1Når du er komen til det landet som Herren, din Gud, gjev deg til odel og eiga, og hev lagt det under deg og fest bu der, 2då skal du taka noko av fyrstegrøda av alt som du avlar på der i landet, og leggja i ei korg, og fara til den staden Herren, din Gud, hev valt seg til bustad. 3Der skal du ganga fram for den presten som då er, og segja til honom: «Eg vitnar i dag framfor Herren, din Gud, at eg er komen til det landet han lova federne våre å gjeva oss.» 4Og presten skal taka imot korgi, og setja henne ned framfor altaret åt Herren, din Gud. 5So skal du taka soleis til ords for Herrens åsyn: «Ættefar min var ein heimlaus aramæar; han for ned til Egyptarland, og heldt til der med ein liten flokk, der vart han til eit stort og sterkt og fjølment folk. 6Men egyptarane for ille med oss, og plåga oss, og lagde tungt arbeid på oss. 7Då ropa me til Herren, vår fedregud, og Herren høyrde oss og såg møda og naudi og plåga vår. 8Og Herren henta oss ut or Egyptarland med sterk hand og strak arm, og med store og øgjelege under og teikn, 9og han førde oss hit, og gav oss dette landet, eit land som fløymer med mjølk og honning. 10Og sjå no kjem eg med fyrstegrøda av den jordi du hev gjeve meg, Herre!» So skal du leggja det ned for Herrens åsyn, og kasta deg på kne for Herren, din Gud; 11og du skal gleda deg i alt det gode Herren, din Gud, hev gjeve deg og huset ditt, både du og levitarne og dei framande som bur millom dykk. 12Når du i det tridje året, tiendåret, hev reidt ut heile tiendi av avlingi di, og gjeve levitarne og dei framande og dei farlause og enkjorne som bur millom dykk, so dei hev fenge sitt nøgje, 13då skal du tala so framfor Herren, din Gud: «No hev eg bore det heilage ut or huset, og gjeve det til levitarne og dei framande, dei farlause og enkjorne, heiltupp soleis som du hev sagt meg fyre; eg hev ikkje brote noko av bodi dine, og ikkje gløymt noko av deim. 14Ikkje hev eg ete noko av tiendi medan eg hadde sorg, og ikkje bore burt noko, medan eg var urein, og ikkje sendt noko til eit gravøl. Eg hev vore lydug mot Herren, min Gud, og i alle måtar gjort soleis som du sagde med meg. 15Sjå ned frå den heilage bustaden din i himmelen, og signa Israel, folket ditt, og det landet du hev gjeve oss, soleis som du lova federne våre, det landet som fløymer med mjølk og honning.» 16«I dag segjer Herren deg det at du skal halda desse bodi og loverne. So legg deim då på minne, og liv etter deim med heile ditt hjarta og heile din hug. 17Av Herren hev du i dag teke imot den lovnaden at han vil vera din Gud; so vil du ganga på hans vegar, og halda fyresegnerne og bodi og loverne hans og vera honom lydug. 18Og Herren hev i dag teke imot den lovnaden av deg at du vil vera hans eige folk, soleis som han hev sagt deg; og halda alle bodi hans, 19og då vil han gjera deg til det høgste av alle folk han hev skapt, til æra og gjetord og pryd, og du skal vera eit heilagt folk, vigt til Herren, din Gud, soleis som han hev sagt.»