1Dette er dei bodi og loverne og rettarne som Herren, dykkar Gud, sagde eg skulde læra dykk, og som han vil de skal liva etter i det landet de er på vegen til og skal leggja under dykk. 2Ottast du Herren, din Gud, og held du heile ditt liv alle bodi og loverne hans, som eg ber fram for deg no, du og son din og soneson din, då skal dagarne dine verta mange på jordi. 3So høyr då bodi hans, Israel, og ber deim i hugen, og liv etter deim! Då skal det ganga deg vel, og de skal aukast og trivast i eit land som fløymer med mjølk og honning, soleis som Herren, din fedregud, hev sagt med deg. 4Høyr, Israel! Herren er vår Gud, Herren åleine. 5Du skal elska Herren, din Gud, av alt ditt hjarta og av all din hug og av all di magt.» 6Og desse ordi som eg lærer deg no, skal du gøyma i hjarta; 7og du skal prenta deim inn i borni dine, og tala um deim når du sit heime, og når du gjeng etter vegen, og når du legg deg, og når du ris upp att; 8og du skal binda deim på handi di til eit merke, og bera deim som eit hovudband yver augo, 9og skriva deim på dørskierne i huset ditt og på portarne dine. 10No fører Herren din Gud deg inn i det landet som han lova federne dine, Abraham og Isak og Jakob, at han vilde gjeva deg, til store og væne byar som du ikkje hev bygt, 11og fulle hus, som du ikkje hev fyllt, til gravne brunnar, som du ikkje hev grave, og hagar med vin- og oljetre, som du ikkje hev sett. Når du då nyt godt av alt dette, 12so agta deg at du ikkje gløymer Herren, som henta deg ut or Egyptarlandet, or slavehuset. 13Herren, din Gud, skal du ottast, og honom skal du tena, og ved hans namn skal du sverja. 14Far ikkje etter andre gudar, som folki rundt ikring dykkar fer etter! 15For Herren, din Gud, som er midt imillom dykk, han er ein streng Gud; han kunde harmast på dykk, so han rudde dykk ut or verdi. 16De må ikkje freista Herren, dykkar Gud, soleis som de gjorde i Massa. 17Trutt skal de fylgja dei bodi og loverne og fyresegnerne som Herren, din Gud, hev gjeve deg, 18og gjera det som er godt og rett i hans augo. Då skal det ganga deg vel; du skal få eiga det gilde landet som Herren lova federne dine, 19og han skal driva ut alle fiendar for deg, soleis som han hev sagt. 20Når son din sidan spør deg: «Korleis er det med desse loverne og fyresegnerne og bodi som Herren, vår Gud, hev gjeve dykk?» 21då skal du segja med honom: «Me var trælar hjå Farao i Egyptarland; men Herren førde oss med fast hand ut or Egyptarlandet. 22Og Herren let store og øgjelege teikn og under henda i Egyptarland, med Farao og heile folket hans, midt for augo våre. 23Men oss førde han burt; han vilde fylgja oss til det landet han hadde lova federne våre, og gjeva oss det. 24Då sette han oss fyre å halda alle desse bodi, og ottast Herren, vår Gud, so det skulde ganga oss vel alle dagar, og han kunde lata oss liva, som han til dessa hev gjort. 25Og det skal reknast oss til rettferd at me held alle desse bodi og liver etter deim for Herrens augo, soleis som han hev sagt oss.»