1Ser du ein framand ukse eller sau som hev kome på vidåtta, so skal du ikkje slengje deg undan; du skal hava deim attende til den som eig deim; 2men bur ikkje han tett attmed deg, eller veit du ikkje kven det er, so skal du taka deim heim til deg sjølv, og hava deim der, til eigaren kjem og spør etter deim, so du kann få gjeve honom deim att. 3Det same skal du gjera når du finn eit asen eller eit klædeplagg, eller kva det elles kann vera, som ein annan hev mist, eller som hev kome burt for honom; du må ikkje slengja deg undan. 4Ser du annan manns asen eller ukse liggjande i ålvelta på vegen, so må du ikkje slengja deg undan, men hjelpa mannen å reisa deim upp att. 5Eit kvende må ikkje ganga i karmannsbunad, og ein kar må ikkje klæda seg i kvendeklæde; for dei som det gjer, er avstyggjelege for Herren, din Gud. 6Når du fer etter ein veg, og fær sjå eit fuglereir med ungar eller egg i eit tre eller på marki, og mori ligg på reiret, so skal du ikkje taka både mori og ungarne; 7du skal lata mori fljuga, men ungarne kann du taka. Då skal du få liva både vel og lenge. 8Når du byggjer deg nytt hus, skal du setja eit handriv kring taket; elles kunde einkvar detta ned, og då kom du til å føra blodskuld yver huset ditt. 9Du skal ikkje så noko i vinhagen din; gjer du det, so fell heile avlingi under heilagdomen, både av det du hev sått, og av vintrei. 10Du skal ikkje setja ein ukse og eit asen i hop for plogen 11Du skal ikkje ganga med klæde som er gjorde av tvo slag vyrke, ull og lin i hop. 12Du skal gjera deg duskar i alle fire snipparne på kjolen du gjeng med. 13Når ein mann tek seg ei kona, men fær uhug til henne etter dei hev kome i hop, 14og so kjem med skuldingar mot kona, og set ut eit stygt ord um henne, og segjer: «Eg gifte meg med denne kvinna, men då me kom i hop, skyna eg at ho hadde mist møydomen,» 15so skal foreldri åt den unge kona taka møydomsmerki hennar, og fara til tings, 16og faren skal segja so til styresmennerne: «Eg let denne mannen få dotter mi, men no hev han fenge uhug til henne, 17og so kjem han med skuldingar mot henne, og segjer: «Eg fann ikkje møydom hjå dotter di;» men sjå her er møydomsmerki hennar.» Dermed skal dei breida ut brurelakanet for augo åt styresmennerne. 18Og styresmennerne skal taka mannen og gjeva honom hogg, 19og leggja honom ei bot på hundrad sylvdalar; deim skal dei gjeva til far åt den unge kona. Det skal den mannen hava for di han sette ut eit stygt ord um ei møy i Israel; og ho skal vera kona hans som ho hev vore; han skal aldri hava lov til å skilja seg med henne. 20Men er skuldingi sann, hadde ikkje ho møydomen sin, 21so skal dei føra henne burt til døri til farshuset hennar, og mennerne der i byen skal steina henne i hel, for di ho hev gjort eit skjemdarverk og fare åt som ei skjøkja i huset åt far sin. Soleis skal du rydja det vonde ut or lyden. 22Kjem de yver ein mann som ligg hjå ei gift kona, so skal dei døy båe tvo, både mannen og kona han låg hjå; soleis skal du rydja det vonde ut or Israel. 23Er ei ungmøy trulova med ein mann, og ein annan mann råkar henne i byen, og ligg hjå henne, 24so skal de stemna båe tvo for retten, og so steina deim i hel, gjenta for di ho ikkje ropa på hjelp, endå det var i byen dette hende, og mannen for di han hev skjemt ut annan manns festarmøy; soleis skal du rydja det vonde ut or lyden. 25Men er det ute på marki ein mann råkar ei gjenta som er trulova, og han tek henne med magt, og ligg hjå henne, so skal berre mannen lata livet; 26gjenta skal du ikkje gjera noko; ho hev ingi synd gjort som ho skulde missa livet for. For med dette er det som når ein mann ryk på ein annan og slær honom i hel. 27Mannen råka gjenta ute på marki, og ho skreik, men der var ingen til å hjelpa henne. 28Når ein mann råkar på ei ungmøy som ikkje er trulova, og han tek henne og ligg hjå henne, og folk kjem yver deim, 29so skal mannen gjeva far åt gjenta eit halvt hundrad sylvdalar, og ho skal verta kona hans, for di han hev skjemt henne ut, og han må aldri skilja seg med henne. 30Ingen må taka stykmor si til kona, eller søkja seng med henne.