1Sidan sagde Herren til Moses: «Tak ut herifrå, både du og det folket du fylgde ut or Egyptarland, og far til det landet som eg lova Abraham og Isak og Jakob då eg sagde: «Di ætt vil eg gjeva det, 2og eg vil senda ein engel framfyre dykk og driva ut kananitarne, både amoritar og hetitar og perizitar, hevitar og jebusitar.» 3Far til det landet som fløymer med mjølk og honning! Men eg vil ikkje vera i fylgje med deg; for de er eit hardkyndt folk! eg kunde koma til å gjera av med dykk på vegen.» 4Då folket høyrde desse harde ordi, vart dei sorgfulle, og ingen tok på seg høgtidsbunaden sin. 5For Herren sagde til Moses: «Seg til Israels-folket: «De er eit hardlyndt folk! fylgdest eg med dykk um det var aldri so lite bil, so laut eg gjera ende på dykk. Men tak no av dykk høgtidsskrudet, so skal eg sjå kva eg kann gjera for dykk!»» 6Då reiv Israels-folket av seg høgtidsskrudet, og bar det ikkje meir etter dei hadde teke ut ifrå Horeb. 7Moses tok jamleg og sette upp tjeldet for honom utanfor lægret, eit godt stykke ifrå; han kalla det møtetjeldet, og alle som vilde finna Herren, gjekk ut til møtetjeldet, som var utanfor lægret. 8Og kvar gong Moses gjekk ut til tjeldet, so reiste alt folket seg, og stod, kvar i døri til si tjeldbud, og såg etter Moses, til han var komen åt tjeldet. 9Og når Moses gjekk inn i tjeldet, då kom skystopulen ned og stod i tjelddøri, og han tala med Moses. 10Og heile folket såg skystopulen, som stod i døri til møtetjeldet. Då reiste dei seg alle saman, og lagde seg på kne, kvar i døri til si tjeldbud. 11Og Herren tala med Moses, andlit mot andlit, som ein mann talar med grannen sin. Sidan gjekk Moses attende til lægret; men Josva, Nunssonen, som var fylgjesveinen hans og gjekk honom til handa, heldt seg allstødt inni møtetjeldet. 12Og Moses sagde til Herren: «Sjå, du segjer det til meg; «Fylg dette folket fram!» men eg fær ikkje vita kven du vil senda med meg, og du hev då sjølv sagt: «Eg kjenner deg vel, og eg hev fenge godvilje for deg.» 13Kjære væne, hev du godvilje for meg, so syn meg då vegarne dine, so eg kann læra å kjenna deg, og vera deg til lags! Og kom so i hug at dette er ditt eige folk!» 14Då sagde Herren til honom: «Når eg sjølv gjeng med, kann du då slå deg til tols?» 15«Gjeng du ikkje sjølv med, so lat oss ikkje fara herifrå!» svara Moses. 16«Kann då nokon vita at du hev godvilje for meg og for folket ditt, utan du gjeng med oss, so eg og folket ditt vert æra framfor alle folkeslag i heile verdi?» 17Då sagde Herren til Moses: «Det du bed um, skal eg nok gjera; for eg likar deg godt, og kjenner deg for den mann du er.» 18«Kjære deg, lat meg få sjå herlegdomen din!» sagde Moses. 19Og han svara: «Eg skal fara fram midt for andlitet ditt i fagraste hamen min, og ropa Herrens namn med det same eg fer framum deg, og eg skal vera so mild som eg kann, og spara so mange som eg kann; 20men», sagde han, «du kann ikkje få sjå andlitet mitt; for inkje menneskje som ser meg, kann liva. 21Sjå her innmed meg på berget er eit rom,» sagde Herren, «der kann du standa, 22og når herlegdomen min fer framum, so skal eg setja deg i denne bergskori, og halda handi mi yver deg, til dess eg hev kome framum. 23Då skal eg taka handi mi burt att; so kann du sjå meg attantil; men andlitet mitt fær ingen sjå.»