1Vert difor Guds etterfylgjarar som hans kjære born, 2og ferdast i kjærleik, liksom Kristus elska oss og gav seg sjølv for oss til ei gåva og eit offer, Gud til ein hugleg ange! 3Men utukt og all ureinskap eller havesykja må ikkje eingong verta nemnde millom dykk, so som det sømer seg for heilage, 4og skjemdarferd og dårlegt svall og lauslyndt skjemt, som alt saman er usømelegt, men heller takksegjing! 5For dette veit de og skynar, at ingen horkar eller urein eller girug - som er ein avgudsdyrkar - hev arv i Kristi og Guds rike. 6Lat ingen dåra dykk med tome ord! for av slike ting kjem Guds vreide yver dei vantruande! 7Hav difor ingen ting saman med deim! 8For de var fordom myrker, men no er de ljos i Herren; ferdast som born av ljoset 9- for frukti av ljoset syner seg i all godleik og rettferd og sanning - 10so de prøver kva som er Herren til hugnad, 11og hav inkje samlag med dei fruktlause gjerningar av myrkret; men refs deim heller! 12For det som løynlegt vert gjort av deim, er det skamlegt endå berre å tala um; 13men når det vert refst, vert det alt saman openberra av ljoset; for alt som vert openberra, er ljos. 14Difor segjer skrifti: «Vakna, du som søv, og statt upp frå dei daude, og Kristus skal lysa for deg!» 15Sjå difor til korleis de kann ferdast varleg, ikkje som uvise, men som vise, 16so de kjøper den laglege tid; for dagarne er vonde! 17Ver difor ikkje uvituge, men skyna kva Herrens vilje er! 18Og fyll dykk ikkje med vin, som det er skamløysa i, men vert fyllte med Anden, 19so de talar til kvarandre med salmar og lovsongar og åndelege visor og syng og leikar i dykkar hjarto for Herren, 20og alltid takkar Gud og Faderen for alle ting i vår Herre Jesu Kristi namn, 21og er kvarandre undergjevne i age for Kristus! 22De konor, ver dykkar eigne menn undergjevne som Herren! 23For mannen er hovudet for kona, liksom Kristus er hovudet for kyrkja, han som er frelsaren for sin likam. 24Men liksom kyrkja er Kristus undergjevi, so skal og konorne vera sine eigne menner undergjevne i alle ting. 25De menner, elska konorne dykkar, liksom Kristus elska kyrkja og gav seg sjølv for henne, 26so han kunde helga henne, med di han reinsa henne ved vatsbadet i ordet, 27so han kunde framstella kyrkja for seg i herlegdom, utan flekk eller rukka eller noko slikt, men so ho kunde vera heilag og ulasteleg. 28Soleis er mennerne skuldige til å elska konorne sine som sine eigne likamar. Den som elskar si kona, elskar seg sjølv. 29For aldri hev nokon hata sitt eige kjøt, men han føder og fjelgar det, liksom Kristus gjer med kyrkja; 30for me er lemer på hans likam. 31Difor skal mannen skiljast med far og mor og halda seg hjå kona si, og dei tvo skal vera eitt kjøt. 32Denne løyndomen er stor - men eg tenkjer på Kristus og kyrkja. 33Men de og skal elska kvar si kona som seg sjølv, og kona hava age for mannen.