1So sagde Herren til Moses: «Hogg deg ut tvo steintavlor liksom dei fyrste, so skal eg på deim skriva dei same ordi som stod på dei fyrste tavlorne, deim du slo sund. 2Haldt deg so ferdig til i morgon tidleg! Då skal du stiga upp på Sinaifjellet, og venta på meg der, på fjelltinden. 3Ingen må vera med deg upp, og ingen må syna seg på heile fjellet; heller ikkje må naut eller sauer beita uppunder dette fjellet.» 4So hogg Moses ut tvo steintavlor liksom dei fyrste, og dagen etter reis han upp i otta, og gjekk upp på fjellet, som Herren hadde sagt honom til, og hadde båe steintavlorne i handi. 5Då steig Herren ned i skyi, og Moses gjekk innåt, og ropa Herren på namn. 6Då for Herren fram midt for augo hans og ropa: «Det er Herren! Herren er ein mild og kjærleg Gud, tolug og full av nåde og truskap! 7Han let si miskunn vara i tusund mannsaldrar; han tilgjev brot og misgjerning og synd; men han vil ikkje at den skuldige skal vera strafflaus: han hemner broti åt federne på borni og barneborni, ja på barnebarns-borni og borni etter deim att.» 8Då kasta Moses seg snøgt å gruve og bad. 9«Å Herre,» sagde han, «hev du noko godvilje for meg, so gjer vel og gakk med oss! Um dette er eit hardkyndt folk, so tilgjev broti og synderne våre, og lata oss vera din eigen lyd!» 10Og han svara: «Ja, eg vil gjera eit samband med deg; midt for augo åt heile folket ditt vil eg gjera slike under at det aldri hev vore set maken på heile jordi eller hjå noko folkeslag, og heile det folket du bur imillom, skal sjå Herrens verk, kor ageleg det er, og kor store ting eg skal gjera for deg. 11Kom no i hug det eg segjer med deg i dag! Sjå no vil eg jaga amoritarne og kananitarne og hetitarne og perizitarne og hevitarne og jebusitarne: dei skal røma for deg. 12Agta deg då so du ikkje gjer noko samband med deim som bur i det landet du kjem til! For bur dei imillom dykk, so kunde dei verta ei snara for dykk. 13De skal riva ned altari deira og slå sund minnesteinarne og hogga dei heilage trei. 14Du skal ikkje beda til nokon annan gud; for Herren heiter den Strenge; han er ein streng Gud. 15Aldri må du gjera noko samband med deim som bur der i landet. For når dei held seg med gudarne sine og blotar til deim, so vil dei beda deg til seg, og du vil eta av blotmaten deira; 16du vil gifta sønerne dine med døtterne deira, og dei vil halda seg med gudarne sine og lokka sønerne dine til å gjera det same. 17Gjer deg ikkje støypte gudebilæte! 18Søtebrødhelgi skal du halda: sju dagar skal du eta søtt brød, so som eg hev sagt deg, på den tid eg hev sett, i aksmånaden; for i aksmånaden tok du ut frå Egyptarland. 19Alt som kjem fyrst frå morsliv, skal høyra meg til, alt bufeet ditt som er han av slaget og som fell fyrst undan naut eller sau. 20Det fyrste fylet som fell undan eit asen, skal du løysa med eit lamb eller kid, og løyser du det ikkje, so skal du brjota nakken på det. Kvart sveinbarn i ætti di som er frumbore, skal du løysa. Og ingen må lata seg sjå tomhendes for augo mine. 21Seks dagar lyt du arbeida, men den sjuande dagen skal du kvila; um det so er i våronni eller skurdonni, so skal du kvila den sjuande dagen. 22Sjuvikehelgi skal du halda når du tek inn fyrstegrøda av kveitehausten, og hausthelgi når året er utrunne. 23Tri gonger um året skal alle karfolki dine møta for Drotten, for Herren, Israels Gud. 24For eg vil driva ut heile folkeslag der du fer fram, og vidka ut riket ditt, og ingen skal trå etter landet ditt medan du fer upp og møter for Herren, din Gud - tri vendor um året. 25Du skal ikkje bera fram blodet av offerdyri mine attåt syrt brød, og ikkje må påskehelgofferet verta liggjande natti yver, til morgondagen. 26Det allerfyrste av grøda på marki di skal du bera til huset åt Herren, din Gud. Du skal ikkje sjoda kidet i mjølki åt mor si.» 27Og Herren sagde til Moses: «Skriv no du upp desse ordi! For etter desse ordi vil eg gera eit samband med deg og med Israel.» 28Han var der hjå Herren, fyrti dagar og fyrti næter, og ikkje åt han og ikkje drakk han. Og Herren skreiv sambandslovi, dei ti bodordi, på tavlorne. 29So gjekk Moses ned av Sinaifjellet med dei tvo lovtavlorne i handi, og då han kom ned, stråla og skein det av andlitet hans, av di at Gud hadde tala med honom, men sjølv visste han det ikkje. 30Og Aron og heile Israels-folket såg at det skein av andlitet hans Moses, og dei torde ikkje ganga innåt honom. 31Då ropa Moses på deim, og so kom Aron og alle dei øvste av lyden hit til honom, og Moses tala med deim. 32Sidan kom alt Israels-folket burtåt, og han bar fram alle dei bodi som Herren hadde gjeve honom på Sinaifjellet. 33Og då Moses hadde sagt deim alt det han skulde, lagde han eit slør for andlitet sitt. 34Men når han gjekk fram for Herrens åsyn og skulde tala med honom, tok han sløret burt, til han skulde ut att; so kom han ut og tala til Israels-folket det han var fyresagd. 35Då såg Israels-folket korleis det stråla av andlitet hans Moses, og Moses hadde sløret for andlitet att, til dess han skulde inn og tala med Herren.