1Kong Nebukadnessar let gjera eit bilæte av gull, seksti alner høgt og seks alner breidt; det fekk han sett upp på Durasletta i Babelsfylket. 2Og kong Nebukadnessar sende ut menner som skulde stemna saman satraparne og jarlarne og landshovdingarne og rådsmennerne og skattmeistrarne og dei lovkunnige og domarane og alle andre embætsmenner i fylki, at dei skulde koma til vigsla av det bilætet som kong Nebukadnessar hadde fenge reist. 3Då samla dei seg, satraparne og jarlarne og landshovdingarne og rådsmennerne og skattmeistrarne og dei lovkunnige og domararne og alle andre embetsmenner i fylki og skulde vigsla det bilætet som Nebukadnessar hadde fenge reist; og då dei so stod framfor det bilætet som Nebukadnessar hadde fenge reist, 4ropa ein herold med høg røyst: «Det vere dykk sagt, de folk og ætter og tungemål: 5Når de høyrer ljoden av horn, fløyta, cither, harpa, psalter, sekkjepipa og alle slags andre spel, då skal de falla ned og tilbeda det gull-bilætet som kong Nebukadnessar hev fenge reist. 6Men den som ikkje fell ned og tilbed, skal i same stundi verta kasta i ein brennande omn.» 7So snart alt folket no høyrde ljoden av horn, fløyta, cither, harpa, psalter og alle andre slags spel, fall dei difor ned, alle folk og ættar og tungemål, og tilbed det gull-bilætet som kong Nebukadnessar hadde fenge reist. 8Men straks etter stod nokre kaldæiske menner fram og klaga jødarne. 9Dei tok til ords og sagde til kong Nebukadnessar: «Kongen live æveleg! 10Konge, du hev gjeve bod um at alle menneskje skulde falla ned og tilbeda gull-bilætet når dei høyrde ljoden av horn, fløyta, cither, harpa, psalter, sekkjepipa og alle andre spel, 11og at kvar og ein som ikkje fell ned og tilbed, skal verta kasta i ein brennande omn. 12Men no er her nokre jødiske menner, Sadrak, Mesak og Abed-Nego, som du sette til å styra Babelsfylket. Desse mennerne hev ikkje agta på deg, konge. Dei dyrkar ikkje dine gudar, og ikkje tilbed dei gull-bilætet som du hev fenge reist.» 13Då baud Nebukadnessar i vreide og harm at dei skulde føra fram Sadrak, Mesak og Abed-Nego. Og dei førde mennerne fram for kongen. 14Nebukadnessar tala til deim og sagde: «Er det med vilje at de, Sadrak, Mesak og Abed-Nego, ikkje dyrkar mine gudar og ikkje tilbed det gull-bilætet som eg hev fenge reist? 15Ja, ja, alt skal verta godt att, so framt de er viljuge til å falla ned og tilbeda det bilætet som eg hev fenge gjort, når de høyrer ljoden av horn, fløyta, cither, harpa, psalter og sekkjepipa og alle slag andre spel. Men dersom de ikkje tilbed, so skal de i same stundi verta kasta i den brennande omn; og kven er den gud som då kann frelsa dykk or mi hand?» 16Då svara Sadrak, Mesak og Abed-Nego og sagde til kongen: «Nebukadnessar, me tarv ikkje gjeva deg noko svar på dette. 17Um vår Gud, han som me dyrkar, magtar å frelsa oss, so skal han og frelsa oss or den brennande omnen og or di hand, konge. 18Men um han ikkje det vil, so skal du vita, konge, at me dyrkar ikkje dine gudar kor som er, og at me ikkje vil tilbeda det gull-bilætet som du hev fenge reist.» 19Då rann det slikt sinne i Nebukadnessar mot Sadrak, Mesak og Abed-Nego, at han skifte liter i andlitet. Og han tok til ords og baud at dei skulde gjera omnen sju gonger so heit som elles var turvande. 20Og nokre handfaste karar i heren hans fekk fyresegn um å binda Sadrak, Mesak og Abed-Nego og kasta deim i den brennande omnen. 21So vart mennerne bundne i underklædi, kjolarne, kapporne og dei andre klædi sine og kasta i den brennande omnen. 22Men etter di bodet åt kongen hadde vore so strengt, og omnen difor var vorten so uhorveleg upphita, vart dei mennerne som førde Sadrak, Mesak og Abed-Nego upp dit, sjølv drepne av eldslogarne. 23Men dei tri mennerne, Sadrak, Mesak og Abed-Nego, vart kasta bundne ned i den brennande omnen. 24Då stokk kong Nebukadnessar og stod svint upp og spurde rådsherrarne sine og sagde: «Var det ikkje tri menner me batt og kasta i elden?» Dei svara og sagde til kongen: «Jau visst, konge.» 25Han heldt fram og sagde: «Og endå ser eg no fire menner som gjeng lause og leduge inne i elden, og inkje mein hev dei fenge; og den fjorde ser ut som ein gudeson. 26Dermed steig Nebukadnessar fram til døri på den brennande omnen, tok til ords og sagde: Sadrak, Mesak og Abed-Nego, de tenarar åt den høgste Gud, kom ut her!» Då gjekk Sadrak, Mesak og Abed-Nego ut or elden. 27Og satraparne og jarlarne og landshovdingarne og rådsherrarne åt kongen samla seg saman der, og fekk sjå at elden ikkje hadde havt nokor magt yver likamen til desse mennerne, og at håret på hovudi deira ikkje var svidt, og at klædi deira ikkje var skadde; ja, ein kunde ikkje ein gong kjenna lukti av noko brent på deim. 28Då tok Nebukadnessar til ords og sagde: «Lova vere Gud åt Sadrak, Mesak og Abed-Nego, som sende engelen sin og frelsa tenararne sine, som trøysta seg so fast til honom at dei braut ordi åt kongen og våga livet sitt, so dei ikkje skulde nøydast til å dyrka og tilbeda nokon annan gud enn sin eigen Gud! 29So gjev eg no det bodet at kven det so er av alle folk og ætter og tungemål som segjer noko usømelegt um Sadrak, Mesak og Abed-Negos Gud, han skal hoggast i sund, og huset hans skal gjerast til ein sorphaug; for det finst ingen gud som kann hjelpa so som han.» 30So let kongen Sadrak, Mesak og Abed-Nego koma til stor æra og magt i Babelsfylket.