1Og då kvitsunndagen var komen, var dei alle samla på same staden. 2Då kom det brått frå himmelen ein ljod som av ein framstormande sterk vind og fyllte heile huset der dei sat. 3Og det synte seg for deim tungor liksom av eld, som skilde seg og sette seg på kvar ein av deim. 4Då vart dei alle fyllte med den Heilage Ande, og dei tok til å tala med andre tungor, etter som Anden gav deim å tala. 5No budde det i Jerusalem jødar, gudlege menner frå alle folk under himmelen. 6Då so denne ljoden vart høyrd, kom mengdi saman og vart forfjamsa; for kvar mann høyrde deim tala på hans eige mål. 7Og dei vart forfærde og undra seg og sagde: «Høyr her, er ikkje alle desse som talar, galilæarar? 8og korleis kann me då høyra deim tala kvar på vårt eige mål, som me er fødde i, 9folk frå Partia og Media og Elam, og me som bur i Mesopotamia og i Judæa og Kappadokia, Pontus og Asia, 10Frygia og Pamfylia, Egyptarland og Libyalandet ved Kyrene, og me tilreisande frå Rom, 11både jødar og jødetruande, me frå Kreta og Arabia: me høyrer deim tala um Guds store verk på våre tungemål!» 12Men dei vart alle forfærde og rådville og sagde den eine til den andre: «Kva skal då dette vera?» 13Men andre sagde spottande: «Dei er fulle av søt vin.» 14Då stod Peter fram med dei elleve, lyfte røysti og tala til deim: «De jødiske menner og alle de som bur i Jerusalem! dette vere dykk kunnigt, og merk mine ord! 15For desse er ikkje drukne, so som de trur - det er då den tridje timen på dagen -. 16Men dette er det som er sagt gjenom profeten Joel: 17«Og det skal vera so i dei siste dagar, segjer Gud, då vil eg renna min Ande ut yver alt kjøt, og sønerne dykkar og døtterne dykkar skal tala profetord, og dei unge gutarne dykkar skal sjå syner, og dei gamle mennerne dykkar skal drøyma draumar. 18Ja, endå på trælarne mine og trælkvinnorne mine vil eg renna ut av min Ande i dei dagarne, og dei skal tala profetord. 19Og eg vil syna under på himmelen i det høge og teikn på jordi i det låge: blod og eld og røykdimma. 20Soli skal verta til myrker og månen til blod, fyrr Herrens dag kjem, den store og herlege. 21Og det skal vera so at kvar den som kallar på Herrens namn, han skal verta frelst.» 22Israelitiske menner, høyr desse ordi: Jesus frå Nasaret, ein mann som av Gud var stadfest for dykk ved velduge gjerningar og under og teikn, som Gud gjorde ved honom midt imillom dykk, so som de og sjølve veit, 23han som vart yvergjeven etter Guds fastsette rådgjerd og fyrevitende, honom tok de og krossfeste med urettferdigt folks hender og slo honom i hel; 24men Gud uppreiste honom med di han løyste daudens rider, av di det ikkje var mogelegt at han kunde verta halden fast av honom. 25For David segjer um honom: «Eg hadde alltid Herren framfor augo mine; for han er ved mi høgre hand, so eg ikkje skal verta rikka. 26Difor gledde mitt hjarta seg, og mi tunga fagna seg; ja endå mitt kjøt skal kvila trygt i von; 27for du skal ikkje yverlata mi sjæl i helheimen og ikkje lata din heilage sjå undergang. 28Du hev kunngjort meg livsens vegar; du skal fylla meg med fagnad for di åsyn.» 29Brør! lat meg tala beint ut til dykk um patriarken David, at han både døydde og vart gravlagd, og hans grav er hjå oss den dag i dag. 30Då han no var ein profet, og visste det som Gud hadde svore ved ein eid, at han av frukti utav hans lend vilde setja ein på hans kongsstol, 31so tala han framsynt um Messias’ uppstoda det ordet at han ikkje vart yverlaten i helheimen, og ikkje heller hans kjøt såg undergang. 32Denne Jesus reiste Gud upp, som me alle er vitne um. 33Då han no er upphøgd ved Guds høgre hand og av Faderen hev fenge den Heilage Ande som var lova, so hev han rent dette ut, som de både ser og høyrer. 34For David for ikkje upp til himmelen; men han segjer: «Herren sagde til min Herre: «Set deg ved mi høgre hand, 35til dess eg fær lagt dine fiendar til skammel under dine føter!»» 36So skal då heile Israels hus vita for visst, at Gud hev gjort honom både til Herre og til Messias, denne Jesus som de krossfeste.» 37Men då dei høyrde det, gav det som ein styng i hjarta deira, og dei sagde til Peter og dei andre apostlarne: «Brør, kva skal me gjera?» 38Men Peter sagde til deim: «Vend um, og kvar av dykk late seg døypa på Jesu Kristi namn til forlating for synderne, og de skal få den Heilage Ande til gåva! 39For lovnaden høyrer dykk til og dykkar born og alle deim som er langt burte, so mange som Herren, vår Gud, kallar til.» 40Og med mange andre ord vitna han og lagde deim det på hjarta og sagde: «Lat dykk frelsa frå denne rangsnudde ætti!» 41Dei som no tok imot hans ord, dei vart døypte, og den dagen vart det lagt til umkring tri tusund sjæler. 42Og dei heldt trutt fast ved læra åt apostlarne og samfundet og brødbrjotingi og bønerne. 43Og der kom otte på kvar sjæl, og det vart gjort mange under og teikn ved apostlarne. 44Og alle dei truande heldt seg saman og hadde allting til sameiga. 45Og eigedomarne sine og godset selde dei og skifte det ut til alle, etter som nokon hadde trong til. 46Og kvar dag søkte dei samheldigt templet og braut brødet heime og fekk seg føda med fagnad og hjartans einfelde, 47medan dei lova Gud og hadde ynde hjå alt folket. Men kvar dag lagde Herren til kyrkjelyden deim som let seg frelsa.