1«Brør og feder! høyr det som eg no vil segja dykk til mitt forsvar!» 2Då dei høyrde at han tala til deim på det hebraiske målet, vart dei endå meir stille. So segjer han: 3«Eg er ein jøde, fødd i Tarsus i Kilikia, men uppfostra i denne byen ved Gamaliels føter, upplærd i dei strenge krav etter fedrelovi, og eg var ihuga for Gud, so som alle de er i dag; 4eg forfylgde Guds veg til dauden, lagde i lekkjor og yvergav til fangehus både menner og kvinnor, 5so som og øvstepresten og heile eldsterådet kann vitna med meg; av deim fekk eg jamvel brev med til brørne i Damaskus og for dit og vilde føra ogso deim som der var, bundne til Jerusalem, so dei skulde verta refste. 6Men det hende, då eg var på vegen og kom nær til Damaskus, då lyste det brått ved middagsleite eit sterkt ljos frå himmelen ikring meg. 7Og eg fall til jordi og høyrde ei røyst som sagde til meg: «Saul, Saul, kvi forfylgjer du meg?» 8Eg svara: «Kven er du, Herre?» Og han sagde til meg: «Eg er Jesus frå Nasaret, han som du forfylgjer.» 9Dei som var med meg, såg ljoset, men røysti av honom som tala til meg, høyrde dei ikkje. 10Då sagde eg: «Kva skal eg gjera, Herre?» Og Herren svara meg: «Statt upp og gakk inn i Damaskus; der skal det verta tala til deg um alt det som det er fyresett deg å gjera.» 11Då eg no ikkje kunde sjå for glima av det ljoset, vart eg leidd ved handi av fylgjesmennerne mine og kom inn i Damaskus. 12Og ein som heitte Ananias, ein gudleg mann etter lovi, med godt lov av alle dei jødar som budde der, 13han kom til meg og stod framfyre meg og sagde: «Saul, bror, sjå upp!» og eg såg upp på honom i same stundi. 14Og han sagde: «Vår fedregud hev valt deg ut til å vita hans vilje og sjå den Rettferdige og høyra røysti av hans munn. 15For du skal vera honom eit vitne for alle menneskje um det du hev set og høyrt. 16Og no, kva drygjer du etter? statt upp og lat deg døypa og få dine synder avtvegne, og kalla på Herrens namn!» 17Og det hende meg, då eg var komen att til Jerusalem og bad i templet, at det kom ei burtrykning på meg, 18og eg såg honom, og høyrde han sagde til meg: «Skunda deg og gakk i hast ut frå Jerusalem! for dei kjem ikkje til å taka imot vitnemålet ditt um meg.» 19Då sagde eg: «Herre, dei veit sjølve at eg sette fast og hudflengde ikring i synagogorne deim som trudde på deg. 20Og då blodet av Stefanus, ditt vitne, vart utrent, då stod eg og attved og samtykte i det og vakta klædi deira som slo honom i hel.» 21Og han sagde til meg: «Gakk! for eg vil senda deg ut til heidningfolk langt burte.»» 22Dei høyrde på honom til dette ordet; men då lyfte dei røysti og sagde: «Tak denne burt ifrå jordi! han burde ikkje få liva!» 23Då dei no skreik og reiv klædi av seg og kasta dust upp i veret, 24baud den øvste hovudsmannen at han skulle førast inn i borgi, og sagde at han skulde verta forhøyrd med hudflengjing, so han kunde få vita kvifor dei ropa soleis imot honom. 25Men då dei hadde bunde honom til slag med reimarne, sagde Paulus til hovudsmannen som stod der: «Hev de lov til å hudflengja ein romersk borgar, og det udømd?» 26Då hovudsmannen høyrde det, gjekk han til den øvste hovudsmannen og melde det og sagde: «Sjå til kva du vil gjera? for denne mannen er romersk borgar.» 27Den øvste hovudsmannen gjekk då burt til honom og sagde: «Seg meg: Er du romersk borgar?» Han svara: «Ja.» 28Den øvste hovudsmannen svara: «Eg hev kjøpt meg denne borgarretten for mange pengar.» Men Paulus sagde: «Men eg er endå fødd til honom.» 29Då gjekk dei straks frå honom, dei som skulde forhøyra honom; men ogso den øvste hovudsmannen vart rædd, då han fekk vita at han var romersk borgar, for di han hadde bunde honom. 30Men dagen etter, då han no vilde få full greida på det som jødarne klaga honom for, løyste han honom or lekkjorne og baud at øvsteprestarne og heile rådet skulde koma saman. Og han førde Paulus ned og stelte honom fram for deim.