1Same dagen gav kong Ahasveros dronning Ester huset hans Haman, jødefienden, og Mordokai fekk koma inn til kongen; for Ester hadde fortalt kva han var for henne. 2Kongen drog av seg signetringen som han hadde teke frå Haman, og gav honom til Mordokai. Og Ester sette Mordokai til å styra huset hans Haman. 3Endå ein gong vende Ester seg til kongen, fall ned for føterne hans, gret og naudbad honom å gjera um inkje den ulukka og den meinrådi som agagiten Haman hadde etla jødarne. 4Kongen rette gullstaven ut mot Ester. Då reis Ester upp og gjekk fram for kongen. 5«Tekkjest det kongen,» sagde ho, «og hev eg funne nåde i hans augo, tykkjer kongen det er meining i det, og held han meg gjæv, so lat det ferdast ut eit brev til avlysing av brevi med meinrådi åt agagiten Haman Hammedatason, dei som han ferda ut til å tyna jødarne i alle kongens jarlerike. 6Kor skulda eg orka sjå på den ulukka som kjem yver folket mitt? Kor skulde eg orka sjå på at ætti mi vert tynt?» 7Då sagde kong Ahasveros til dronning Ester og jøden Mordokai: «Sjå, eg hev gjeve Ester huset hans Haman, han sjølv er hengd i galgen, av di han vilde leggja hand på jødarne. 8Ferda no de ut eit brev til jødarne i kongens namn, soleis som de tykkjer best, og forsigla det med signetringen åt kongen. For eit skriv som er utferda i kongens namn og forsigla med signetringen åt kongen, kann ikkje verta atterkalla.» 9So vart då skrivarane åt kongen straks kalla saman, den tri og tjugande dagen i tridje månaden, månaden sivan, og dei skreiv i alle måtar soleis som Mordokai baud til jødarne og til satraparne og jarlarne og hovdingarne i jarleriki, frå India til Ætiopia, hundrad og sju og tjuge jarlerike; kvart rike fekk brevet med si skrift, kvart folk på sitt tungemål, og jødarne med si skrift og på sitt tungemål. 10Han skreiv i namnet åt kong Ahasveros og forsigla med signetringen åt kongen. So sende han brev ikring med ridande snøggbod på tråvarar frå kongens eigne stallar, 11at kongen gav jødarne i kvar by lov til å slå seg i hop og verja livet sitt, og rydja ut, drepa og tyna alle væpna flokkar i kvart folk og jarlerike som synte deim fiendskap, alt til born og kvende, og so plundra eigedomarne deira, 12på ein og same dagen i alle jarleriki åt kong Ahasveros, trettande dagen i tolvte månaden, det vil segja månaden adar. 13I brevet stod det at det skulde varta utferda ei lov og kunngjord for alle folk i kvart jarlerike: at jødarne skulde vera budde den dagen til å hemna seg på fiendarne sine. 14Snøggbodi på dei konglege tråvarar reid av stad so fort dei kunde på kongens bod, so snart påbodet var utferda i borgi Susan. 15Mordokai gjekk ut frå kongen i ein kongeleg klædnad av purpurblått og kvitt ty med ei stor gullkruna, og i ei kåpa av kvitt bomull og purpurraudt ty; og byen Susan jubla og gledde seg. 16For jødarne rana no ljos og gleda, fagnad og vyrdnad. 17Og i kvart jarlerike og i kvar ein by som kongens ord og påbod nådde til, der vart det gleda og fagnad på jødarne, med gilde og høgtid. Mange av folki i landet gjekk yver til jødedomen, so stor otte hadde dei fenge for jødarne.