1Då sagde Agrippa til Paulus: «Du fær lov til å tala um deg sjølv.» Då rette Paulus handi ut og forsvara seg soleis: 2«Imot alt det som jødarne klagar meg for, prisar eg meg lukkeleg, kong Agrippa, at eg i dag skal forsvara meg for deg, 3for du kjenner best til alle sedvanar og spursmål hjå jødarne; difor bed eg deg å høyra på meg med tolmod! 4Min livnad like frå ungdomen, som eg frå fyrste stund hev ført millom folket mitt og i Jerusalem, kjenner alle jødarne, 5då dei fyreåt veit um meg alt frå det fyrste, um dei vil vitna, at eg livde etter det strengaste serlaget i vår gudsdyrking, som farisæar. 6Og no stend eg her og skal verta dømd for von um lovnaden som Gud gav federne, 7den som vårt tolvgreina folk med vedhaldande gudsdyrking natt og dag vonar å nå fram til; for denne von skuld, kong Agrippa, klagar jødar meg! 8Kvi vert det halde for utrulegt millom dykk, at Gud vekkjer upp daude? 9Eg for min part trudde at eg måtte gjera mykje imot nasaræaren Jesu namn; 10det gjorde eg og i Jerusalem, og eg kasta mange av dei heilage i fangehus, då eg hadde fenge fullmagt frå øvsteprestarne, og når dei skulde verta ihelslegne, røysta eg med, 11og ikring i alle synagogorne tvinga eg deim tidt med refsing til å spotta, og eg rasa endå meir imot deim og forfylgde deim endå til byarne utanlands. 12Dermed for eg då og til Damaskus med fullmagt og umbod frå øvsteprestarne; 13og midt på dagen, konge, såg eg på vegen eit ljos, som klårare enn soli stråla frå himmelen ikring meg og fylgjesmennerne mine; 14og då me alle fall til jordi, høyrde eg ei røyst som tala til meg og sagde på hebraisk mål: «Saul, Saul, kvi forfylgjer du meg? Det vert hardt for deg å spenna mot brodden.» 15Då sagde eg: «Kven er du, Herre?» Og Herren sagde: «Eg er Jesus, han som du forfylgjer! 16Men reis deg upp og statt på føterne dine! For difor synte eg meg for deg, for å kåra deg ut til tenar og vitne både um det som du hev set, og um det som eg vil syna meg med for deg, 17med di eg friar deg ut frå folket og frå heidningarne som eg sender deg til, 18at du skal opna augo deira, so dei kann venda seg frå myrker til ljos og frå Satans magt til Gud, for at dei skal få forlating for synderne og arvlut millom deim som er helga ved trui på meg.» 19Difor, kong Agrippa, var eg ikkje ulydug mot den himmelske syni, 20men forkynte fyrst for folket i Damaskus og so i Jerusalem og i heile Judæaland og for heidningarne, at dei skulde gjera bot og venda um til Gud og gjera gjerningar som høver med umvendingi. 21For desse ting skuld greip nokre jødar meg i templet og freista å taka livet av meg. 22So hev eg då fenge hjelp av Gud og stend alt til denne dagen og vitnar både for liten og stor, med di eg ikkje segjer anna enn det som profetarne og Moses hev sagt skulde koma: 23at Messias skulde lida, at han som fyrstemannen utav uppstoda av daude skulde forkynna ljos for folket og for heidningarne.» 24Men då han forsvara seg so, segjer Festus med høg røyst: «Du er frå vitet, Paulus. Din store lærdom driv deg til vitløysa.» 25Men han segjer: «Eg er ikkje frå vitet, megtigaste Festus, men talar sanne og umtenkte ord. 26For kongen veit um dette, og til honom talar eg og frimodig; for eg trur ikkje at noko av dette er ukjent for honom; for dette hev ikkje hendt i nokon avkrok. 27Trur du profetarne, kong Agrippa? Eg veit at du trur!» 28Men Agrippa sagde til Paulus: «Det skil lite på at du fær meg yvertald til å verta ein kristen.» 29Då sagde Paulus: «Anten det er lite eller mykje som skal til, vilde eg ynskja til Gud, at ikkje berre du, men og alle dei som høyrer meg i dag, måtte verta slike som eg er, berre utan desse lekkjorne. 30Då reiste kongen seg og landshovdingen og Berenike og dei som sat der med deim; 31og dei gjekk i einrom og tala med kvarandre og sagde: «Denne mannen gjer ingen ting som skulde gjera honom skuldig til daude eller lekkjor.» 32Og Agrippa sagde til Festus: Denne mannen kunde vera laten laus, um han ikkje hadde skote saki si inn for keisaren.»