1De born, lyd dykkar foreldre i Herren, for det er rett! 2«Heidra far din og mor di» - dette er det fyrste bodet med lovnad - 3«at det må ganga deg vel, og du må leva lenge i landet.» 4Og de feder, arga ikkje dykkar born, men fostra deim upp i Herrens tukt og påminning! 5De tenarar, ver lyduge mot dykkar herrar etter kjøtet med age og otte i dykkar hjartans einfelde som mot Kristus, 6ikkje med augnetenesta, liksom dei som vil tekkjast menneskje, men som Kristi tenarar, so de gjer Guds vilje av hjarta 7og godviljugt tener som for Herren og ikkje som for menneskje, 8då de veit, at kva godt kvar gjer, det skal han få att av Herren, anten han so er tenar eller fri mann. 9Og de herrar, gjer det same mot deim, so de let vera å truga; for de veit at både deira og dykkar Herre er i himmelen, og han gjer ikkje skil på folk. 10Elles, vert sterke i Herren og i hans veldes kraft! 11Klæd dykk i Guds fulle herbunad, so de kann standa dykk imot djevelens svikråder! 12For me hev ikkje strid mot blod og kjøt, men mot herrevelde, mot magter, mot heimsens herrar, som råder i myrkret i denne tid, mot vondskaps åndeher i himmelrømdi. 13Tak difor Guds fulle herbunad på, so de kann standa imot på den vonde dag og verta standande når de hev vunne yver alt. 14So statt då umgyrde um dykkar lend med sanning og klædde i rettferds-brynja, 15og umbundne på føterne med den tilbunad som evangeliet um freden gjev. 16Og tak attåt alt dette tru-skjolden, so de dermed kann sløkkja alle gloande piler frå den vonde! 17og tak frelse-hjelmen, og Andens sverd, som er Guds ord, 18medan de alltid bed i Anden med all bøn og påkalling og er årvakne deri med all trott og bøn for alle dei heilage, 19og for meg med, at det må verta gjeve meg ord når eg opnar min munn, til å forkynna fritt mod løyndomen i evangeliet, 20den som eg er sendebod for i lekkjor, at eg må tala med frimod um det, soleis som eg bør tala. 21Men at de og kann få vita um mitt tilstand, korleis det gjeng meg, skal Tykikus kunngjera dykk alt, han den kjære bror og true tenar i Herren, 22som eg just difor sender til dykk at de skal få vita korleis det er med oss, og at han kann trøysta dykkar hjarto. 23Fred vere med brørne og kjærleik med tru frå Gud Fader og Herren Jesus Kristus! 24Nåde vere med alle som elskar vår Herre Jesus Kristus med uforgjengeleg kjærleik!