1Moses han gjætte no buskapen åt Jetro, verfar sin, presten i Midjan. So var det ein gong han for langt atti heidi med fenaden, då kom han til Gudsfjellet, til Horeb. 2Der synte Herrens engel seg for honom i ein eldsloge, som slo beint upp or ein klungerrunne; han såg at runnen stod i ljos loge, men klungeren brann ikkje upp. 3Då tenkte Moses med seg: «Eg vil ganga innåt og sjå dette store underet, kvifor klungeren ikkje brenn upp.» 4Då Herren såg at han kom innåt og vilde sjå, so ropa Gud til honom utor klungerrunnen: «Moses, Moses!» Og han svara: «Ja, her er eg.» 5Då sagde han: «Kom ikkje næmare! Hav av deg skorne! For staden du stend på, er heilag jord.» 6Og han sagde: «Eg er far din’s Gud, Abrahams Gud og Isaks Gud og Jakobs Gud.» Då løynde Moses andlitet sitt, for han torde ikkje sjå på Gud. 7Og Herren sagde: «Eg hev set kor vondt folket mitt hev det i Egyptarland, og høyrt klageropi deira yver futarne; eg veit kva dei lid. 8Og no hev eg stige ned, og vil fria deim ut frå egyptarane og føra deim ut or dette landet, til eit godt og vidt land, til eit land som fløymer med mjølk og honning, der som kananitarne er og hetitarne og amoritarne og perizitarne og hevitarne og jebusitarne. 9For no hev naudropet frå Israels-borni nått upp til meg, og eg hev og set korleis egyptarane trugar og plågar deim. 10Gakk no du til Farao med bod frå meg, og før folket mitt, Israels-borni, ut or Egyptarland!» 11Då sagde Moses til Gud: «Er eg den mann, at eg kann ganga til Farao, og kann eg føra Israels-borni ut or Egyptarland?» 12Og han sagde: «Ja, for eg skal vera med deg! Og det skal du hava til merke på at det er eg som hev sendt deg: Når du hev ført folket ut or Egyptarland, so skal de halda gudstenesta på dette fjellet.» 13Då sagde Moses til Gud: «Men når eg no kjem til Israels-borni og segjer med deim: «Fedreguden dykkar hev sendt meg til dykk,» og dei so spør: «Kva er namnet hans?» kva skal eg då svara deim?» 14Og Gud sagde til Moses: «Eg er den eg er! So skal du svara Israels-borni,» sagde han: «Han som heiter «Eg er», hev sendt meg til dykk.» 15Og endå sagde Gud det til Moses: «So skal du segja til Israels-borni: «Herren, fedreguden dykkar, Abrahams Gud og Isaks Gud og Jakobs Gud, hev sendt meg til dykk. Det skal vera namnet mitt i all æva, og so skal dei kalla meg ætt etter ætt.» 16Gakk no du, og samla i hop dei øvste i Israel, og seg med deim: «Herren, fedreguden dykkar, Abrahams Gud og Isaks Gud og Jakobs Gud, hev synt seg for meg og sagt: Eg hev havt auga med dykk og veit korleis dei fer åt med dykk i Egyptarland. 17Og eg sagde: «Eg vil fria dykk ut or alt det vonde de lid i Egyptarland, og fylgja dykk fram til landet åt kananitarne og hetitarne og amoritarne og perizitarne og jebusitarne, eit land som fløymer med mjølk og honning.» 18Og dei skal gjeva gaum etter ordi dine, og so skal du ganga fram for kongen i Egyptarland, du og dei øvste i Israel, og de skal segja med honom: «Herren, Hebræarguden, hev møtt oss! Gode, gjev oss lov til å fara tri dagsleider ut i øydemarki og ofra til Herren, vår Gud!» 19Men eg veit at kongen i Egyptarland ikkje gjev dykk lov til å fara, ikkje um han so fær kjenna ei sterk hand yver seg. 20So vil eg då lyfta handi mi, og slå egyptarane med alle underi mine, som eg vil gjera midt imillom deim, og då skal dei sleppa dykk. 21Og eg vil gjera det so at egyptarane fær godvilje for dette folket, so de ikkje skal fara tomhendte, når de fer; 22men kvar kona skal beda grannekona si, eller den ho bur i hus med, um sylv og gull og helgeklæde, og det skal de lata sønerne og døtterne dykkar hava på seg; det skal vera herfanget de tek av egyptarane.»»