1So elska då Herren, din Gud, og haldt det han vil du skal halda, loverne og rettarne og bodi hans, alle dagar. 2Kom i hug at det er dykk eg talar til no, og ikkje borni dykkar; for dei kjenner ikkje til og hev ikkje set Herrens rettleiding og tukt, hans store velde, hans sterke hand og strake arm, 3dei under og storverk han gjorde i Egyptarland med Farao, egyptarkongen, og heile landet hans, 4og det han gjorde med egyptarheren, med hestarne og vognerne deira, då han let Sevhavs-bylgjorne strøyma i hop yver deim, medan dei sette etter dykk, og gjorde ende på deim, so ingen hev set deim meir, 5og det han gjorde for dykk i øydemarki alt til de kom hit, 6og det han gjorde med Datan og Abiram, sønerne åt Eliab, son åt Ruben, då jordi let upp gapet sitt midt i Israels-lægret, og gløypte deim og huslydarne og buderne deira og kvart liv som var med deim. 7De sjølve er det som med eigne augo hev set alle dei storverki Herren hev gjort. 8So haldt då alle dei bodi eg lærer dykk no, so de kann verta sterke, og eigna til dykk det landet de er på vegen til og skal leggja under dykk, 9og so de kann få liva lenge i det landet Herren lova federne dykkar at han vilde gjeva deim og ætti deira, eit land som fløymer med mjølk og honning. 10For det landet du er på vegen til og skal eigna til deg, er ikkje likt Egyptarlandet, som du kjem ifrå. Det laut du vatna som ein kålhage, kvar gong du hadde sått; 11men det landet du no fer yver til og skal taka i eige, det er eit land med fjell og dalar: av himmelregnet drikk det seg utyrst; 12det er eit land som Herren ber umsut for; allstødt vaktar augo hans på det, frå årsens fyrste dag til den siste. 13«Lyder du no dei bodi eg gjev dykk i dag,» segjer Herren, «elskar og tener du Herren, din Gud, av heile ditt hjarta og heile din hug, 14so skal gjeva landet ditt regn i rette tid, både haust og vår, og du skal samla i hus korn og olje og vin, 15og gras skal eg lata veksa på marki for buskapen din, og du skal få nøgdi av alt.» 16Men agta deg at ditt hjarta ikkje vert dåra, so du fell ifrå, og tener framande gudar, og legg deg på kne for deim; 17for då vert Herren din harm, og stengjer himmelen att, so det ikkje kjem noko regn, og jordi ikkje gjev grøda, og vonom snøggare kverv du burt or det ovgilde landet som Herren gjev deg til eiga. 18So legg dykk då desse ordi mine på hjarta og minne! Bind deim på handi til merke, og ber deim som hovudband yver augo! 19Lær deim til borni dine, og tala um deim når du sit heime, og når du gjeng etter vegen, og når du legg deg, og når du ris upp att. 20Skriv deim på dørskierne i huset og på dine portar, 21so du og borni dine kann festa bu i det landet som Herren sjølv hev lova å gjeva federne dine, og liva der likso lenge som soli skin yver jordi! 22For agtar du vel på alle dei bodi eg gjev deg, og liver etter deim, elskar du Herren, din Gud, og allstødt gjeng på hans vegar og held deg til honom, 23so skal han driva alle desse folki or landet; folk som er større og sterkare enn du er sjølv, skal du jaga; 24kvar flekken du set foten på, skal høyra deg til; frå Øydemarki og Libanon, frå Eufratelvi til Vesterhavet skal riket ditt nå. 25Ingen skal kunna standa seg imot deg; otte for deg og rædsla skal koma yver kvart land du stig på med foten din, soleis som Herren hev sagt deg. 26Sjå i dag legg eg fram for deg velsigning og våbøn: 27velsigning, so sant du lyder bodi åt Herren, din Gud, deim som eg kjem til deg med no, 28og våbøn, so framt du ikkje lyder bodi åt Herren, din Gud, men tek utav den leidi eg segjer deg fyre, og held deg til andre gudar, som du ikkje veit noko um. 29Når då Herren fører deg inn i det landet du skal taka i eige, so skal du lysa velsigningi på Garizim og våbøni på Ebal; 30det er dei fjelli du veit, som ligg på hi sida Jordan, burtanfor vestervegen, i det landet som kananitarne eig, dei som bur på Moarne midt for Gilgal, tett innmed Spåmannseikerne. 31For no gjeng du yver Jordan, og skal taka imot det landet som Herren, din Gud, gjev deg; når du so hev eigna det til deg, og bur i det, 32sjå då til at du held alle dei loverne og bodi eg legg fyre deg i dag!