1«På den tidi skal Mikael stiga fram, den store hovdingen som stend verja for borni åt folket ditt; og det kjem ei trengsletid som det ikkje hev vore makan til alt frå den dagen då det vart folk til, og like til den tidi. Men på den tidi skal alle dei av folket ditt verta frelste som finst skrivne i boki. 2Og mange av deim som søv i moldi, skal vakna upp, sume til æveleg liv sume til skam og æveleg stygg. 3Då skal dei vituge skina som himmelkvelven skin, og dei som hev ført mange til rettferd, som stjernor æveleg og alltid. 4Men du, Daniel, må gøyma ordi og forsigla boki alt til endetidi; mange skal granska henne, og kunnskapen skal auka.» 5Då eg, Daniel, no såg til, fekk eg sjå tvo andre som stod der, ein på den eine elvebakken og ein på den andre elvebakken. 6Og ein av deim sagde til mannen som var klædd i linklæde, og som stod ovanfor vatnet i elvi: «Kor lenge drygjer det fyrr enden kjem med desse underfulle hende?» 7Og eg høyrde på mannen som var klædd i linklæde, og som stod ovanfor vatnet i elvi; han lyfte høgre handi si og vinstre handi si upp imot himmelen og svor ved honom som liver æveleg: «Ei tid og tider og ei halv tid; og når magti åt det heilage folket er krasa, då skal alt dette fullendast.» 8Og eg høyrde det, men eg skyna det ikkje, og eg spurde: «Herre min, kva er endelykti på dette?» 9Då sagde han: «Gakk du, Daniel; for desse ordi er løynde og forsigla alt til endetidi. 10Mange skal verta reinsa og tvegne og skirde; men dei gudlause skal driva på med si gudløysa, og ingen gudlaus skal skyna det; men dei vituge skal skyna det. 11Og frå den tid då det daglege offeret vert avteke og den øydande styggedomen sett upp, skal det ganga eit tusund tvo hundrad og nitti dagar. 12Sæl er den som biar og når fram til eit tusund tvo hundrad og fem og tretti dagar. 13Men gakk du av stad til endelykti! Når du hev kvilt, skal du standa upp og få din lut, når dagarne fær ende.»