1Men dette skal du vita, at i dei siste dagar skal det koma vande tider. 2For folk skal vera sjølvkjære, pengekjære, storordige, stormodige, spottsame, ulyduge mot foreldre, utakksame, vanheilage, 3ukjærlege, upålitande, baktalande, umåtelege, umilde, utan kjærleik til det gode, 4svikefulle, framfuse, ovmodige, slike som elskar lysterne sine meir enn Gud, 5som hev skin av gudlegdom, men forneittar hans kraft. Vend deg frå desse! 6For til deim høyrer dei som snikjer seg inn i husi og fangar kvinnfolk som er tyngde med synder og vert drivne av mangeslag lyster 7og alltid lærer og aldri kann koma til å kjenna sanningi. 8Som Jannes og Jambres stod imot Moses, so stend dei og imot sanningi, menneskje som er øydelagde i hugen, duglause i trui. 9Men dei skal ikkje koma lenger; for deira fåvit skal verta audsynt for alle, liksom det og vart med hine. 10Men du hev fylgt etter mi læra, mi ferd, mitt forset, mi tru, mitt langmod, min kjærleik, mitt tolmod, 11mine forfylgjingar, mine lidingar, slike som møtte meg i Antiokia, i Ikonium, i Lystra; slike forfylgjingar hev eg halde ut, og Herren hev fria meg ut or deim alle. 12Og alle som vil liva gudleg i Kristus Jesus, skal verta forfylgde. 13Men vonde menneskje og slike som kverver syni på folk, gjeng fram til det som er verre, med di dei fører vilt og fer vilt. 14Men du, vert du standande i det som du hev lært, og som du er yvertydd um, då du veit kven du hev lært det av, 15og då du alt frå barndomen kjenner dei heilage skrifter som kann gjera deg vis til frelsa ved trui på Kristus Jesus. 16Heile skrifti er innanda av Gud og er dugleg til lærdom, til yvertyding, til rettleiding, til uppseding i rettferd, 17so gudsmannen kann verta fullkomen, dugleg til all god gjerning.