1Og det kom nokre ned frå Judæa og lærde brørne: «Dersom de ikkje vert umskorne etter Mose sedvane, so kann de ikkje verta frelste.» 2Då der no vart strid, og Paulus og Barnabas kom i ikkje so lite ordskifte med deim, tok dei den råd at Paulus og Barnabas og nokre andre av deim skulde fara upp til apostlarne og dei eldste i Jerusalem for dette spursmålet skuld. 3Kyrkjelyden fylgde deim eit stykke på veg, og so drog dei gjenom Fønikia og Samaria og fortalde um korleis heidningarne hadde vendt um; og dei gjorde alle brørne stor gleda. 4Og då dei nådde fram til Jerusalem, vart dei fagna av kyrkjelyden og apostlarne og dei eldste, og dei fortalde kor store ting Gud hadde gjort ved deim. 5Men det reiste seg nokre av farisæarflokken som hadde teke ved trui, og sagde: «Ein må umskjera deim og påleggja deim å halda Mose lov.» 6Apostlarne og dei eldste kom då saman og skulde rådleggja um denne saki. 7Då det so vart eit kvast ordskifte, stod Peter upp og sagde til deim: «Brør! de veit at Gud for lenge sidan gjorde det utval millom dykk, at ved min munn skulde heidningarne få høyra ordet um evangeliet og koma til trui. 8Og Gud, som kjenner hjarto, han vitna for deim, då han gav deim den Heilage Ande liksom oss; 9og inkje skil gjorde han på oss og deim, med di han ved trui reinsa hjarto deira. 10Kvi freistar de då Gud no med å leggja på nakken til læresveinarne eit ok som korkje federne våre eller me orka å bera? 11Men ved Herren Jesu nåde trur me at me vert frelste, på same måten som dei.» 12Då tagde heile mengdi, og dei høyrde på Barnabas og Paulus, som fortalde kor store teikn og under Gud hadde gjort millom heidningarne ved deim. 13Og då dei hadde slutta å tala, tok Jakob til ords og sagde: «Brør, høyr på meg! 14Simeon hev fortalt korleis Gud frå det fyrste såg til å få seg eit folk av heidningar for sitt namn. 15Og med dette samstavast profetordi, so som det stend skrive: 16«Deretter vil eg venda tilbake og byggja upp att Davids nedfalne hytta, og det som er nedrive av henne, vil eg byggja upp att, og nyreisa det, 17so dei andre menneskje skal søkja Herren, ja, alle heidningfolki som mitt namn er nemnt yver,» segjer Herren, som gjer dette, 18som han veit um frå æveleg tid. 19Difor dømer eg at ein ikkje skal tyngja deim av heidningarne som umvender seg til Gud, 20men skriva til deim at dei skal halda seg frå ureinskap ved avgudar og frå hor og frå det som er strøypt og frå blod. 21For Moses hev frå gamle dagar i kvar by deim som forkynner honom, då han vert upplesen i synagogorne kvar kviledag.» 22Då vedtok apostlarne og dei eldste saman med heile kyrkjelyden å velja ut menner millom seg og senda deim til Antiokia med Paulus og Barnabas: det var Judas, med tilnamnet Barsabbas, og Silas, som var høgvyrde menner millom brørne. 23Og dei skreiv dette med deim: «Apostlarne og dei eldste og brørne helsar brørne av heidningarne i Antiokia og Syria og Kilikia. 24Etter di me hev høyrt at nokre som er komne frå oss, hev skræmt dykk upp ved sin tale og uroa sjælerne dykkar - me hev ikkje gjeve deim noko pålegg - 25so hev me samrådde vedteke å velja ut nokre menner og senda deim til dykk saman med våre kjære brør Barnabas og Paulus, 26menner som hev våga livet sitt for vår Herre Jesu Kristi namn. 27Me hev då sendt Judas og Silas, som og munnleg skal kunngjera det same. 28For den Heilage Ande og me hev vedteke at me ikkje vil leggja nokor byrd på dykk utyver desse naudturvelege ting: 29at de held dykk frå avgudsoffer og blod og det strøypte og hor; og de vil finna dykk vel ved å vara dykk for desse ting. Liv vel!» 30Då no desse var sende av stad, kom dei til Antiokia, og dei kalla heile kyrkjelyden saman og gav deim brevet. 31Då dei hadde lese det, vart dei glade yver den trøysti. 32Judas og Silas, som sjølv var profetar, trøysta brørne med mange ord og styrkte deim, 33og då dei hadde vore der ei tid, let brørne deim fara med fred til deim som hadde sendt deim. 34Silas rådde seg til å vera der. 35Men Paulus og Barnabas drygde i Antiokia og lærde og forkynte Herrens ord ved evangeliet saman med mange andre. 36Men etter nokre dagar sagde Paulus til Barnabas: «Lat oss gjera ferdi upp att og sjå til våre brør i kvar by der me forkynte Herrens ord, korleis dei hev det!» 37Barnabas rådde til å taka Johannes med, som var kalla Markus. 38Men Paulus tykte ikkje dei skulde taka honom med, som hadde skilt seg frå deim i Pamfylia og ikkje gjenge med deim til deira gjerning. 39Det kom då til ein kvass strid, so dei skildest frå kvarandre, og Barnabas tok Markus med seg og siglde av til Kypern. 40Men Paulus valde Silas til fylgjesvein og drog ut etter at brørne hadde gjeve honom yver til Herrens nåde. 41Og han for gjenom Syria og Kilikia og styrkte kyrkjelydarne.