1Og Herren tala so til Moses og Aron, medan dei var i Egyptarlandet: 2«Denne månaden skal vera nyårsmånaden dykkar: den fyrste månaden i året skal han vera for dykk. 3Tala no de til heile Israels-lyden og seg: «Den tiande dagen i denne månaden skal kvar husbonde taka seg ut eit lamb til huset sitt. 4Men er lyden hans for liten til å eta upp eitt lamb, so skal han og næmaste grannen taka seg ut eit i hop, etter som dei hev folk til: de skal ’kje rekna fleire folk på kvart lamb enn at alle fær metta seg. 5Eit lytelaust verlamb lyt det vera, og årsgamalt; i staden for eit lamb kann de og taka eit kid. 6De skal taka det i vare til den fjortande dagen i denne månaden; då skal heile Israels-lyden slagta det soleglads bil. 7So skal dei taka noko av blodet og strjuka på både dørskierne og dørkollen på dei husi som dei et i. 8Og kjøtet skal dei eta same natti; dei skal steikja det på elden, og eta det med søtt brød og bitre urter attåt. 9De må ikkje eta det rått, og ikkje sjoda det i vatn, men steikja det yver elden, med hovud og føter og innmat. 10Heller ikkje skal de leiva noko av det til morgons; er det noko att um morgonen, so skal de brenna det upp. 11Soleis skal de vera budde, når de et det: med beltet kring livet, med skorne på føterne, med stav i handi; og de skal eta det i hast; det er påskehelgi åt Herren. 12For den same natti vil eg fara igjenom Egyptarlandet, og slå i hel alt som frumbore er i Egyptarland, både folk og fe; og alle egyptargudarne vil eg døma og refsa, eg, Herren. 13Og blodet på dei husi som de er i, skal vera til eit merke for meg, når eg ser blodet, skal eg fara framum dykk, og de skal ’kje verta fyre noko vondt, når eg slær i hel folk i Egyptarland. 14Og sidan skal denne dagen vera ein minnedag for dykk: då skal de halda helg og høgtid for Herren; ei æveleg lov skal det vera for dykk og etterkomarane dykkar å halda heilag den dagen. 15Sju dagar skal de eta søtt brød; straks den fyrste dagen skal de hava surdeigen burt or husi dykkar; for kvar den mann som et surbrød millom den fyrste og sjuande dagen, han skal rydjast ut or Israel. 16Den fyrste dagen skal de halda ei heilag samling, og den sjuande dagen ei heilag samling. Dei dagarne skal de ikkje hava noko arbeid fyre dykk; berre den maten som kvar mann treng, skal de laga til og elles ingen ting gjera. 17De skal høgtida søtebrødhelgi; for då førde eg herarne dykkar ut or Egyptarlandet. Difor skal de høgtida denne dagen; det skal vera ei æveleg lov for dykk og etterkomarane dykkar. 18Frå fjortandedags kvelden i den fyrste månaden til ein og tjugandedags kvelden i same månaden skal de eta brød som det ikkje er surt i. 19I sju dagar må det ikkje finnast surdeig i husi dykkar: kvar den mann som et surbrød, skal rydjast ut or Israels-lyden, anten han er framand eller fødd og alen i landet. 20De må ikkje smaka den minste grand som er syrt; i alle hus skal de eta usyrt brød!»» 21Då kalla Moses i hop alle dei øvste i Israel, og sagde med deim: «No lyt de av og finna dykk lamb åt husi dykkar, og slagta deim til påskeoffer. 22Og so skal de taka ein myntekvost og duppa i blodet som er i troget, og strjuka noko av det blodet på dørkollen og båe dørskierne. Og ingen av dykk må ganga ut or husdøri si fyre morgon. 23For Herren vil fara igjenom landet og heimsøkja egyptarane; og når han ser blodet på dørkollen og på dørskierne, då skal han fara framum døri og ikkje lata tynarengelen sleppa inn i husi dykkar og drepa. 