1Dette er Davids siste ord: «So lyder ordi frå David, Isaisonen, so lyder ordi frå mannen som vart upphøgd, han som Jakobs Gud hev salva, Israels ljuvlege songmeister: 2Herrens Ande hev tala i meg, ordi hans er på tunga mi. 3Israels Gud hev tala so, Israels berg hev sagt til meg: Den som råder og gjer rett millom menn, den som rikjer i otte for Gud; 4han likjest på dagsprett når soli renn, ein morgon forutan skyer, når graset grønkast i sol etter regn. 5Er det ’kje so med mitt hus hjå Gud? Han gjorde ævelegt samband med meg, feste og trygde meg heilt og fullt. Ja, alt som vert meg til frelsa og gleda, det let han visseleg veksa åt meg. 6Men uvyrdor likjest alle på utkasta tornar, ein vil ikkje taka i deim med hender. 7Lyt ein røra deim væpnar ein seg med jarn og med spjotskaft; so set ein eld på deim og brenner deim på flekken.» 8Dette er namni på dei djervaste stridsmennerne åt David: Joseb-Bassebet, tahkmoniten, den fremste av kjemporne, han som svinga spjotet yver åtte hundrad falne på ein gong. 9Næst honom kom Eleazar, son åt Dodi, son åt ein ahohit. Han var ein av dei tri stridsmennerne som var med David, då filistarane samla seg til strid og svivyrde deim då Israels-mennerne drog seg attende. 10Men han heldt stand og hogg laust på filistarane, til dess handi hans trøytna, so ho trena i hop kring sverdet. Og Herren gav ein stor siger den dagen. Etterpå hadde folket berre å snu um og fylgja med honom og plundra. 11Næst honom kom Samma, son åt Age, ein hararit. Ein gong stemnde filistarane i hop og vart til ein heil flokk. Der var ein åkerteig full av linsor. Folket rømde for filistarane. 12Då tok han post midt på åkerteigen og verna honom, og slo filistarane. Herren gav ein stor siger. 13Ein gong drog tri av dei tretti fremste kararne ned, og kom i skurdonni til David i Adullams-helleren, medan ein filistarflokk låg i læger i Refa’imsdalen. 14David var då i fjellborgi, samstundes med at ein filistarpost låg i Betlehem. 15David fekk slik hug og sagde: «Gjev einkvan vilde gjeva meg vatn å drikka frå brunnen ved byporten i Betlehem!» 16Då braut dei tri stridsmennerne seg gjenom filistarlægret, auste vatn or brunnen ved byporten i Betlehem og bar det til David. Men han vilde ikkje drikka det, men helte det ut for Herren. 17For han sagde: «Aldri i verdi, Herre, vil eg gjera dette! Skulde eg drikka blodet av dei mennerne som gjekk av stad og våga livet sitt?» Og han vilde ikkje drikka det. - Sovore hadde dei tri stridsmennerne gjort. 18Abisai, bror åt Joab Serujason, var den fremste av tri andre. Ein gong svinga han spjotet sitt yver tri hundrad falne. Han hadde eit stort namn millom dei tri; 19han var visseleg meir vyrd enn nokon annan i dette trimannslaget; og han var hovding yver dei hine. Men upp til dei tri fyrste nådde han ikkje. 20Benaja Jojadason var son til ein djerv og dådrik mann frå Kabse’el. Han slo dei tvo Ariel i Moab. Det var han som steig ned ein snøversdag og drap løva i brunnen. 21Han drap og den egyptaren som var so sjåleg. Endå egyptaren hadde spjot i hand, gjekk han på honom berre med ein stav. Han reiv spjotet ut or handi på egyptaren og drap honom med hans eige spjot. 22Sovore hadde Benaja Jojadason gjort. Han hadde eit stort namn millom dei tri stridsmennerne. 23Han var meir vyrd enn nokon av dei tretti. Men upp til dei tri nådde han ikkje. David sette honom inn i livvakti si. 24Til dei tretti høyrde: Asael, bror åt Joab, Elhanan Dodoson frå Betlehem, 25Samma frå Harod, Elika frå Harod, 26Heles, paltiten, Ira Ikkesson frå Tekoa, 27Abiezer frå Anatot, husatiten Mebunnai, 28ahotiten Salmon, netofatiten Maharai, 29netofatiten Heleb Ba’anason, Ittai Ribaison frå Gibea i Benjamins-ætti, 30Benaja, ein piratonit, Hiddai frå Ga’asdalarne, 31arbatiten Abi-Albon, barhumiten Azmavet, 32sa’alboniten Eljahba, Bene-Jasen, Jonatan, 33harariten Samma, arariten Ahiam Sararsson, 34Elifelet, son åt Ahasbai, son åt ma’akatiten, Eliam Ahitofelsson frå Gilo, 35Hesro frå Karmel, arbiten Pa’arai, 36Jigal Natansson frå Soba, gaditen Bani, 37ammoniten Selek, be’erotiten Naharai, våpnsveinen åt Joab Serujason, 38jitriten Ir, jitriten Gareb, 39hetiten Uria. I alt var dei sju og tretti.