1Eiterflugor set illtev og æsing i salven åt salvemakeren; ein grand dårskap veg meir enn visdom, meir enn æra. 2Vismanns-hug til retta gjeng, og dåre-hug til keiva. 3Og kvar helst dåren gjeng, tryt vitet hans, og han segjer frå til kvar og ein at han er ein dåre. 4Um hovdings vreide reiser seg mot deg, so gakk ikkje frå din post! For roleg åtferd hindrar mange synder. 5Det er ei ulukka som eg hev set under soli liksom eit mistak som kjem frå ein magthavar: 6Dårskapen er sett i høge sessar, og rikfolk lyt sitja lågt. 7Eg hev set trælar på hesteryggen og hovdingar ganga på sin fot som trælar. 8Den som grev ei grav, kann stupa nedi, og den som riv ein mur, kann ormen stinga. 9Den som bryt stein, kann få mein; den som høgg ved, kann koma ut i fåre. 10Når øksi ikkje bit og han ei slipar eggi, då lyt han bruka dess meir magt. Men visdomen veit å vøla til. 11Når ormen sting fyrr ein fær mana, hev manaren ingen fyremun. 12Ord av vismanns munn er gudlege, men lipporne på dåren gløyper honom sjølv. 13Dei fyrste ordi i hans munn er dårskap, og røda endar reint i arge vitløysa. 14Dåren brukar mange ord, endå ingen mann veit kva som henda skal, og kva som etter hans tid henda skal, kven kann segja honom det? 15Dåren møder seg med maset sitt, han som ikkje ein gong veit å gå til byen. 16Usælt er du land som hev eit barn til konge, og fyrstar som held etarlag um morgonen! 17Sælt er du land som hev ein adelboren konge, og fyrstar som held sine mål i rette tid på kara-vis og ei med fyll! 18Når leta rår, sig bjelkarne ned, og huset lek når henderne heng. - 19Til gaman held dei gilde, og vin gjev livet gleda, og pengar greider alt. 20Ikkje ein gong i tankarne må du banna ein konge, og ikkje i ditt sengrom banna ein rikmann. For himmelens fuglar ber ljoden burt, og dei fløygde melder din tala.