1Då det no var avgjort at me skulde sigla av stad til Italia, gav dei både Paulus og nokre andre fangar yver til ein hovudsmann med namnet Julius ved den keisarlege herflokken. 2Me gjekk då um bord på eit skip frå Adramyttium, som skulde sigla frammed Asialandet, og so lagde me ut; Aristarkus, ein makedonar frå Tessalonika, var med oss. 3Og den andre dagen for me inn til Sidon, og Julius, som var menneskjekjærleg mot Paulus, let honom få ganga til venerne sine og njota godt av deira omsut. 4Derifrå for me ut og siglde inn under Kypern, av di det var motvind. 5Og då me hadde siglt yver havet ved Kilikia og Pamfylia, kom me til Myra i Lykia. 6Der fann hovudsmannen eit skip frå Aleksandria, som skulde til Italia, og han sette oss um bord i det. 7I mange dagar gjekk det no seint med siglingi, og det var med naud me vann fram imot Knidus; då vinden var imot, heldt me inn under Kreta ved Salmone, 8og det var med naud me vann framum der og kom til ein stad som vert kalla Godhamn, nær ved ein by Lasæa. 9Då lang tid var lidi, og det alt var fårleg å ferdast på sjøen, etter som jamvel fastetidi var ute, vara Paulus deim og sagde: 10«Menner, eg ser at sjøferdi vil vera eit våverk og til stor skade ikkje berre farm og skip, men og for vårt eige liv.» 11Men hovudsmannen hadde betre tru til styrmannen og skiperen enn til det som Paulus sagde. 12Og då hamni var ulagleg til vinterlægje, tok dei fleste den rådi å leggja ut ogso derifrå, um dei skulde kunna vinna fram og taka vinterlægje i Føniks, ei hamn på Kreta, som vender mot sudvest og nordvest. 13Då det no bles ein linn sunnanvind, tenkte dei at dei kunde fullføra si rådgjerd. Dei letta då og heldt tett frammed Kreta. 14Men ikkje lenge etter kom det ein kvervelstorm som vert kalla eurakylon, og kasta seg mot øyi; 15då skipet kom på rek og ikkje kunde halda seg upp mot vinden, gav me det upp og let oss driva. 16Me gjekk då inn under ei liti øy, som vert kalla Klauda, og det var med naud me fekk berga inn båten; 17då dei hadde fenge honom inn, tok dei til naudhjelp og surra skipet med tog. Og då dei var rædde for å driva ned på Syrten, strika dei seglet og dreiv på den måten. 18Då me leid mykje vondt av veret, kasta dei den andre dagen farmen yver bord, 19og tridje dagen kasta me ut skipsreidskapen med eigne hender. 20Sidan korkje sol eller stjernor synte seg på fleire dagar, og veret stod stridt på, var det no reint ute med all von um å verta berga. 21Og då dei ikkje hadde fenge mat på lenge, steig Paulus fram midt imillom deim og sagde: «Menner, de skulde ha fylgt mi råd og ikkje fare frå Kreta og so sloppe for dette våverket og denne skaden. 22Og no manar eg dykk til å vera ved godt mod; for ikkje ei sjæl av dykk skal forgangast, men berre skipet. 23For i natt stod det framfyre meg ein engel frå den Gud som eg tilhøyrer, og som eg tener, og han sagde: 24«Ver ikkje rædd, Paulus! du skal stella deg fram for keisaren; og sjå, Gud hev gjeve deg alle deim som siglar med deg.» 25Difor, menner, ver ved godt mod, for eg lit på Gud, at det skal verta so som det er sagt meg. 26Men på ei øy skal me stranda.» 27Då den fjortande natti kom, og me dreiv ikring i Adriatarhavet, merka sjøfolki ved midnatt at det bar nær til land. 28Og då dei lodda, fann dei tjuge famnar. Men då dei var komne ei lite stykke derifrå og lodda på nytt, fann dei femtan famnar. 29Og då dei var rædde for at dei skulde støyta på skjer nokon stad, kasta dei fire anker frå bakstamnen; og dei stunda på at det måtte verta dag. 30Men sjømennerne freista å røma burt frå skipet og sette båten på sjøen og lest vilja føra anker ut frå framstamnen; 31då sagde Paulus til hovudsmannen og hermennerne: «Dersom ikkje desse der vert verande um bord på skipet, so kann de ikkje verta berga.» 32Då hogg hermennerne togi til båten av, og slepte honom ned. 33Då det so leid mot dag, bad Paulus alle å taka føda, og han sagde: «I dag er det den fjortande dagen som de ventar fastande, og ikkje fær dykk mat. 34Difor bed eg dykk å taka føda; dette høyrer med til dykkar berging; for det skal ikkje forkomast eit hår av hovudet på nokon av dykk.» 35Då han hadde sagt dette, tok han eit brød og takka Gud for augo på alle, og han braut det og tok til å eta. 36Då vart dei alle ved godt mod og tok føda, dei og. 37Me var i det heile tvo hundrad og seks og sytti sjæler um bord på skipet. 38Og då dei hadde ete seg mette, letta dei skipet med å kasta matvarorne i sjøen. 39Då det no vart dag, kjende dei ikkje landet, men dei vart vare ei vik som hadde ei flat strand; der vilde dei setja skipet på land, um det var mogelegt. 40Og dei slepte ankeri og let deim etter i havet, medan dei og løyste togi som dei hadde bunde styri med, og då dei hadde vunde seglet upp for vinden, heldt dei inn imot strandi. 41Men dei dreiv inn på ein grunne med djup sjø på båe sidor, og skipet støytte på; og framstamnen, som sette seg fast, vart standande urørleg, men bakstamnen vart sundslegen av det sterke bårebrotet. 42No vilde hermennerne drepa fangarne, so ingen skulde symja burt og røma. 43Men hovudsmannen, som vilde berga Paulus, hindra deim i denne rådi og gav det påbodet at dei som kunde symja, fyrst skulde kasta seg ut og koma i land, 44og so dei andre, sume på bordstubbar, andre på stykke av skipet. Og soleis hende det seg at alle vart berga i land.