1«So høyr no, Israel, dei loverne og bodi eg lærer dykk, og haldt dykk etter deim, so de kann få liva og koma til å eiga det landet som Herren, fedreguden dykkar, vil gjeva dykk. 2De skal ingen ting leggja attåt det som eg segjer dykk fyre, og ingen ting taka ifrå, men lyda Herrens bod, som eg no ber fram for dykk. 3De såg sjølve kva Herren gjorde då det hende dette med Ba’al-Peor; alle deim som fylgde Ba’al-Peor, rudde Herren ut or lyden; 4men de som heldt fast ved Herren, dykkar Gud, de hev alle fenge liva til denne dag. 5Sjå, no lærar eg dykk lover og bod, soleis som Herren, min Gud, hev sagt til meg, so de skal liva etter deim i det landet de kjem til og fær i eige. 6So ber deim i hugen, og liv etter deim! Då fær de ord for visdom og klokskap hjå alle folkeslag; når dei høyrer um alle desse bodi, kjem dei til å segja: «For eit vist og vitugt folk det må vera, dette store folket!» 7For kvar finst det eit folk, um det er aldri so stort, som hev ein gud so nær seg som Herren, vår Gud, er oss, kvar gong me kallar på honom? 8Og kvar finst det eit folk, um det er aldri so stort, som hev so rettvise lover og bod som heile denne lovi eg legg fram for dykk i dag? 9Men agta deg, so sant du hev livet ditt kjært, at du ikkje gløymer det du såg for augo dine! Lat det aldri ganga deg ut or hugen so lenge du liver, og gjer det kunnigt for borni og barneborni dine! 10Kom i hug den dagen då du stod framfor Herren, din Gud, innmed Horeb, og Herren sagde til meg: «Kalla folket i hop! Eg vil lata deim høyra bodi mine, so dei kann læra å ottast meg all den tid dei liver på jordi, og læra borni sine det same.» 11Då kom dei innåt, og stod nedunder fjellet, og fjellet stod i ljos loge til langt upp i himmelen, men rundt ikring var myrker og sky og skodd. 12Og Herren tala til dykk midt utor elden; de høyrde ljoden av ordi, men nokon skapnad såg de ikkje; de høyrde berre ljoden. 13Då lyste han lovi si for dykk, og sagde de skulde halda henne, dei ti bodordi, og skreiv deim på tvo steintavlor. 14Og meg bad Herren same gongen å læra dykk lover og bod som de skal liva etter i det landet de er på vegen til og skal leggja under dykk. 15Tak dykk då vel i vare, so sant de hev livet kjært! for de såg ikkje nokon skapnad då Herren tala til dykk på Horeb midt utor elden. 16Gjer ikkje so stor ei synd at de lagar dykk noko gudebilæte, noko kunstverk som likjest mann eller kvende 17eller noko av dyri som leikar på jordi eller nokon av fuglarne som flyg uppi lufti, 18eller noko av kreket som krabbar på marki eller nokon av fiskarne som sym i vatnet utfyre landjordi. 19Og når du lyfter augo dine upp imot himmelen, og skodar soli og månen og stjernorne, heile himmelheren, tak deg då i vare at du ikkje let deg dåra, so du bed til deim og dyrkar deim, deim som Herren, din Gud, hev gjeve åt alle folk under heile himmelen! 20Men dykk tok Herren og førde ut or jarnomnen, or Egyptarland, so de skulde vera hans eige folk, soleis som de no er. 21Og Herren vart harm på meg for dykkar skuld, og svor at eg skulde ikkje sleppa yver Jordan, og ikkje koma inn i det gilde landet som han gjev deg til odel og eiga. 22Eg lyt døy i dette landet, eg slepp ikkje yver Jordan; men de skal koma yver, og få det gilde landet til eigedom. 