1Betre godt namn enn god salve, og betre døyande-dagen enn fødedagen. 2Betre til syrgjehus ganga enn til gjestebodshus, so visst som det er enden for alle menneskje, og den som liver, skal leggja seg det på hjarta. 3Betre gremmelse enn lått, for når andlitet ser ille ut, stend vel til med hjarta. 4Hjarta åt vismenner er i syrgjehus, men hjarta åt dårar er i gledehus. 5Betre høyra skjenn av ein vismann enn når nokon høyrer song av dårar. 6For som tyrnerris sprakar under gryta, soleis er det når dåren lær. - Det og er fåfengd. 7For urett vinning gjer vismann til dåre, og mutor skjemmer ut hjarta. 8Betre enden på ei sak enn upphavet, betre tolmodig enn ovmodig. 9Ver ikkje for brå i hugen til å gremmast, for gremmelse bur i barmen på dårar. 10Seg ikkje: «Korleis hev det seg at dei framfarne dagar var betre enn dei som no er?» For ikkje utav visdom spør du um det. 11Visdom er jamgod med ervegods, og ei vinning for deim som ser soli. 12For ein sit i skuggen av visdomen som i skuggen av pengar, men fyremunen med kunnskap er at visdomen held eigaren sin i live. 13Sjå på Guds verk! For kven kann beinka det som han hev gjort krokut? 14På ein god dag skal du vera i godlag, og på ein vond dag skal du tenkja på at Gud hev gjort den og likso vel som hin, av di at menneskja ikkje skal finna noko ulivt etter si avferd. 15Alt hev eg set i dei fåfengde dagerne mine: Det hender at ein rettferdig gjeng til grunns tråss i si rettferd, og at ein gudlaus liver lenge tråss i sin vondskap. 16Ver ikkje altfor rettferdig, og te deg ikkje for vis! Kvifor vil du tyna deg sjølv? 17Ver ikkje altfor gudlaus, og ver ikkje ein dåre? Kvifor vil du døy fyre tidi? 18Det er godt at du held fast på det eine og ikkje heller slepper handi av det andre, for den som ottast Gud, han greider seg or alt dette. 19Visdomen gjev vismannen ei sterkare vern enn ti magthavarar i ein by. 20For det finst ikkje eit rettferdigt menneskje på jordi som berre gjer godt og aldri syndar. 21Agta ikkje heller på alt det som folk segjer, elles kunde du få høyra din eigen træl banna deg. 22For du veit med deg sjølv, at du og mange gonger hev banna andre. 23Alt dette hev eg røynt ut med visdom. Eg tenkte: «Visdom vil eg vinna!» men han heldt seg langt burte frå meg. 24Langt burte er det som til er, og so djupt, so djupt; kven kann nå det? 25Eg gav meg til, og hugen gjekk ut på å kjenna og granska og søkja visdom og ettertanke og få vita at gudløysa er dårskap og narreskapen vitløysa. 26Då fann eg at kvinna er beiskare enn dauden, for ho er eit net, og hjarta hennar eit garn, og henderne hennar lekkjor. Den som tekkjest Gud, slepp ifrå henne, men syndaren vert hennar fange. 27Sjå det fann eg, segjer preikaren, då eg lagde det eine i hop med det andre og vilde koma til ei endelykt: 28Det som eg stødt hev leita etter, men ikkje funne, det er: Ein mann millom tusund hev eg funne, men ei kvinna hev eg ikkje funne millom alle deim. 29Berre dette hev eg funne ut, skal du vita, at Gud hev skapt menneskja rett, men dei søkjer mange krokar.