1Ei tid deretter vann David yver filistarane og lagde deim under seg. David fekk dermed teke taumarne yver hovudstaden utor henderne på filistarne. 2So vann han yver moabitarne; deim mælte han med ei snor, det vil segja: han let deim leggja seg ned på marki, og mælte med tvo snorlengder deim som skulde lata livet, og med ei snorlengd deim som skulde liva. Moabitarne vart David undergjevne og laut leggja skatt. 3Dessutan vann David yver Soba-kongen Hadadezer Rehobsson, då han for i herferd og vilde tøygja magti si alt til Storelvi. 4David tok syttan hundrad hestfolk og tjuge tusund fotfolk. Og David let skjera sund hasarne på alle vognhestarne, sparde berre hundrad hestar. 5Då Syria-folket frå Damaskus kom Soba-kongen Hadadezer til hjelp, slo David tvo og tjuge tusund Syria-menner. 6David sette hervakter yver syrarane i Damaskus, og Syria-folket vart David undergjevne og laut leggja skatt. Soleis gav Herren David siger kvar helst han for fram. 7David tok dei gylte skjoldarne som Hadadezer-folki hadde bore, og førde til Jerusalem. 8Og frå Hadadezer-byarne Betah og Berotai tok kong David store mengder av kopar. 9Då Hamat-kongen To’i frette at David hadde vunne yver heile Hadadezer-heren, 10sende han Joram, son sin, til kong David til å helsa på honom og ynskja honom til lukka med krigen mot Hadadezer og med sigeren yver honom - for Hadadeser hadde jamt ført krig mot To’i - og han hadde med seg kostnadting av sylv, av gull og av kopar. 11Kong David vigde deim og til Herren, like eins som han hadde gjort med sylvet og gullet frå folki han hadde lagt under seg: 12frå syrarane, moabitarne, ammonitarne, filistarane og amalekitarne; like eins med herfanget frå Soba-kongen Hadadezer Rehobsson. 13Då David kom heim etter sigeren yver syrarane, auka han frægdi si med di han slo attan tusund mann i Saltdalen. 14Han sette hervakter yver Edom; i heile Edomlandet sette han vakter; og alle edomitarne vart David undergjevne. Soleis gav Herren David siger kvar helst han drog fram. 15David var no konge yver heile Israel. Og David skipa lov og rett for heile folket sitt. 16Joab Serujason var øvste herhovding. Josafat Ahiludsson var kanslar. 17Sadok Ahitubsson og Ahimelek Abjatarsson var prestar. Og Seraja var riksskrivar. 18Benaja Jojadason var hovding yver livvakti. Sønerne åt David var prestar.