23Agta dykk då at de ikkje gløymer pakti Herren hev gjort med dykk, og lagar dykk noko gudebilæte som likjest nokon ting i verdi! for det hev Herren, din Gud, forbode deg. 24Herren, din Gud, er ein øydande eld, ein streng Gud. 25Når du fær born og barneborn, og vert gamle i landet, og de då er so gudlause at de lagar dykk likjende av eitt eller anna og hev til gudebilæte, og soleis gjer det som Herren mislikar, og argar honom upp, 26so tek eg i dag himmel og jord til vitne på at de snart skal verta utrudde or det landet de fær i eige når de kjem yver Jordan; de skal ikkje få liva der lenge, men verta heiltupp utøydde. 27Herren skal spreida dykk millom folki; berre nokre få av dykk skal vera att i dei heidningriki han fører dykk til; 28og der lyt de tena gudar som mannehender hev laga, stokk og stein, som korkje kann sjå eller høyra eller eta eller lukta. 29Då skal du søkja Herren, din Gud, og du skal finna honom, so sant du søkjer honom av heile ditt hjarta og heile din hug. 30Når du er i vande, og alt dette kjem yver deg, langt fram i tidi, då skal du venda deg til Herren att, og lyda etter ordi hans. 31For Herren, din Gud, er ein mild Gud; han slepper deg ikkje, og let deg ikkje ganga til grunnar; han gløymer ikkje den pakti han gjorde med federne dine, og det han då lova. 32For spør deg berre fyre um dei framfarne dagar, som var fyre di tid, alt ifrå den dagen då Gud skapte menneskja på jordi, spør frå den eine enden av verdi til hin, um det hev hendt eller vore spurt noko so stort som dette, 33um noko folk hev høyrt Guds røyst midt utor elden, soleis som du hev gjort, og endå fenge liva, 34eller um nokon gud hev bode til å vilja henta seg eit folk midt ut or eit anna folk, med plågor og teikn og under og ufred, og med fast hand og strak arm og store rædslor, soleis som du såg Herren, din Gud, gjorde med dykk i Egyptarland. 35Men alt dette fekk du sjå, so du skulde vita at Herren er Gud, han og ingen annan. 36Frå himmelen let han deg høyra røysti si, av di han vilde rettleida deg, og på jordi synte han deg den store elden sin, og midt utor elden høyrde du ordi hans. 37Han hadde lagt hug til federne dine, og kåra ut ætti deira; difor henta han deg sjølv ut or Egyptarland med si store magt 38og vil for di skuld driva ut folk som er større og sterkare enn du, so han kann føra deg inn i landet deira, og lata deg få det til odel og eige, soleis som du no ser. 39So legg deg då i dag på hjarta og minne at Herren er Gud både uppi himmelen og nedpå jordi; det finst ingen annan Gud; 40og haldt loverne og bodi hans, som eg lærer deg no; då skal det ganga deg vel, og borni dine og, og du skal få liva lenge i det landet som Herren, din Gud, gjev deg til æveleg eiga.» 41Den gongen skilde Moses ut tri byar austanfor Jordan, 42so ein fredlaus kunde røma dit, når han uviljande hadde drepe nokon, og ikkje bar hat til honom frå fyrr; rømde han til ein av desse byarne, skulde han vera trygg for livet sitt. 43Det var Beser i øydemarki, på høgsletta, for rubenitarne, og Ramot i Gilead for gaditarne, og Golan i Basan for manassitarne. 44Her er då den lovi som Moses lagde fram for Israels-sønerne; 45dette er dei bodi og fyresegnerne og rettarne han lyste for deim på ferdi frå Egyptarland, 46austanfor Jordan, i dalen midt for Bet-Peor, i det landet som Sihon, amoritarkongen, hadde ått, han som budde i Hesbon, og som Moses og Israels-sønerne vann yver då dei kom frå Egyptarland; 47då tok dei både hans land og landet åt Og, kongen i Basan, landet åt båe amoritarkongarne som budde austanfor Jordan, 48frå Aroer, som ligg innmed Arnonåi, til Sionsfjellet, det som dei kallar Hermon, 49og heile Moalandet austanfor Jordan alt til Moavatnet, nedunder Pisgaliderne.