagdomen!» So let folket vera å koma med meir. 7Men det vyrket som var frambore var nok, og meir enn nok, til alt arbeidet som skulde gjerast. 8So tok då alle dei hagaste handverkararne til å arbeida på gudshuset. Dei gjorde det av ti åklædevever av kvitt tvinna lingarn og purpur og skarlak og karmesin, og i deim var det innvove fagre englebilæte. 9Kvar vev var åtte og tjuge alner lang og fire alner breid; alle veverne heldt same målet. 10Fem av veverne skøytte dei i hop til eit tæpe, og like eins dei hine fem veverne. 11I jaren på den fyrste veven, ytst på det eine tæpet, gjorde dei lykkjor av purpurgarn, og sameleis i jaren på den ytste veven i det andre tæpet. 12Femti lykkjor sette dei på den fyrste veven, og femti lykkjor i jaren på den som høyrde til det andre tæpet, soleis at lykkjorne svara mot kvarandre. 13Og femti gullkrokar gjorde dei og hekta åklædetæpi i hop med, so det vart eitt hus av deim. 14So vov dei ryor av geiteragg til tekkja yver huset; elleve ryor vov dei. 15Kvar vev var tretti alner lang og fire alner breid; alle dei elleve veverne heldt same målet. 16Fem av ryeveverne skøytte dei i hop til eit tæpe for seg, og dei hine seks til eit anna tæpe. 17I jaren på den ytste veven i det eine tæpet gjorde dei femti lykkjor, og i jaren på den andre skøytingsveven femti lykkjor. 18Og femti koparkrokar gjorde dei til å festa raggetæpi i hop med, so det skulle verta eit tak av deim. 19Sidan gjorde dei eit tak av raudlita verskinn til å leggja yver raggetæpi, og eit tak av markuskinn til å leggja ovanpå det att. 20So gjorde dei plankarne til husveggjerne. Dei var av akazietre, og vart reist på ende. 21Ti alner lange var dei og halvonnor aln breide, 22og på kvar planke var der tvo tappar med ei tverlist imillom. So gjorde dei med alle plankarne til huset. 23Tjuge av dei plankarne som dei gjorde til huset, var etla åt solsida, sudsida. 24Og fyrti sylvstabbar gjorde dei til å setja under desse tjuge plankarne, tvo stabbar under kvar planke, so båe tapparne kunne festast i deim. 25Til den andre sida av huset, nordsida, gjorde dei og tjuge plankar, 26med sine sylvstabbar, tvo til kvar planke. 27Til baksida av huset, vestsida, gjorde dei seks plankar, 28og til hyrno på den same sida, tvo plankar; 29dei var tviluta alt nedantil, og båe luterne held fullt mål heilt upp åt taket, til den fyrste ringen. So gjorde dei med båe tvo, med båe hyrnoplankarne. 30Soleis kom det på baksida åtte plankar med sine sylvstabbar, sekstan sylvstabbar, tvo til kvar planke. 31So gjorde dei tverstokkar av akazietre, fem til den eine langveggen på huset, 32og fem til den andre langveggen, og fem til tverveggen på baksida av huset, mot vest. 33Og midstokken laga dei so at ho skulde ganga tvert yver frå ende til ende, midt etter plankeveggen. 34Plankarne klædde dei med gull, og ringarne på deim, som tverstokkarne skulde liggja i, gjorde dei heiltupp av gull. Tverstengerne klædde dei og med gull. 35So gjorde dei forhenget. Det var av purpur og skarlak og karmesin og kvitt tvinna lingarn; væne englebilæte vov dei inn i. 36Dei gjorde fire akaziestolpar til å hengja det på, og klædde deim med gull; hakarne på deim var av gull, og dei støypte fire sylvstabbar til deim. 37Til tjelddøri gjorde dei eit tæpe av purpur og skarlak og karmesin og kvitt tvinna lingarn. Det var utsauma med rosor; 38dei gjorde fem stolpar til det, med hakarne som høyrde attåt, og klædde stolpehovudi og teinarne med gull; og dei fem stabbarne som høyrde til, gjorde dei av kopar.