1Men medan dei tala til folket, kom prestarne og hovudsmannen for tempelvakti og sadducæarane yver deim, 2då dei harma seg yver at dei lærde folket og forkynte i Jesus uppstoda frå dei daude; 3og dei lagde hand på deim og sette deim i fengsel til næste dagen; for det var alt kveld. 4Men mange av deim som hadde høyrt ordet, kom til tru, og talet på mennerne vart umkring fem tusund. 5So hende det seg dagen etter, at deira rådsherrar og styresmenner og skriftlærde kom saman i Jerusalem, 6og med deim øvstepresten Annas og Kajafas og Johannes og Aleksander, og so mange som var av øvstepresteleg ætt. 7Og dei stelte deim fram for seg og spurde: «Kva kraft eller kva namn gjorde de dette ved?» 8Då sagde Peter til deim, fyllt av den Heilage Ande: «De rådsherrar for folket og Israels styresmenner! 9Når me i dag vert forhøyrde um ei velgjerning mot ein vanfør mann, kva han er lækt ved, 10so skal det vera kunnigt for dykk alle og heile Israels folk, at ved nasaræaren Jesu Kristi namn, han som de krossfeste, men som Gud reiste upp frå dei daude, ved honom stend denne frisk for dykkar augo. 11Han er den steinen som vart forsmådd av dykk, bygningsmenner, men som vart til hyrnestein. 12Og ikkje er det frelsa i nokon annan; for ikkje er der heller noko anna namn under himmelen, gjeve millom menneskje, som me skal verta frelste ved.» 13Men då dei såg slikt frimod hjå Peter og Johannes, og fekk vita at dei var ulærde lækfolk, undra dei seg; og dei kjende deim, at dei hadde vore med Jesus. 14Men då dei såg den mannen som hadde vorte lækt, standande hjå deim, hadde dei ikkje noko å segja imot. 15Men dei baud deim ganga ut ifrå rådet, og dei samrådde seg med kvarandre og sagde: 16«Kva skal me gjera med desse menneskje? for at eit audkjent teikn er gjort ved deim, det er synbert for alle deim som bur i Jerusalem, og me kann ikkje neitta det. 17Men for at det ikkje skal verta bore vidare utyver til folket, so lat oss strengt påleggja deim at dei ikkje meir må tala til noko menneskje i dette namnet.» 18So kalla dei deim inn og baud deim at dei slett ikkje måtte tala eller læra i Jesu namn. 19Men Peter og Johannes svara og sagde til deim: «Døm sjølve, um det er rett for Guds åsyn å lyda dykk meir enn Gud! 20for me kann ikkje anna enn tala um det som me hev set og høyrt.» 21Dei truga deim då endå meir og let deim ganga, då dei ikkje kunde finna nokor råd til å refsa deim for folket skuld; for alle lova Gud for det som hendt var. 22For han var meir enn fyrti år gamall den mannen som dette lækjedoms-teiknet hadde hendt med. 23Då dei so slapp lause, kom dei til sine eigne og fortalde det som øvsteprestarne og styresmennerne hadde sagt til deim. 24Då dei høyrde det, lyfte dei samlyndt si røyst til Gud og sagde: «Herre, du som gjorde himmelen og jordi og havet og alt det som i deim er, 25du som sagde gjenom din tenar Davids munn: «Kvifor rasa heidningarne og lagde folki fåfengde råd? 26Kongarne på jordi reiste seg, og hovdingarne samla seg saman imot Herren og imot den han salva.» 27Ja, i sanning, i denne byen slo dei seg saman mot din heilage tenar Jesus, som du salva, både Herodes og Pontius Pilatus med heidningarne og Israels folk, 28til å gjera det som di hand og di råd fyreåt hadde fastsett skulde hendast. 29Og no, Herre! sjå til deira trugsmål, og gjev dine tenarar å tala ditt ord med alt frimod, 30med di du retter ut di hand til lækjing og teikn og under ved din heilage tenar Jesu namn!» 31Og då dei hadde bede, skalv romet der dei var samankomne, og alle vart fyllte med den Heilage Ande, og dei tala Guds ord med frimod. 32Men heile mengdi av dei truande hadde eitt hjarta og ei sjæl. Og ikkje ein sagde at noko av hans gods var hans eige; men dei hadde alle ting til sameiga. 33Og med stor kraft bar apostlarne vitne um Herren Jesu uppstoda, og stor nåde var yver deim alle. 34For det var ikkje heller nokon trengande millom deim; for so mange som åtte jord eller hus, selde deim og bar fram pengeverdet for det som dei hadde selt, 35og lagde det for føterne på apostlarne; og det vart utskift til kvar, etter som nokon hadde trong til. 36Men Josef, som apostlarne hadde kalla med tilnamn Barnabas, det tyder: påminnaren, ein levit, ætta frå Kypern, 37som åtte ein åker, selde honom og bar pengarne fram og lagde deim for føterne på apostlarne.