1Då me no var berga, fekk me vita at øyi heitte Malta. 2Dei innfødde synte oss uvanleg mannemilda; dei kveikte ein eld og tok seg av oss alle saman, då det tok til å regna og var kaldt. 3Men då Paulus tok saman ein haug med turrkvist og lagde på elden, kom det for varmen skuld ein orm ut og beit seg fast i handi hans. 4Då dei innfødde såg dyret hanga ved handi hans, sagde dei til kvarandre: «Dette menneskjet er i all vissa ein mordar, som den hemnande rettferd ikkje gjev lov til å liva, endå han er berga frå havet.» 5Han riste dyret av seg inn i elden og hadde ikkje noko mein av det. 6Men dei venta at han skulde trutna upp eller brått siga daud ned. Men då dei hadde venta ei lang stund og såg at det ikkje hende honom noko ilt, slo dei um og sagde at han var ein gud. 7Men ikkje langt frå den staden hadde den fyrste mannen på øyi ein gard; mannen heitte Publius, og han tok imot oss og synte oss venleg gjestmildskap i tri dagar. 8Og det råka so til, at far åt Publius låg hardt sjuk av feber og blodgang. Paulus gjekk inn til honom og bad og lagde henderne på honom og lækte honom. 9Og då dette hadde hendt seg, kom og dei andre på øyi som hadde sjukdomar, og dei vart lækte. 10Dei gjorde og stor æra på oss, og då me for derifrå, førde dei um bord slikt som me kunde trenga til. 11Då tri månader var lidne, for me derifrå på eit skip frå Aleksandria, som hadde lege vinteren yver ved øyi og hadde Tvillingarne til merke. 12Og me kom inn til Syrakus og vart verande der i tri dagar. 13Derifrå siglde me ikring og kom til Regium; og då det vart sunnanvind dagen etter, kom me på tvo dagar til Puteoli. 14Der fann me brør og vart bedne um å drygja sju dagar hjå deim. Og so kom me til Rom. 15Og då brørne der fekk høyra um oss, gjekk dei ut imot oss til Forum Appii og Tres Tabernæ; då Paulus såg deim, takka han Gud og fekk mod. 16Då me so var komne til Rom, gav hovudsmannen fangarne yver til hovdingen for livvakti. Men Paulus fekk lov til å bu for seg sjølv saman med den hermannen som vakta honom. 17Og då tri dagar var gjengne, hende det seg at Paulus kalla saman dei fyrste menner av jødarne der i byen, og då dei var komne saman, sagde han til deim: «Brør! Eg, som ingen ting hev gjort imot vårt folk eller våre fedre-seder, eg er frå Jerusalem yvergjeven som fange i henderne på romarane. 18Då dei hadde forhøyrt meg, vilde dei lata meg laus, av di det ikkje var nokor daudssak imot meg. 19Men då jødarne sette seg imot det, vart eg nøydd til å skjota saki inn for keisaren, men ikkje som um eg hadde noko klaga mitt folk for. 20For den sak skuld hev eg då kalla dykk hit, so eg kunde få sjå dykk og tala med dykk; for det er for Israels von skuld eg ligg i denne lekkja.» 21Dei sagde til honom: «Me hev ikkje fenge noko brev um deg frå Judæa, og ikkje hev nokon av brørne heller kome hit og fortalt eller sagt noko vondt um deg. 22Men me finn det rett at du let oss høyra dine tankar; for um denne serflokken er det oss kunnigt at han vert motsagd alle stader.» 23Då dei hadde fastsett ein dag for honom, kom det ein større flokk til honom der han budde; og han lagde då ut for deim og vitna um Guds rike og søkte å yvertyda deim um Jesus ut av Mose lov og profetarne, frå tidleg um morgonen til seint på kvelden. 24Og nokre vart yvertydde ved det han sagde, men andre var vantruande. 25Dei gjekk frå kvarandre i usemja då Paulus hadde sagt det eine ordet: «Retteleg tala den Heilage Ande til dykkar feder ved profeten Jesaja, 26då han sagde: «Gakk til dette folket og seg: «De skal høyra og høyra og ikkje skyna, og sjå og sjå og ikkje skilja, 27for hjarta i dette folket hev vorte hardt, og dei er tunghøyrde på øyro, og dei let att augo sine, so dei ikkje skal sjå med augo og høyra med øyro og skyna med hjarta og venda um, so eg kunde få lækja deim.»» 28So vere det då kunnigt for dykk, at denne Guds frelsa er send til heidningarne; hjå deim skal ho og finna øyra.» 29Og då han hadde sagt dette, gjekk jødarne burt og hadde eit kvast ordskifte seg imillom. 30Han vart då verande heile tvo år i det herbyrget som han hadde leigt seg, og tok imot alle som kom til honom, 31og han forkynte Guds rike og lærde um Herren Jesus med alt frimod og utan hinder.