1Når det stig fram ein profet millom dykk, eller ein som hev draumsyner, og han spår dykk eit teikn eller under, 2[2-3] og segjer: «Lat oss fylgja andre gudar» - gudar som du ikkje kjenner - «og beda til deim!» so lyd ikkje etter kva slik ein profet eller draumsjåar segjer, um det so horver etter som han spådde; for Herren vil då røyna dykk og sjå um de elskar honom av heile dykkar hjarta og heile dykkar hug. 3[-] 4Herren, dykkar Gud, skal de fylgja, og honom skal de ottast; hans bod skal de lyda, og hans ord skal de høyra; honom skal de tena, og honom skal de halda dykk til. 5Og denne profeten eller draumsjåaren skal lata livet, for di han talde dykk til å falla frå Herren, dykkar Gud, som førde dykk ut or Egyptarlandet, og fria dykk ut or slavehuset, og for di han vilde lokka deg burt frå den vegen som Herren, din Gud, hev sagt du skal ganga. Soleis skal de rydja det vonde ut or lyden. 6Um bror din, son åt di eigi mor, eller son din, eller dotter di, eller kona di, som du held i fanget, eller venen din, som du hev so kjær som ditt eige liv - um nokon av desse lokkar deg i løynd, og vil få deg til å dyrka ein annan gud, som du ikkje kjenner, og federne dine aldri hev kjent, 7ein av gudarne åt dei folki som bur rundt ikring dykk, tett innmed eller langt undan, frå den eine enden av jordi til hin, 8so skal du ikkje fara etter honom, og ikkje høyra på honom; du skal ikkje tykkja synd i honom, og ikkje spara honom, og ikkje dylja brotet hans, 9men du skal drepa honom; sjølv skal du vera den fyrste som lyfter handi mot honom, og sidan skal heile folket gjera det same. 10Du skal steina honom i hel, for di han freista å lokka deg burt frå Herren, din Gud, som førde deg utor Egyptarlandet, or slavehuset. 11Og heile Israel skal høyra det og ræddast, so det aldri meir vert gjort so stygg ei synd millom dykk. 12[12-13] Høyrer du gjete gudlause menner som hev stige fram millom dykk, i nokon av dei byarne som Herren, din Gud, gjev deg til å bu i, og fenge folket i byen til å dyrka andre gudar, som de ikkje kjenner, 13[-] 14so skal du lyda etter, og spyrja deg vel fyre, og granska saki vel, og syner det seg då å vera sant, er det visst og vitnefast at det hev vore gjort slikt skjemdarverk hjå dykk, 15so skal du bannstøyta den byen og alt som i honom er, og hogga ned både folk og fe. 16Alt herfanget du tek der, skal du samla i hop midt på torget, og brenna upp både det og byen til eit heiloffer åt Herren, din Gud, og sidan skal byen i all æva vera ein grushaug, og må aldri byggjast upp att. 17Du må ikkje halda att noko av det som er bannstøytt; då skal Herren stagga sin brennande vreide, og gjeva deg nåde, og hava deg kjær, og auka ætti di, som han lova federne dine - 18so sant du lyder Herren, din Gud, og held alle bodi hans, deim som eg ber fram for deg i dag, og gjer det som rett er i hans augo.