1No skal de få høyra namni på Israels-sønerne som kom til Egyptarland; med Jakob kom dei, kvar med sin huslyd: 2Ruben og Simeon og Levi og Juda, 3Issakar og Sebulon og Benjamin, 4Dan, Naftali, Gad og Asser. 5Med alle i hop var det sytti mann som var ætta frå Jakob; Josef han var no alt i Egyptarland. 6Og Josef døydde, og alle brørne hans, og heile den ætti. 7Men Israels-folket muna og voks og auka og vart uhorveleg mannsterke, so dei fyllte heile landet. 8Då kom det ein ny konge i Egyptarland, som ikkje visste noko um Josef. 9Og han sagde med folki sine: «Sjå, Israels-lyden er større og sterkare enn me. 10Lat oss no fara klokt fram, so dei ikkje skal aukast so mykje! For kjem det ufred, so kunde dei gjerne slå seg i hop med uvenerne våre, og strida mot oss, og fara or landet!» 11So sette dei futar yver deim, som skulde plåga deim med tungarbeid, og dei laut byggja tvo byar med varehus for Farao; det var Pitom og Ramses. 12Men di meir dei plåga deim, di meir auka dei, og di meir breidde dei seg ut, og egyptarane tok til å fæla for Israels-folket. 13Soleis nøydde dei no Israels-folket til å træla for seg, 14og gjorde livet surt for deim med hardt arbeid i leirtaki og tiglverki og med allslags jordarbeid: alt arbeidet dei vilde ha gjort, det truga dei deim til å gjera. 15Og kongen i Egyptarland sagde til dei hebraiske ljosmøderne - den eine av dei heitte Sifra og den andre Pua -: 16«Kvar gong de hjelper ei hebraisk barnsengkona,» sagde han, «so skal de sjå i fødestolen: Er det son ho hev fenge, so drep honom! er det dotter, so må ho liva.» 17Men ljosmøderne hadde age for Gud, og gjorde ikkje som kongen i Egyptarland sagde, men let småsveinarne liva. 18Då kalla kongen ljosmøderne fyre seg, og sagde med deim: «Kvi gjer de dette og let sveinborni liva?» 19«Dei hebraiske konorne er ikkje som dei egyptiske,» svara ljosmøderne; «dei er sterkare; innan ljosmori kjem, hev dei fenge barnet.» 20Då gjorde Gud vel imot ljosmøderne; og folket auka, og vart ovleg mangment. 21Og for di ljosmøderne hadde age for Gud, so gav han deim ætt og avkjøme. 22Men Farao sende bod utyver til heile folket sitt og sagde: «Kvar son som kjem til verdi, skal de kasta i elvi; berre døtterne skal de lata liva!»