24So skal de då halda dykk etter dette bodet; det skal vera ei lov for deg og borni dine i all æva. 25Når de so kjem til det landet Herren vil gjeva dykk, som han hev lova, då skal de halda uppe denne helgeseden. 26Og når borni dykkar spør: «Kva er dette for ein helgesed de brukar?» 27då skal de svara: «Det er påskeoffer til Herren, som for utum husi åt Israels-folket i Egyptarland: då han heimsøkte egyptarane, sparde han våre hus.»» Då lagde folket seg på kne og bad. 28Og Israels-mennerne gjekk av og gjorde dette; som Herren hadde sagt til Moses og Aron, so gjorde dei. 29So hende det i midnattsstundi at Herren slo i hel alt som frumbore var i Egyptarlandet, frå den frumborne sonen åt Farao, som sat i høgsetet sitt, til den frumborne sonen åt fangen, som sat i myrkestova, og alle frumsungarne i buskapen. 30Då for Farao upp um natti, han og alle mennerne hans og alle egyptarane, og det vart eit øgjeleg skrik i Egyptarland; for det fanst ikkje eit hus som det ikkje var lik i. 31Og Farao sende bod etter Moses og Aron midt på natti og sagde: «Nøyt dykk og far ut or riket mitt, både de og Israels-folket, og gakk av og haldt høgtid for Herren, som de hev tala um! 32Tak med dykk alt bufeet dykkar, både smått og stort, so som de hev sagt, og far burt, og bed godt for meg og!» 33Og egyptarane anna på Israels-folket at dei skulde hava seg fort utor landet. «Elles døyr me alle saman!» sagde dei. 34So tok Israels-folket deigen sin, fyrr han vart syrt: dei sveipte deigtrogi inn i kjolarne, og bar deim på ryggen. 35Og dei gjorde som Moses sagde, og bad egyptarane um sylv og gull og helgeklæde. 36Og Herren hadde laga det so at egyptarane vilde Israels-folket vel, so dei var gode å beda. Soleis tok dei herfang av egyptarane. 37So tok då Israels-folket ut frå Ramses, og lagde vegen til Sukkot; dei var på lag seks hundrad tusund gangføre mann, umfram kvende og born. 38Og ein stor hop med framande fylgde og med deim, og mykje bufe, både smått og stort, ei ovstor drift. 39Av deigen dei hadde med seg frå Egyptarland, baka dei hellekakor; for han var ikkje syrt, etter di dei vart jaga ut or Egyptarland og ikkje torde drygja der lenger; og ikkje hadde dei butt seg til med ferdakost heller. 40Den tidi som Israels-folket hadde havt bustaden sin i Egyptarland, var fire hundrad og tretti år. 41Då dei fire hundrad og tretti åri var på dagen utlidne, då tok alle Herrens herar ut frå Egyptarland. 42Den natti var ei vokenatt for Herren, då han fylgde deim ut or Egyptarlandet; den same natti skal alle Israels-borni halda voka for Herren, ætt etter ætt. 43Og Herren sagde til Moses og Aron: «So er fyresegni um påskelambet: Ingen framand må eta av det. 44Hev nokon ein tenestdreng som er kjøpt for pengar, so skal du fyrst umskjera honom; sidan kann han eta av det. 45Ingen busete eller leigekar må eta av det. 46I eitt hus skal det eta av det; du må ikkje hava noko av kjøtet ut or huset, og ikkje brjota noko bein i det. 47So skal heile Israels-lyden gjera. 48Og når ein framand held til hjå dykk, og vil halda påskehøgtid for Herren, då skal alle karfolki hans umskjerast, so kann han få vera med og halda høgtid, og då skal han vera jamgod med deim som er fødde og alne i landet; men ein som ikkje er umskoren, må aldri eta av det. 49Det skal gjelda same lovi for deim som er fødde og alne i landet og for dei framande som held til hjå dykk.» 50Og alt Israels-folket gjorde dette; som Herren hadde sagt til Moses og Aron, so gjorde dei. 51Soleis gjekk det til den dagen då Herren fylgde Israels-folket ut or Egyptarland, fylking etter fylking.