1Når ein mann hev teke seg ei kona og ført henne heim, hender det at han ikkje kann lika henne, av di han hev funne noko ufyse hjå henne. Då skriv han kann henda eit skilsmålsbrev og gjev henne i hand, og sender henne or huset. 2Dersom no ho, etter ho hev flutt ifrå honom, gjeng stad og gifter seg med ein annan, 3og denne andre og fær uhug til henne, og gjev henne skilsmålsbrev, og sender henne frå seg, eller dersom den andre mannen hennar døyr, 4so må ikkje den fyrste mannen, som hadde skilt seg med henne, taka henne til kona att, etter ho hev vorte urein; for slikt er avstyggjelegt i Herrens augo, og du skal ikkje føra synd yver det landet som Herren, din Gud, gjev deg til odel og eiga. 5Ein nygift mann skal ikkje fara ut i strid, og det må ikkje leggjast andre tyngslor på honom heller; han skal vera fri eit heilt år, til gagn for heimen sin og til hyggja for kona som han hev fenge. 6Ingen må taka ei handkvern eller ein kvernstein i vissa; for då tek han livet i vissa. 7Kjem de yver ein mann som hev rana burt nokon av landsmennerne sine, av Israels-folket, og fer ille med honom eller sel honom, so skal ransmannen døy; soleis skal du rydja det vonde ut or lyden. 8Tak dykk i vare for spillsykja! tak dykk vel i vare, og gjer som Levi-prestarne lærer dykk! Soleis som eg hev sagt deim fyre, lyt de leggja dykk vinn um å gjera. 9Kom i hug kva Herren, din Gud, gjorde med Mirjam då de var på vegen frå Egyptarland! 10Når du låner ein noko, må du ikkje ganga inn i huset hans og taka det du skal hava i vissa. 11Du skal standa utanfor, og den du gjev lånet, skal sjølv koma ut til deg med vissa. 12Er det ein fatigmann, so må du ikkje hava vissa hans hjå deg um natti; 13du skal lata honom få henne att når soli glader, so han kann sova i kjolen sin; då vil han takka og velsigna deg, og Herren, din Gud, vil rekna deg det til rettferd. 14Du skal ikkje vera hard mot ein arbeidsmann som lid naud og er fatig, anten han høyrer til ditt eige folk, eller det er ein av dei framande som held til hjå dykk, i by eller bygd. 15Du skal gjeva honom løni si på dagen, og fyrr enn soli glader; for han er fatig, og stundar etter løni. Elles kunde han klaga deg for Herren, og du fekk synd på deg. 16Foreldre skal ikkje lata livet for det borni hev gjort, og born ikkje for det foreldri hev gjort; ingen skal lata livet for anna enn sine eige brot. 17Du skal ikkje rengja retten for ein framand eller farlaus, og ikkje taka klædi åt ei enkja i vissa. 18Kom i hug at du var træl i Egyptarland, men Herren, din Gud, fria deg ut derifrå. Difor forbyd eg deg å gjera sovore. 19Når du køyrer inn lodi og gløymer att eit rauk på åkeren, skal du ikkje ganga attende etter det; du skal lata dei framande og farlause og enkjorne hava det; då skal Herren, din Gud, velsigna deg i alt du tek deg fyre. 20Når du hev rist oljetrei, skal du ikkje leita etter frukt som kann ha vorte hangande på greinerne; den lyt dei framande og dei farlause og enkjorne få. 21Når du hev hausta vinhagen, skal du ikkje henta dei druvorne som att er; dei skal vera åt dei framande og dei farlause og enkjorne. 22Kom i hug at du var træl i Egyptarlandet! Difor er det eg segjer deg at du skal fara so.